Annonse

annonser i Universitas

Kroppssspråk: Dei tre elevane er meir trent enn dei fleste i å uttrykka seg gjennom kroppsspråk.

Teater utan ord

Språk handlar ikkje berre om ord, og teater handlar ikkje berre om høglydte replikkar. Denne hausten har teater for døve for fyrste gong fått innpass på Kunsthøgskulen i Oslo.

Føregangselevar: Pernille Forsberg Vogt (t.v.), Thomas Johannessen og Megan Matovich er i ferd med å bli dei fyrste døve skodespelarane med formell utdanning i Noreg.

TEATER: Det diskuterast heftig kring bordet føre scena på Teater Manu. Tre skodespelarar sit med kvar sitt manus føre seg, og saman med rollelæraren gjer dei sitt beste for å koma til botns i sentrale problemstillingar: Kva handlar stykket om? Kva slags personar er rollefigurane? Korleis kan dette uttrykkast?

Fyrste formelle utdanningstilbod

Det kunne vore ein heilt vanleg time ved tidlegare Statens Teaterhøgskule, no del av Kunsthøgskulen i Oslo (KHiO). Einaste skilnaden er at mellom dei tre skodespelarane og læraren deira sit ein tolk som overset alt dei seier til kvarandre. Skodespelarane er nemleg døve, og kommuniserer via teiknspråk. Som del av eit prøveprosjekt sett i gang av Teater Manu, norsk teater for døve, og KHiO er dei dei fyrste døve skodespelarar som kan legga formell utdanning til erfaringa si.

– Eg har villa vore skodespelar sidan eg var sju år gamal, men fram til no har eg berre vore med på mindre prosjekt, seier Thomas Johannessen, ein av dei utvalde til å delta på det fem veker lange kurset.

Teater uvurderlig

Også dei andre to, Pernille Forsberg Vogt og Megan Matovich, har drive mykje med teater før. Forsberg Vogt seier det er umogleg å undervurdera kor viktig teater er i døvemiljøet.

– Teiknspråk er eit svært visuelt språk, med mykje «teater i seg». Difor er teater ei kunstform mange døve kjenner nærleik til. Dessutan er døvemiljøet er svært lite, med få institusjonar. Teater Manu speler ei veldig stor rolle for kor mykje teater har å sei for døve, forklarar ho.

I løpet av vekene kurset varar fordjupar elevane seg i manuset «Sukkerbrød med kaviar» av Leonard Melfi. Målet er ikkje å skulle setja opp stykket, men heller å fordjupa seg i teksten. Dei samanstifta manushefta som ligg strødd utover bordet, fulle av påskrivne kommentarar og understrekingar, vitnar om intens forsking av tekstmaterialet.

– Me diskuterer alle sider ved manus. Poenget er å oppnå ei grundig forståing av teksten som ligg til grunn for teaterstykket, seier Matovich.

Dynamikk

Torill Øyen, rollelærar ved KHiO, forklarar at kurset er lagt opp etter nøyaktig same modell som det som er vanleg i den statlege skodespelarutdanninga.

– Målet er å gjera dei i stand til å undersøkja manus sjølvstendig. Me har gått rett på den vanskelegaste biten av skodespelaryrket, seier Øyen.

Sidan ho sjølv ikkje snakkar teiknspråk, er Øyen avhengig av døvetolk Sølvi R. Z. Fellus i arbeidet. Ho har likevel sett at visuelle og høyrbare språk har mykje til felles.

– Dynamikk er svært viktig uansett språk. Utfordringa for meg er at eg må sjå dynamikken i staden for å høyra den, seier ho.

Von om permanent tilbod

Mathis J. Gran er produsent og administrativ leiar ved Teater Manu. Frå kontoret sitt over teatersalen fortel han at Teater Manu allereie i 2009 tok kontakt med KHiO for å få til eit samarbeid.

– Årsaka til at me tok initiativ til dette prosjektet var eit auka behov for profesjonelle skodespelarar ved teatret vårt. Regissørar og produsentar stiller stadig høgare krav, seier Gran.

Han vonar at dette prøveprosjektet, som no tel ti studiepoeng, kan bli til eit permanent tilbod, og aller helst ein treårig bachelor i skodespelarkunst for døve ved KHiO. Fyrst må likevel prøveprosjektet ferdigstillast og evaluerast.

Rundt bordet nede i salen er ein ikkje i tvil om kor stort det hadde vore om ein fekk ein skikkeleg skodespelarutdanning for døve. Høgare godkjenning, betre kvalitet og meir konkurranse vert trekt fram som føremon som kunne vorte realitet.

– Og ikkje minst kunne me ha samarbeidd med teater for høyrande. Det kunne vore fruktbart for begge partar, samstemmer dei.

En kommentar

Aleksander Rødseth Hjelle

Særs god artikkel, med åtgaumen på rett plass. Oppfordrar artikkelforfattaren til å halde fram med slike artiklar. Innhaldet i studiet gjenspeilar nok ein del av døves kvardag i Noreg, og vil ha mykje å seie for utviklinga vidare i teatermiljøet - "høyrande" teatermiljø vil ha mykje å lære av disse elevane, eg er sikker på at dei vil fronte "døvemiljøet" på den beste måten dei kan, all honnør.

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kultur

Pensumekspressen

To dager til eksamen? Slapp av. Universitas hjelper deg!

Studium: Musikkpedagogikk Hvor: Norges musikkhøyskole Oppgave: Arbeidslivskompetanse. En kvalitativ studie om syn på arbeidslivskompetanse innen høyere musikkutdanning med fokus på jazz og rytmisk utøving

Taus kunnskap

Silje Ræstad Karlsen mener musikkstudenter ikke får nok hjelp til å klare seg etter studiene. Musikerne bør se til BI for hjelp.

Vil ikke skifte takt

Gøte Strindler fikk i forrige uke jobben som ny Radio Nova-redaktør. Han satser på å underholde tyske trailersjåfører også til neste år.

Skrevet, sensurert, arkivert – og glemt

Selv om masteroppgaver kan være en god kilde til kunnskap, er det veldig få som leser dem. Det ønsker blant andre Manifest Analyse å gjøre noe med.

Formidlingsproblemet

Forskere og journalister har noe å lære av narkolangere, mener BBC-journalist og genetikk-ekspert Adam Rutherford.

Ute av Blitzregnet

Brannbomber kastet av nynazister og store gateslag er ikke lenger hverdagskost. Når Blitz feirer 30 år er det gatefest med vegetariske grillspyd som står på menyen.

Det hjemløse argumentet

Ekspertene forteller oss hva som er rett og galt. Er det plass til argumentasjon mellom påstandene?

STUDIUM: Peace and conflict studies (Pecos) HVOR: Samfunnsvitenskapelig fakultet, Universitetet i Oslo OPPGAVE: De libyske opprørerne: Med medier som våpen

Mellom mot og militser

I Libya organiserte hundrevis av frivillige seg, og brukte mediene som våpen i kamp mot Gaddafi. Amund Bakke Foss dro til Benghazi for å forske på mediestrategene.

–Ekspertveldet er et demokratisk problem

I det som av noen omtales som et sirkus, av andre som en oppvisning i journalistikk på sitt beste, spiller ekspertene en viktigere rolle enn noen gang.

¡Viva la Revolución!

Immortal Technique var nær ved å fullføre college – hadde han bare ikke havnet i fengsel. Konsertene hans er kjent for å være halvt hiphop-show og halvt politikkforelesning.


Flere saker fra kultur »