Annonse

annonser i Universitas

MOT MEKKA: Islamnet Student-leiar, Mohamed Uzzal Mazumder, i eit stille augneblink i eit av dei to bøneromma.

Halalomvending

Ei foreining som nesten ikkje reknast som foreining, skandaleoppslag om kjønnsdelte foredrag, og massiv studentoppslutning. Islamnet Student har teke studentoslo med storm – på godt og vondt.

«På fredagar må me ta bønene i to omgangar på grunn av stor pågang.» Mohamed Uzzal Mazumder, leder ISF.

Med fartstid på under eit år har Islamnet studentforening (ISF) hatt fleire medieoppslag enn dei fleste studentforeiningar har på eit tiår. Men enkelte oppslag kunne leiar for ISF, Mohamed Uzzal Mazumder, vore forutan. Til dømes oppstyret rundt dei separate kjønnsinngangane på foredraget med Amir Muhaddith, den amerikanske rapparen frå Puff Daddy’s Bad Boys, på Høgskolen i Oslo (HiO) i november i fjor.

– Den saken vart blåst ut av proporsjonar. Det satt båe gutar og jenter på kvar side i auditoriet. Formålet med separate inngangar for kvart kjønn var å imøtekome ynskjer frå nokre av dei kvinnelege muslimane, seier Mazumder.

Men det syntest ikkje HiO-leiinga var greitt. Fleire oppslag i Aftenposten, og truslar om å utestengjast frå skulens lokale følgde. Men no er ISF inne i varmen att.

– Me har etter dette hatt ein god tone med HiO-leiinga, seier Mazumder.

Mellom 700 og 800 menneske høyrte på foredraget. Til samanlikning trakk fredsforskar Johan Galtung omtrent like mange på sitt siste foredrag i Storsalen på Studentarsamfundet.

Får ikkje studentstøtte

Hovudformålet med ISF, fortel Mazumder, er å tilretteleggje kvardagen for dei muslimske studentane ved HiO.

– Eit konkret eksempel er faddervekene der alkoholen er navet som driv vekene rundt. Me jobbar med å arrangere edrukveldar parallelt med dei vanlege arrangementa. Leikar og grilling er nokre av aktivitetane me planlegg, seier Mazumder.

Til no har ikkje ISF motteke ei krone i stønad frå HiO eller Studentparlamentet ved HiO. Dette skuldast at det er vanskeleg å skilje ISF-medlemmar frå medlemmar i moderorganisasjonen Islamnet.

Frå bøn til halal

– Eg har overhøyrd nokre studentar seie «Æsj» når dei ser halalmiddagen. Det er litt rart, for den einaste forskjellen mellom halalmat og annan mat er slaktemetoden, ved at halsen blir skåre over, og at Guds namn bler sagt under slaktinga. Etter å ha vore i samtale med kantineleiinga har me no halalmiddag ein gong i veka, fortel Mazumder.

ISF har medlemmar med bakgrunn frå Bangladesh, Afghanistan, Somalia og Pakistan, og fleire kurdarar. Salah, den nest viktigaste av dei fem søylene i Islam, krev at muslimane ber fem gongar dagleg. HiO-muslimane har to bønerom tilgjengeleg.

– Vanlegvis er det mellom 10 til 25 som ber samstundes, men på fredagar må me ta bønene i to omgangar på grunn av stor pågang. Berre på avdeling for samfunns- og ingeniørfag er det over 300 muslimar, seier han.

Dialog, ikkje monolog

Islamnet, ISFs moderorganisasjon, har klargjering i misoppfatningane om Islam som eit av hovudformåla. Difor planlegg også ISF å arrangere dialogmøter.

– Dialogmøta vil vere eit skritt i den retninga, fortel Mazumder. Han seier at fleire av dei som er med i ISF opplever at til dømes samfunnsdebattant Abid Raja sine dialogmøter handlar meir om monolog, og ikkje ein to-vegs samtale.

– Raja anklagar mange unge muslimar for å vere ekstremistiske og til dømes støtte angrepa på USA den 11. september. ISF fordømmar den valdelege handlinga, utan omsyn til kven som gjorde det. Fleire unge muslimar føler Raja snakkar om oss, og ikkje til oss. Han har null tillit hos dei han snakkar om, seier Mazumder.

Han fortel at ISF ynskjer å skape dialogmøter der muslimsk ungdom verkeleg blir høyrt. Inntil vidare vil dei jobbe med å gjere kvardagen enklast mogleg for dei muslimske studentane.

Fakta

Islamnet Studentforening
  • Etablert i september 2010.
  • Ynskjer å tilretteleggje kvardagen for muslimske studentar.
  • Planlegg dialogmøter om islam hausten 2011.
  • Har mellom 300 og 400 studentmedlemmar frå heile Oslo.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kultur

Pensumekspressen

To dager til eksamen? Slapp av. Universitas hjelper deg!

Studium: Musikkpedagogikk Hvor: Norges musikkhøyskole Oppgave: Arbeidslivskompetanse. En kvalitativ studie om syn på arbeidslivskompetanse innen høyere musikkutdanning med fokus på jazz og rytmisk utøving

Taus kunnskap

Silje Ræstad Karlsen mener musikkstudenter ikke får nok hjelp til å klare seg etter studiene. Musikerne bør se til BI for hjelp.

Vil ikke skifte takt

Gøte Strindler fikk i forrige uke jobben som ny Radio Nova-redaktør. Han satser på å underholde tyske trailersjåfører også til neste år.

Skrevet, sensurert, arkivert – og glemt

Selv om masteroppgaver kan være en god kilde til kunnskap, er det veldig få som leser dem. Det ønsker blant andre Manifest Analyse å gjøre noe med.

Formidlingsproblemet

Forskere og journalister har noe å lære av narkolangere, mener BBC-journalist og genetikk-ekspert Adam Rutherford.

Ute av Blitzregnet

Brannbomber kastet av nynazister og store gateslag er ikke lenger hverdagskost. Når Blitz feirer 30 år er det gatefest med vegetariske grillspyd som står på menyen.

Det hjemløse argumentet

Ekspertene forteller oss hva som er rett og galt. Er det plass til argumentasjon mellom påstandene?

STUDIUM: Peace and conflict studies (Pecos) HVOR: Samfunnsvitenskapelig fakultet, Universitetet i Oslo OPPGAVE: De libyske opprørerne: Med medier som våpen

Mellom mot og militser

I Libya organiserte hundrevis av frivillige seg, og brukte mediene som våpen i kamp mot Gaddafi. Amund Bakke Foss dro til Benghazi for å forske på mediestrategene.

–Ekspertveldet er et demokratisk problem

I det som av noen omtales som et sirkus, av andre som en oppvisning i journalistikk på sitt beste, spiller ekspertene en viktigere rolle enn noen gang.

¡Viva la Revolución!

Immortal Technique var nær ved å fullføre college – hadde han bare ikke havnet i fengsel. Konsertene hans er kjent for å være halvt hiphop-show og halvt politikkforelesning.


Flere saker fra kultur »