SKITNE ORD: Tord Løvdal seier han har fått utvida sitt kinesiske ordforråd av å omsetje «Fifty Shades of Grey» til kinesarane.
SKITNE ORD: Tord Løvdal seier han har fått utvida sitt kinesiske ordforråd av å omsetje «Fifty Shades of Grey» til kinesarane.

Under belte­stedet på kinesarane

Norske Tord Løvdal skal gjere «Fifty Shades of Grey» tilgjengeleg på verdas største bokmarknad. Kinesarane er allereie er godt kjende med sexlitteratur.

–⁠ Det har vorte litt fleire vakne timar enn eg vanlegvis har, seier Tord Løvdal og gnir seg i auga. Han har det travelt om dagen, 26-åringen frå Trondheim.

Saman med sin kinesiske kjærast Mao Lu har han nemleg fått i oppdrag å omsetje salssuksessen «Fifty Shades of Grey» til kinesisk.

–⁠ Eg er glad eg har med meg ein kinesar, eg hadde aldri turt dette aleine. Det er klart at dette er ein fantastisk moglegheit, eg hadde ikkje fått denne jobben her heime. Den kinesiske marknaden er ikkje metta på gode omsetjarar, og dei krev ikkje utdanning på same måte som ein gjer i Noreg, fortel Løvdal.

Bachelor i Kinesisk med kinastudier samt eitt ekstra år med språkundervisning i Kina gjer han betre rusta enn monge andre som omset til kinesisk. Han legg til at han ikkje akkurat blir rik av dette, og at det snarare er andre aspekt som motiverer.

–⁠ Det blir jo litt stas å få namnet mitt på trykk, men eg veit ikkje om eg får det i latinske bokstavar, då, seier han.

Jobben fekk dei gjennom faren til Mao Lu. Han har sjølv drive med omsetjing, og har mange vener og kontaktar i forlagsbransjen. Mao Lu har tidlegare omsett mindre verk til kinesisk, og Løvdal sjølv har arbeidd ein del med omsetjing av nyhende, kontraktar og liknande gjennom jobbar han har hatt i Kina.

Ikkje Google Translate

Løvdal forklarer at omsetjing til kinesisk er ein omstendeleg prosess. Sidan det er to vidt ulike språktradisjonar byr det på særeigne utfordringar ein ikkje har når ein set om frå til dømes engelsk til norsk. Eit teikn på kinesisk kan ha ein etymologi ordboka ikkje avslører, og såleis gje setninga ei heilt anna meining. Det same gjeld ordtak, som ofte har sitt utspring i det tradisjonelle og rurale samfunnet i Kina.

– «Betre seint enn aldri» vil ein jo enkelt omsetje til «better late than never», på engelsk. Den kinesiske ekvivalenten tyder direkte omsett «å reparere inngjerdinga etter at sauen er daud». Det er klart at det gjev litt andre assosiasjonar, seier Løvdal.

Han forklarer at forlaget vil ha eit utkast allereie i midten av oktober.

–⁠ Kinesarane har ein tendens til å tenkje at omsetjing er maskinelt, og at ein kjem langt med å berre formulere litt om på tekst ein køyrer gjennom Google translate. Dei skjønar jo ikkje at vi sit med fire ulike ordbøker og diskuterer lenge for å finne den mest passande omsetjinga av «eg vrei meg i nyting», seier Løvdal, og ler.

Går for kinesiske husmødrer

Paret arbeider parallelt, og sparer mykje oppslagstid på at dei er to som begge kan engelsk og kinesisk, men han understrek at kjærasten må kvalitetssjekke det han skriv. Dei er begge spente på korleis mottakinga vert i midtens rike, og ikkje minst om boka vert sensurert eller ikkje.

–⁠ Ein skal jo tradisjonelt ikkje ha sex før ekteskap i Kina, og det er mykje som er tabu i det offentlege rom. Slik er det ikkje folk i mellom. Vener har fortalt meg at dei slit med å få orgasme, liksom. Det er jo eit samfunn som ikkje er tufta på kristne verdiar. Dessutan finst det jo husmødrer i Kina òg, fortel han.

Løvdal trur at sidan boka er så haussa opp i vesten vil dette hjelpe på mottakinga i Kina. Kinesarar er generelt glade i vestleg populærkultur, særskilt amerikansk. I tillegg har boka andre aspekt enn sex som han trur vil slå godt an hos den jamne kinesar.

– «To get rich is glorious». I Kina handlar mykje om å bli rik. Det er stort fokus på å være rik i boka, så det er litt pengeporno òg, seier han og smiler.

Erotikk ikkje ukjent i Kina

Halvor Eifring, professor i kinesisk på Institutt for kulturstudier og orientalske språk ved Universitetet i Oslo understreker raskt at han ikkje har lese boka, men kan uttale seg på generelt grunnlag. Han forklarer at erotisk litteratur ikkje er noko nytt i Kina.

Det er særskilt mange romanar frå slutten av 1500-talet som inneheld veldig eksplisitte element av alle mulige typar sex, anten det er hetero, homo eller kva hol du kjem inn i.

Halvor Eifring

–⁠ Det er særskilt mange romanar frå slutten av 1500-talet som inneheld veldig eksplisitte element av alle mulige typar sex, anten det er hetero, homo eller kva hol du kjem inn i. Ein av dei heiter omsett «Meditasjonspute av kjøt». Særleg denne er veldig einsidig pornografisk, seier Eifring.

Han forklarer at desse bøkene i heilheit ikkje har vore allment tilgjengeleg for kinesarar i mange tiår. Ein har gitt ut avkorta utgåver av romanane for å ikkje skade sjela på kinesiske lesarar.

–⁠ Desse bøkene høyrer til det seine Ming-dynastiet, som vart sett på som ein særleg umoralsk periode. Nettopp fordi det var så fritt fram for slike ting såg ein på dette som byrjinga på fallet av Ming.

Eifring forklarar engasjert vidare at ein særskilt rundt 2000-talet har sett ein eksplosjon i det kinesarane kallar «litteratur under beltestedet». I denne kategorien finn ein mange kvinnelege forfattarar som har blitt veldig kjent både i og til dels utanfor Kina ved å skrive eksplisitte forteljingar, ofte sjølvbiografisk knytta til deira eige rikhaldige seksualliv.

–⁠ Er desse tilgjengeleg for kinesarane?

–⁠ Nei, mange av dei er ikkje det. Mykje er periodevis tilgjengeleg, så vert det stoppa. Det er likevel ikkje noko problem å få tak i dei, anten på nettet eller i piratutgåve.

Han trur at dersom den kinesiske versjonen av Fifty Shades of Grey får problem på den offisielle bokmarknaden, vil den bli tilgjengeleg på andre måtar. Kanskje vil nokre scener bli sensurert i den offisielt publiserte utgåva, men det vil nok florere med suppleringar på nettet.