Jurymedlem: Jon Michelet

– Tenn meg!

Jon Michelet, Siss Vik, Kristin Spitznogle og Morten Ramm avgjer kven som vinn årets erotiske novellekonkurranse.

Publisert Sist oppdatert
Jurymedlem: Siss Vik
Jurymedlem: Morten Ramm
Jurymedlem:Kristin Spitznogle

Kriterie:

  • Student- og joletema (obligatorisk)
  • Originalitet
  • Pirre-faktor
  • Maks 6000 teikn med mellomrom
  • Det er tillatt å skriva under pseudonym
  • Sendast til universitas@universitas.no seinast mandag 19. november
  • Premien er to festivalpass til neste års Øya-festival, og novella på trykk i Noregs største studentavis.

Etter mykje press frå Universitas sine lesarar er den årlege erotiske novellekonkurranse i gang igjen. Tema for årets konkurranse er «jol» og «student», og bidraga vert vurdert av ingen ringare enn Jon Michelet, Siss Vik, Morten Ramm og Kristin Spitznogle.

Premien for årets konkurranse er to festivalpass til neste års Øyafestival, og novella på trykk i årets siste nummer av Universitas.

– Stryk unødvendig puling

Forfattar Jon Michelet har lang tids erfaring med erotisk skrivekunst. Han har eit mantra å komma med til årets novelleforfattarar.

– Ei god erotisk novelle er noko ein får tenning av. Ei dårleg erotisk novelle er noko ein ikkje blir kåt av. Så enkelt er det, seier han.

For at Michelet skal bli kåt av det han les, treng han ikkje å få forklart alt som skjer i akta.

– Min forlagsredaktør gav meg eit råd i forbindelse med min siste roman. Ho sa: «Jon, stryk unødvendig puling». Men ein kan samtidig diskutera kva som er unødvendig i den kategorien, men ein må kunna sjå det for seg utan å nødvendigvis få alt i detalj, seier han.

– Latter truar kåtheita

Siss Vik, litteraturviter og programleiar i «Bokprogrammet» på NRK2, er godt kjend med erotisk litteratur. Ho meiner at god erotisk litteratur er sjeldan vare.

– Det er vanskeleg å definera kva som er god erotisk litteratur. Det er veldig sjeldan eg ser det. Godt språk er ekstra viktig innan erotisk litteratur, seier ho.

Ho er einig med Michelet i at detaljbeskrivelsar er unødvendig.

– På fransk er det minst 20 ord for kuk, mens på norsk fins det knap eit ord for det kvinnelege kjønnsorgan.

Siss Vik, programleiar for «Bokprogrammet»

– På fransk er det minst 20 ord for kuk, mens på norsk fins det knap eit ord for det kvinnelege kjønnsorgan. Det er underutvikla materiale, og då blir det lett pinleg. Eg syns ofte at dei gode sexbeskrivelsane kjenneteikner at dei beskriv det som skjer rett før sjølve akta, og så kuttar der, forklarer ho.

Humor er ikkje noko som fell i god jord hjå programleiaren.

– Det gjeld å finna eit språk som kan kle det erotiske. Enten må det vera rått og ujålete, eller så må det vera litterært. Det kan ikkje vera for blomstrande og pompøst, for då blir det ofte humoristisk. Latter truar kåtheita, seier ho.

– Humor, takk!

Humor er derimot det Morten Ramm set ekstra stor pris på innan erotisk litteratur. Han har akkurat skrive ei erotisk novelle for gratismagasinet «Natt og dag», og veit korleis det skal gjerast.

– Opprinneleg så skal ei erotisk novelle vekka noko i deg som har med opphisselse å gjera. Men eg er ein underholdar, så i denne konkurransen så kjem eg til å legga vekt på underhaldning og humor. Det å gjera klisjeane om til noko nytt er viktig, seier han.

Humoristen ser etter noko han ikkje har sett før.

– Eg kjem til å sjå etter det som tilfører noko nytt. Eg må tenka «oj dæven, her er det noe nytt». Ein tekst om eit samleie har eg lest før, seier han, og legg til:

– Eg har lest erotiske noveller for moro skuld, i pornoblad på utedoen på ferie då eg var konfirmant for eksempel. For meg er det humor.

– Ein må formidla nytelse

Sexolog, psykolog og forfattar Kristin Spitznogle vil lesa ekte nytelseslitteratur.

– Forfattaren må ha ei god forståing av sanselegheit og tilstedeværelse, og må evna å formidla nytelse på eit levande vis som inviterer lesaren inn det erotiske universet, seier ho.

Ho er einig med Siss Vik i at det norske språket manglar det heilt store klimakset innanfor det å skulle beskriva seksuelle skildringar, og meiner at det krever ein større bevisstheit rundt å styre unna klisjeane.

– Eg har sjølv tidlegare skrive og publisert erotiske noveller under pseudonym, og eg veit akkurat kor krevande og spennande det er, fortel ho.

Bidraga, som må ha ein klar link til studenttilværelsen og må ha eit klart joletema, må sendast per mail til universitas@universitas.no seinast mandag 19. november.

Forrige vinnernovelle kan du lese her: http://universitas.no/magasin/56284/-i-sokrates-sokrates-sokrates-i-

Powered by Labrador CMS