Kampen om Øyafestivalen

Arkitektkonkurransen 120 Hours starta på Arkitekthøgskolen, og er i år eit samarbeid med Øyafestivalen. Dei påmelde er frå 83 land, og ser den som ein sjanse til å få jobb i Noreg.

Publisert

120 timar er alt studentdeltakarane får til å teikna ein ny møteplass for Øyafestivalen.

Det er årets oppgåve i arkitektkonkurransen 120 Hours, som vart starta på Arkitektur- og designhøgskolen (AHO) i Oslo for fire år sidan.

I år melde 1600 lag frå 83 land seg på konkurransen, som hadde leveringsfrist laurdag. Årets konkurranse er eit samarbeid med Øyafestivalen, som har flytta til nye områder i Tøyenparken.

Umiddelbar prosess

Blant dei 1600 laga som er påmelde, er Kaja Skaskiewicz (23), Øivind Haaland (33) og Børre Mølstad (35), som alle er studentar på AHO. Med så brei konkurranse frå heile verda har dei ingen ambisjonar om å vinna, men den unike utfordringa var freistande nok i seg sjølv.

– Det er ein god anledning til å pynta på porteføljen, først og fremst. Og så fekk me endeleg ein sjanse til å jobba saman på eit prosjekt, fortel Kaja.

Resultatet som skal leverast inn til juryen, byrjar å ta form, men dei tre arkitektstudentane ser for seg ei lang natt. Nøyaktig kva konseptet deira er, kan dei ikkje visa – då risikerer dei å bli diska frå konkurransen, som har anonyme bidrag som eit krav.

Gode norske forhold

Antal påmelde er meir enn dobla sidan fjoråret, og auken var så kraftig at nettsidene braut saman då oppgåva først vart lagt ut. Ein grunn til auken kan vera ein solid jobbmarknad for arkitektar i Noreg, medan fleire tusen ferdigutdanna arkitektstudentar går utan jobb nedover Europa grunna finanskrisa. Det er noko deltakar Joanna Baszy?ska frå Polen opplever.

«Dersom dette kan vera ein sjanse til å få ein jobb i Norge, er det veldig motiverande»

Joanna Baszyn´ska, deltakar frå Polen.

– Dersom dette kan vera ein sjanse til å få ein jobb i Norge, er det veldig motiverande. Her i Polen er moglegheitene dårlege, og storparten av dei nyutdanna venene mine har enten flytta utanlands eller leiter etter jobb endå, fortel Baszy?ska.

Bratt kurve

Juryen som skal bedømma forslaga som kjem inn, består blant anna av ei rekke anerkjende arkitektar frå ulike land, ein studentrepresentant frå AHO, representantar frå Øyafestivalen og Hans Martin Halleraker, ein av grunnleggarane av konkurransen.

– Eg trur me fylte eit tomrom. Allereie første året fekk me mykje interesse her heime, og no er det arkitektprofessorar i New York som oppfordrar studentane sine til å melda seg på, seier Halleraker.

– Er moglegheita for ein jobb i Norge ekstra motiverande?

– Det kan vera mange som tenkjer slik, ja. Å vinna denne konkurransen er definitivt ein god jobbsøknad.

Miljø i fokus

Miljøsjef for Øyafestivalen, Julie Forchhammer, sit og i juryen.

– Me hadde ingen planar om å leiga inn arkitektteam for å laga nye festivalinstallasjonar, så 120 Hours er ein nyskapande gavepakke for oss, seier ho.

Som miljøsjef legg ho ekstra vekt på miljøaspektet som ligg i oppgåva.

– Publikumet vårt har eit langt større miljøengasjement enn snittet, så om me får sjansen til å både trigga den interessa og bidra med nye bærekraftige idear for festivalar og utendørsarrangement, så har me fått delta i noko stort.

På toppen av miljøkriteriet krev oppgåva at bidraga er både oppsiktsvekkande og nyskapande. Det er og eit ønskje om at prosjektet skal vera gjennomførbart for festivalen, som håpar å få sett opp vinnarbidraget midt på festivalområdet i august dersom økonomien tillet det. Vinnaren vert kåra 8. mars.

– Er dette ein moglegheit for Øyafestivalen til å henta inn gratis arkitekthjelp?

– Det er jo ein viss sjanse for at sjølve bygginga av eit av forslaga vil kosta meir enn å berre setja opp eit standard kvitt festivaltelt, så me er ikkje akkurat med på dette for å spara pengar, fortel Forchhammer.

Powered by Labrador CMS