SJØLVE LIVET: Lene Stokken Høydahl driv med molekylærbiologi – eit av fagfelta som er tatt inn under livsvitskap, og kan kombinerast med usannsynlege partnarar som lingvistikk og filosofi.

Livets harde universitet

UiO skal forska på sjølve livet, og legg inn 200 millionar over budsjett, på ei satsing det er vanskeleg å forklara kva er. Er livsvitskap verd kronene?

Publisert Sist oppdatert

Gode idéar kjem kanskje ved kaffimaskina. Det skjer ikkje nødvendigvis på dei store seminara.

Shuo Wang Qiao, førsteamanuensis ved det medisinske fakultet

Livsvitskap:

  • Livsvitskap er den største satsinga til UiO nokon gong.
  • Dei neste fem åra får livsvitskapen 200 millionar kroner utover fakulteta sine vanlege budsjett til satsinga.
  • I 2022 skal livsvitskapen inn i Noregs største enkeltståande universitetsbygg, som blir bygd no. Der skal 1000 forskarar og 1600 studentar halda til.
  • Det er vanskeleg å definera kva livsvitskap er i ein setning, og det er litt av poenget. Satsinga handlar meir om å sprenga grenser enn å laga dei, ifølgje styreleiar Svein Stølen.

- Kva er livsvitskap?

– Det spørsmålet blir eg stilt med jamne mellomrom. Nokre gonger lukkast eg godt med definisjonen, og andre gonger ikkje. No gjekk det heilt i svart, svarar Inger Sandlie. Ho er professor ved Senter for immunregulering – og jobbar med andre ord med immunsystemet vårt. Ho er knytt til det matematisk-naturvitskaplege fakultetet (mat-nat).

– Seier eg læren om livet, blir det heilt meiningslaust. Men slik UiO definerer det i dag handlar det om tverrfagleg forsking på kjemi, fysikk, biologi, farmasi og medisin, og i aukande grad med innslag av rekneverktøy som informatikk og statistikk, legg ho til.

Fleire fag er også med. Livsvitskapen er den største satsinga til Universitetet i Oslo nokon gong. Satsinga skal få 200 millionar kroner utover fakulteta sine ordinære budsjett dei neste fem åra. I tillegg er arbeidet med det som skal bli det største enkeltståande universitetsbygget i landet i gang. Det skal stå klart i 2022, og vera på 66 700 m2. Men det kan vera vanskeleg å sjå kva pengane går til ved første augekast.

I same etasje som Inger Sandlie har sitt kontor på Rikshospitalet, sit Ludvig M. Sollid og Shuo Wang Qiao. Dei kjem frå det medisinske fakultetet, og har ein annan bakgrunn enn Sandlie. Likevel driv dei med livsvitskap. Sollid har mellom anna jobba med cøliaki, og kva som forårsakar det – eit arbeid som fekk mykje merksemd tidlegare i sommar. Begge tenkjer seg litt om og ser litt opp i lufta før dei prøver å forklara kva livsvitskap er.

GODT BUDD: – Livsvitskap har vore ein del av UiO heile tida. Når bygget kjem, har me noko å fylla det med. Bygget kjem på ingen måte brått på oss, me er godt budde, seier Inger Sandlie, ein av dei fremste forskarane i livsvitskapen.

– Det er ganske breitt. Det kan definerast frå føremålet – å forstå kva som er liv på denne kloden, seier Shuo Wang Qiao først.

– Men ofte tenkjer ein meir på menneskehelsa, og alt som kan hjelpa med å behandla menneskelege tilstander. Då dekkjer ein dei fleste felt, legg ho til.

Slik det skal vera

Forvirra? Du er ikkje åleine. Mange har prøvd å definera livsvitskapen kort og greitt, utan at det blir heilt tydeleg. Slik skal det også vera, om me skal tru Svein Stølen, som er styreleiar for UiO: Livsvitenskap.

– Det er ein definisjon som er jobba litt med. Det er litt brått å ta det på sparket, for den er ganske komplisert, seier Stølen. Forklaringa hans støttar opp under det Inger Sandlie og Shuo Wang Qiao seier – poenget er at ulike fakultet, og med det forskarar med ulik bakgrunn og ulike idéar, skal samlast.

Det handlar om å fjerna grensene for kva ein kan gjera med forskinga, meir enn å setta klare definisjonar på kva ein faktisk skal gjera. Slik skal UiO utretta store ting.

