Usikker framtid for teatervitskap
Det er fortsatt uavklart om teatervitskap ved Universitetet i Oslo overlever.
Institutt for kulturstudier og orientalske språk (IKOS) ved Universitetet i Oslo beslutta i fjor haust at det ikkje kom til å bli tatt opp nye studentar til studiet teatervitskap denne hausten. Avgjersla vart begrunna i reduserte personalressursar, og vart lagt fram som ei midlertidig løysing. Opptaksfrysen vart etterkvart forlenga til å gjelda også hausten 2013.
Torsdag 6. september vedtok instituttstyret i IKOS ein stillingsplan på åtte nye stillingar, deriblant ein stilling innan teatervitskap med namn «performanceteori». I realiteten har IKOS berre økonomi til å oppretta tre til fire nye stillingar.
Utsett problemet
Fagutvalet for teatervitenskap meiner at instituttstyret lir av beslutningsvegring.
– Mange av avgjerslene knytta til teatervitskapens skjebne skulle, så vidt me har forstått, blitt tatt allereie i vår. Men så vart ikkje styret einige. Sjølv om dei no har vedtatt denne vage stillingsplanen, vitnar det om at dei ikkje klarar å bestemma seg for noko endeleg, fortel Sara Hammer, masterstudent i teatervitskap og medlem i fagutvalet.
– For oss verkar det som om dei utsett avgjerslene heilt til det ikkje er elevar att på studiet, slik at dei slepp å ta stilling til noko som helst, legg ho til.
– Må prioritera
Instituttleiar for IKOS Arne Bugge Amundsen er einig i at eit val må bli tatt.
– Det blir komplisert når styret ikkje blir einig med seg sjølv om kva ein vil prioritera. Det ligg mykje dokumentasjon til grunn for dette valet, sjølv om me ikkje har råd til å oppretta så mange stillingar, fortel han.
– Meiner du at ein bør legga ned teatervitskap?
– Ein har ikkje lyst til å fjerna fag og fagretningar. Men me er i ein stram situasjon, og då må ein ta nokre val. Ein må ta val i kva retning instituttet vil gå.