Ekte hår: Camilla Longva var den einaste av framførarane som ikkje måtte ha parykk, sjølv om få trudde håret hennar var ekte. Foto: Privat.

Blondt hår gav kinesisk operakarriere

Ho skulle berre synge på ein fest. Så blei framføringa til Camilla Longva vist direkte på kinesisk TV.

Publisert Sist oppdatert

– Det var ikkje akkurat ein fest. Eg skulle synge klassisk kinesisk opera, i fullt kostyme, på den offisielle feiringa av nasjonaldagen til Kina 1. oktober, i ein av dei største bydelane i Shanghai, seier Camilla Longva (23) på telefon frå Kina.

Longva studerer dette året på Fudan University i millionbyen Shanghai. Ein månad inn i første semester utvikla året seg til å bli heilt spesielt for songfuglen frå Bærum. Etter å ha takka ja til å framføre ein song ilag med ein annan utvekslingsstudent, fekk ho spørsmål om kva ho ville ha betalt.

– Eg vart litt paff, eg hadde ikkje venta å få betalt. Eg sa eg kunne få det han andre fekk. Det var 1000 RMB (909 NOK, journ.anm.). Dette er jo ganske mykje pengar i Kina, så eg byrja å lure på kva eg eigentleg hadde sagt ja til, seier Longva.

Operasongarar med status som rockestjerner

– Kinesisk opera er eit samlenamn for ei rekke ulike kinesiske dramaformer, av ulik grad av sofistikasjon, ofte med regional tilknyting, fortel professor i kinesisk ved UiO, Halvor Eifring.

Syngemåten i kinesisk opera er veldig annleis og uvand for vestlege øyrer. Likeså er bruk av sminke og kostyme med fast symbolsk betyding. Rørslene er også symbolske og erstattar ofte behovet for kulissar på scena. Operaen består gjerne av ei blanding av song og dialog. Mest kjend i Vesten er Peking-opera, som var på sitt mest populære fram mot 1930-talet. Då hadde dei største stjernene status nærast som rockestjerner.

– Men tradisjonelt er operasongarar sett ned på, fordi deira virke òg kunne vere nært knytt til prostitusjon. Dette er sjølvsagt annleis i dag, seier Eifring.

På nasjonalt fjernsyn

– Då eg kom på lydopptakinga dagen etter oppdaga eg at dei andre som skulle opptre var profesjonelle operasongarar. Etter kvart kom han eg skulle framføre med, og vi fekk nokre notar vi kunne øve på. Eg kunne ikkje lese notar ein gong, fortel Longva.

På generalprøva dagen før framsyninga vart ho lamslått av kor mykje dei hadde rigga opp. Det var storskjerm og kamera med kran, og gata var pynta med blomar og plakatar. Mange nysgjerrige tilskodarar hadde møtt opp for å sjå.

– Dei var mest opptekne av om håret mitt var ekte, og alle ville ta bilete med meg, ler Longva, og legg til:

– Sidan eg hadde litt tid medan dei andre vart sminka, gjekk eg og kjøpte meg kaffi. Med vanlege klede og hovud som ei kinesisk prinsesse, var eg ein stor slager blant dei gamle kinesiske mennene som drakk morgonteen sin, fortel ho.

Heile amfiteateret kokte då ho framførte.

Der sto eg, ein blond person og song på kinesisk og dansa tradisjonell opera. Heile fjeset mitt var på storskjerm bak meg. Det var veldig surrealistisk.

Camilla Longva

– Der sto eg, ein blond person og song på kinesisk og dansa tradisjonell opera. Heile fjeset mitt var på storskjerm bak meg. Det var veldig surrealistisk, fortel Longva.

Etterpå vart ho intervjua på kinesisk, direkte på nasjonalt fjernsyn. Her må ein merke seg at Kina har 1,3 milliardar innbyggjarar. Sjåartalet på kva som helst kanal er til ei kvar tid mykje høgare enn kva «Gullrekka» på NRK nokon gong kan håpe på å oppnå.

Langt blondt hår truleg utslagsgjevande

Halvor Eifring tykkjer det er spesielt at ei vestleg jente utan songbakgrunn får delta på eit slikt arrangement. Han forklarar at det finst nokre få vestlege songarar som har vore gjennom lang trening og har tileigna seg songteknikk som passar inn.

– Det har vel ein eigen effekt dette å sjå ei nordisk kvinne med langt blondt hår i tradisjonell kinesisk operagevant og med tradisjonelle kinesiske operarørsler. Resultatet vert i alle fall annleis og meir overraskande enn det ei slik framføring elles ville vore, seier Eifring, som tykkjer det er festleg at hans tidlegare student er blitt operastjerne.

Operascena i Shanghai får ikkje nok av Longva. På framføringa vart ho kjend med eit par profesjonelle operasongarar, som nærast har adoptert ho som ei niese. «Onkelen» hennar har fått ho med på ei ny framføring den 20. oktober, denne gongen live i eit kulturhus.

– Blir du kjent att på gata?

– Nja, veit ikkje. Alle stirrar på meg uansett. Det er umogleg å vite om det er fordi dei kjenner meg att eller fordi eg er utlending, svarar Longva.

Powered by Labrador CMS