KOMPETANSE:-- Då eg arva pengar tenkte eg på kva eg eigentleg kunne, og då fann eg ut at stilasbygging, det beherskar eg! seier Henning Steen, som saman med syskjenbornet Lars Lingelem har starta eige stilasbyggefirma.

Frå tekstforfattar til stilasbyggar

Dei private høgskulane lokkar med jobb som «noko innan media«, men for Henning Steen og Lars Lingelem vart det eit heilt anna resultat.

KOMPETANSE:-- Då eg arva pengar tenkte eg på kva eg eigentleg kunne, og då fann eg ut at stilasbygging, det beherskar eg! seier Henning Steen, som saman med syskjenbornet Lars Lingelem har starta eige stilasbyggefirma.

– Det var ein dyr pris å betala kun for å knytta kontaktar, seier Lars Lingelem.

Lingelem starta med syskjenbornet Henning Steen stilasbyggefirmaet «Doserne» i 2006. Steen har tre års utdanning som tekstforfattar på Westerdals, mens Lingelem har ett år innan film og TV-produksjon på Noroff Fagskule.

Ikkje relevant utdanning

Det eittårige studiet Lingelem tok kostar 51 400,- per semester, mens semesteravgifta på Westerdals er 36 950,- per semester. Både Steen og Lingelem betalar fortsatt ned på studielånet dei tok for å ta utdanninga si.

Det eg lærte på Noroff kunne eg nok likeså godt lært meg sjølv

Lars Lingelem, stilasbyggar

– Det eg lærte på Noroff kunne eg nok likeså godt lært meg sjølv, men på den tida ville eg jobba innan TV og film, eg ville prøva ulike ting og tenkte difor at Noroff verka interessant. Men det var nok ikkje verdt pengane eg betalte for det, seier Lingelem.

Steen og Lingelem meiner at utdanninga dei har tatt ikkje er ideell for den jobben dei har no.

– Eg angrar ikkje på at eg tok den utdanninga eg tok, men eg ser jo at det ikkje er så relevant i forhold til det eg gjer no, seier Steen.

– Men eg brukar jo fortsatt noko av det eg lærte der i den jobben eg har no ved å skriva mails og tekstar på nettsida vår.

Starta stilasbyggefirma

Steen bestemte seg for å starta eit stilasbyggefirma då han hadde praksis i Dagbladet gjennom Westerdals.

– Eg satt på dataen heile dagen og venta på å bli tildelt saker, saker eg oftast tykte var keisame. Det var fyrst når eg kom opp med idéar sjølv og kunne skrive kommentarar eg tykte at det blei interessant, men det skjedde nesten aldri, seier Steen.

Steen arva pengar, og byrja arbeidet med å starta sitt eige firma.

– Eg var lei av å sitta i ro, eg ville ha ein jobb der eg kunne jobba fysisk, seier Steen.

– Då eg arva pengar tenkte eg på kva eg eigentleg kunne, og då fann eg ut at stilasbygging, det beherskar eg!

– Men kvifor tok du då utdanning som tekstforfattar?

– Då mamma fortalte meg om Westerdals tenkte eg at eg kunne ta opptaksprøven, og då eg kom inn starta eg berre. Plutseleg var det gått tre år!

Har gode tal

Westerdals har akkurat gjennomført ei alumniundersøking hjå studentane som avslutta studiene sine sommaren 2010 og sommaren 2011. Halvparten av desse studentane valte å svara på undersøkinga, der 90,2 prosent av dei studentane som er i jobb svarar at dei har ein relevant jobb for utdanninga dei har tatt.

Rektor ved Westerdals Tom Kvisle er nøgd med desse tala.

– Mange av studentane har jobb til og med før endt utdanning på grunn av praksisperioden studentane går gjennom på slutten av utdanninga, seier Kvisle.

Powered by Labrador CMS