Store ting?

Premisset for livsvitenskap er spennande – og metodane er, fornuftig nok, ikkje avgrensa noko særleg. Men målet kan sjå litt frynsete ut frå utsida – som Inger Sandlie seier, er det meiningslaust å sei at livsvitskap er læren om livet.

– Livsvitskap handlar om miljø, medisin og energi, forklarar ho vidare på kontoret sitt på Rikshospitalet. Ho fortel til dømes korleis livsvitskap kan vera ein veg til å forstå korleis me kan laga effektive biodrivstoff – eit steg på vegen til å løysa energikrisa.

I ein lab nokre meter unna Sandlie sitt kontor, står Kine Sand og Jeannette Nilsen. Dei jobbar under Sandlie – også med prosjekt som kan reknast som livsvitskap. Når dei møter Universitas, står dei i eit rom fullt av utstyr som ikkje umiddelbart gir meining for ein journalist og ein fotograf utan vektpoeng i realfag. På det som ser ut som ei kjøkenvekt står eit litermål med ei blank væske med ein malstraum i midten. I hendene til Jeannette Nilsen ligg ein firkant av plastikk, med ein del sirklar i seg – nokon av sirklane har ein sterk oransje farge, andre er heilt klare.

Nilsen og Sand forklarar – og sjølv om detaljane blir litt kompliserte til å gjengi på trykk, var målet klart. Dei skal sørga for at medisin held seg lengre i kroppen, så ein slepp å ta nye piller fleire gonger om dagen. På vegen spelar både medisin, biologi, kjemi og matematikk ei rolle.

Sandlie gir også eit anna døme – der samarbeidet strekker seg lenger. Filosofane, seier ho, ser på biologien for å forstå kvifor me gjer det me gjer. Lingvistane ser på hjernen for å sjå om alle språk har noko til felles.

Sci-fi på ekte

At livsvitskap har blitt den store satsinga til UiO, har ikkje skjedd over natta, fortel Sandlie.

EIN MILLION: Denne maskina kostar ein million kroner. På Rikshospitalet står det to av dei i dag. Utstyr med slike prislappar blir det mykje av i livsvitskapen.

– Livsvitskap har vore ein del av UiO heile tida. Når bygget kjem, har me noko å fylla det med. Bygget kjem på ingen måte brått på oss, me er godt budde.

Det store bygget dei snart skal få skal også vera heimen til veldig dyrt utstyr. Noko av det er allereie på plass på Rikshospitalet, og prislappen er ein viktig grunn til satsinga på livsvitskap, ifølgje Ludvig M. Sollid.

– Det som ligg bak den nye interessea for livsvitskap er at verktøya, om du jobbar med torsk eller menneskjer, er mykje det same. Kunnskapen du genererer innan eit felt kan du fort ha med i eit anna felt, seier Sollid, og forklarar kva den teknologiske utviklinga har betydd.

Overraskande nøkternt seier han at det som før var science-fiction er realitet i dag. At så mykje har skjedd med teknologien og prisen at maskinene ikkje kan drivast av ei enkelt gruppe. Slik blir det også meir naturleg å samarbeida, seier han.

Shuo Wang Qiao er einig, og utdjupar.

PRISEN FOR FORSKING: Shuo-Wang Qiao og Ludvig M. Sollid seier begge at den nye teknologien – og prislappen som følgjer med – er mykje av grunnen til at det blir satsa på livsvitskap.

– Om UiO skal halda seg på høgden internasjonalt må investeringane gjerast på ein eller annan måte – det ville skjedd med eller utan eit sentralt bygg.

Ho viser oss rundt i gangane på Rikshospitalet, der mykje av arbeidet med livsvitskap blir gjort i dag. I eit av romma står to store maskiner – dei har ein prislapp på rundt ein million kroner kvar, anslår Shuo Wang. I etasjen under står eit flowcytometer, som isolerer ei enkelt celle og sender det vidare. Prislappen er på rundt to millionar. Men eit sentralt bygg har fleire fordelar enn å spara pengar på utstyret.

– Gode idéar kjem kanskje ved kaffimaskina, og det blir enklare når ein sit saman. Det skjer ikkje nødvendigvis på dei store seminara, seier Shuo Wang Qiao.

Powered by Labrador CMS