Blindern: Frederikke-plassen en tidlig vårkveld. Arkivfoto: Aleksander Myklebust

Kva hender når ein student døyr?

Nokon gonger hender det som ikkje skal henda, og eit ungt menneske døyr. Korleis handterer institusjonane for høgare utdanning det når dei mistar ein student?

Publisert Sist oppdatert

Når ein student døyr

  • Det finnast ikkje tal på kor mange studentar som døyr årleg, men i 2014 døydde 168 menneske i aldersgruppa 20-29 år, som er den typiske studentalderen. Kjelde: Statistisk sentralbyrå
  • Alle institusjonar for høgare utdanning har retningsliner for korleis dei skal handtera dødsfall blant studentar.
  • Dersom ein student døyr, slettar Lånekassa heile studielånet. Dette er ei særordning som berre gjelder studielån, i andre tilfelle må den eller dei som arvar den avdøde også arva gjelda til den avdøde.
  • # Kjelde: Statens Lånekasse

Død er eit vanskeleg tema, uansett kven det rammar. Det er spesielt vanskeleg når unge menneske døyr, fordi det ikkje berre er eit liv som går tapt, men ei framtid. Når ein student døyr blir tapet av ei framtid enno tydelegare, fordi ein student har lagt ut på eit utdanningslaup som er tenkt å leda ein stad inn i framtida. Så kva skjer så, når tragedien inntreffer og ei framtid går tapt?

Få dødsfall

I 2014 døydde 168 menneske i alderen 20-29 år, i følgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Ikkje alle desse var studentar, men nokon av dei var det. Nokon etterlet seg ein tom plass på førelesingssalen, og nokon mista ein nær ven eller måtta klara seg utan ein kollokviekompis.

– Heldigvis skjer det ikkje så ofte at studentar døyr, seier studiedirektør ved Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA), Marianne Brattland. Ho trur det har skjedd to gonger dei siste to åra på Høgskulen, men HiOA er godt førebudd når tragedien fyrst inntreffar.

– Me har det ein kallar ein psykososial plan, så me har ei rutine me følgjer. Me informerer dei tilsette og studentane, og arrangerer ein minnestund for den avdøde, fortel HiOAs studiedirektør.

Søkjer felleskap i sorga

Båe HiOA og Universitetet i Oslo (UiO) har studentprestar på campus. Dei blir ekstra viktige når ein student har døydd.

– Me studentprestar er oppteke av at informasjon om dødsfall formidlast til studentane, og at medstudentane til den avdøde blir teke vare på på ein god måte, seier studentprest ved HiOA, Halvor Berg Hovind.

Han og kollegaene hans hjelper til med å organisera ein minnestund for dei etterlatne, studentar og tilsette som ynskjer å markera dødsfallet, og gjer seg også tilgjengelege for samtaler med dei pårørande studentane i etterkant av minnestunda. For nokon blir sorga tung å bera.

– Felleskapet mellom studentane er viktig i ein slik situasjon, fortel Hovind.

Ein koffert for minna

– Sjølve minnestunda er det fakultetet og klassa som tek ansvar for, fordi vi vil at det skal vere så nære dei det gjeld som mogeleg, forklarar studiedirektør Brattland. Kvart fakultet har ein koffert med utstyr som ein kan trenga for å avhalda ei minnestund. Den inneheld blant anna lys, lysestakar og dukar.

Studentane får også informasjon om kor dei kan venda seg dersom dei skulle trenge meir oppfølging.

– Dei blir båe opplyst om mogelegheitene for samtalar med studentprestane, og om samtaletilboda i SiO Helse, seier Brattland.

Studentinitiativ

UiO har liknande rutinar som HiOA, men det er ikkje alltid dei arrangerer minnestund.

– Det er situasjonsavhengig og blir vurdert ut ifrå kvart enkelt tilfelle, fortel Anne Bergfall, som er rådgivar ved seksjon for kommunikasjon og studentinformasjon på UiO.

Faktorar som spelar inn på avgjerda om ein skal arrangere minnestund, er når på året studenten har døydd, og om nokon ytrar eit behov for eit slikt arrangement.

– Initiativ til minnestunda kjem ofte frå medstudentar, eller andre partar, til dømes ein studentforeining som avdøde var aktiv i, forklarar Bergfall. Ho presiserer at ressursgruppa, som består av psykologar, sosionomar og prestar, då vil vera behjelpelege.

Klassekjensle spelar ei rolle

UiO har altså ikkje ein koffert med ting som ein kan bruke i ei minnestund ståande på kvart fakultet, slik som HiOA har. Studiedirektør på HiOA, Marianne Brattland, trur det kan vere fordi det ikkje er like sterk «klassekjensle» på UiO som på HiOA, så ein minnestund ikkje alltid oppfattast som nøvendig. Heller ikkje på Handelshøgskulen BI (BI) finnast det ein slik koffert. Rutinane dykkar liknar UiO sine.

– Me har ein beredskapsplan ved dødsfall, men kvart tilfelle krev at me brukar skjønn og utøvar omsorg for dei som treng det, anten dei er mange eller få, seier studentprest på BI, Bjørn Eirik Bjerkreim-Bentzen.

Powered by Labrador CMS