Annonse

annonser i Universitas

Skal lime saman norske fagord

Det har lenge vore påpeikt at det ikkje finnast gode nok fagord på norsk. Det skal Språkrådet gjere noko med.

LEGGJER TIL RETTE: Direktør i Språkrådet Sylfest Lomheim meiner at det er naudsynt å leggje til rette for eit norsk fagspråk for å kunne halde oppe den norske samfunnskvaliteten.

– Eit godt fagspråk har med samfunnskvaliteten å gjere. Det er ikkje berre for snevre fagidiotar, men handlar om korleis faga skal fungere, seier Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet.

Torsdag i førre veke gjekk startskotet for Språkrådets nye fagterminologiteneste, kor dei i samarbeid med fagmiljøa skal utvikle fagterminologiar på norsk. Det er ifølgje Lomheim høgst naudsynt om ein ikkje skal hamne på det internasjonale b-laget.

– Fagspråk er knytt til presisjonsnivået. Me har gitt opp å ha norsk fagspråk på alle område, men i sentrale samfunnsfag har me bruk for meir enn berre eit kvardagsspråk på norsk. Samfunnskvaliteten og konkurranseevna vert redusert av eit dårleg fagspråk, seier Lomheim.

Språkrådet skal vere lim

Når fagterminologien er skapt, er hensikta å få orda i bruk. Den ballen sparkar Lomheim over til universiteta og høgskulane.

– Det er utdanningsinstitusjonane som har ansvaret for å halde ved like eit norsk fagspråk i sentrale samfunnsfag. Det ser ut til at det er nokre universitet som ikkje har fått med seg at Stortinget faktisk har bestemt det.

Lomheim peikar på at Språkrådet har starta opp ei datatermgruppe som jobbar med å komme opp med norske termar til stadig nye teknologiske omgrep.

– Eit ord som har slege an, er ordet «minnepinne». Eit døme på eit som ikkje er like bra, er «direkteavspeling», som skulle erstatte «streaming». Det ble for langt og omstendig. Ein må vere dyktig når ein skal smi nye norske ord.

Måtte sjølv lage finansord

Førsteamanuensis og leiar ved Institutt for finansiell økonomi ved Handelshøgskulen BI, Dag Michalsen, kjenner seg att i påstanden om bruk av engelske omgrep i finansmiljøet.

– Saman med ein kollega laga eg ei finanslærebok på norsk, der me vart nøydt til å kome opp med nye ord og omgrep innan finans. Nokre av omgrepa er i bruk både ved BI, Noregs handelshøgskule og andre finansinstitusjonar i dag. Andre er ikkje tatt i bruk på same vis.

Michalsen trur ein større bruk av norske omgrep vil forvirre meir enn det hjelper på kort sikt. Likevel ser han stor verdi i å utarbeide ein fagterminologi som kan nyttast innan finansmiljøet.

– Me er nøydt til å finne vettuge ord, fordi me vil lære studentane finans på norsk. Samstundes er det vanskeleg fordi mange innan finansverda venner seg til å nytte engelske omgrep, sidan dei i jobbsamanheng stort sett snakkar med utlendingar, seier Michalsen.

Ord for alt

Jan Hoel er seniorrådgjevar i Språkrådet og koordinator for terminologitenesta. Han legg vekt på at Språkrådet ikkje skal gjere jobben aleine.

– Terminologitenesta skal ikkje lage så mange termar aleine. Det er primært fagmiljøa som skal vere med på arbeidet. Me skal kartlegge dei ulike fagmiljøa, og vere limet som får det heile til å henge betre saman, seier Hoel.

Terminologitenesta ynskjer å leggje til rette for at nordmenn kan sleppe å måtte nytte engelske ord.

– For at norsk skal vere eit fullverdig bruksspråk på alle område også i framtida, er det viktig at me har ord for alt, og ikkje må bruke engelsk for å kunne uttrykkje oss. Databransjen er eit døme på det motsette. Også i finansverda er det store norske konsern som nyttar engelsk som administrativt språk, sier Hoel.

Fakta

Terminologitenesta:
  • Skal vere til hjelp for å utvikle nye ord og omgrep innan ulike fagmiljø i Noreg.
  • Språkrådet har tre tilsette som skal vere behjelpelege i arbeidet med fagterminologiar.
  • Lingvistar, menneskje som kjenner fagterminologiens metode og personar frå fagmiljøa sjølve skal samarbeide om utviklinga av ein norsk fagterminologi.
  • Språkrådet tek ansvaret for å lage ein fagterminologi på begge målføre.

Kjelde: Språkrådet

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kultur

Pensumekspressen

To dager til eksamen? Slapp av. Universitas hjelper deg!

Studium: Musikkpedagogikk Hvor: Norges musikkhøyskole Oppgave: Arbeidslivskompetanse. En kvalitativ studie om syn på arbeidslivskompetanse innen høyere musikkutdanning med fokus på jazz og rytmisk utøving

Taus kunnskap

Silje Ræstad Karlsen mener musikkstudenter ikke får nok hjelp til å klare seg etter studiene. Musikerne bør se til BI for hjelp.

Vil ikke skifte takt

Gøte Strindler fikk i forrige uke jobben som ny Radio Nova-redaktør. Han satser på å underholde tyske trailersjåfører også til neste år.

Skrevet, sensurert, arkivert – og glemt

Selv om masteroppgaver kan være en god kilde til kunnskap, er det veldig få som leser dem. Det ønsker blant andre Manifest Analyse å gjøre noe med.

Formidlingsproblemet

Forskere og journalister har noe å lære av narkolangere, mener BBC-journalist og genetikk-ekspert Adam Rutherford.

Ute av Blitzregnet

Brannbomber kastet av nynazister og store gateslag er ikke lenger hverdagskost. Når Blitz feirer 30 år er det gatefest med vegetariske grillspyd som står på menyen.

Det hjemløse argumentet

Ekspertene forteller oss hva som er rett og galt. Er det plass til argumentasjon mellom påstandene?

STUDIUM: Peace and conflict studies (Pecos) HVOR: Samfunnsvitenskapelig fakultet, Universitetet i Oslo OPPGAVE: De libyske opprørerne: Med medier som våpen

Mellom mot og militser

I Libya organiserte hundrevis av frivillige seg, og brukte mediene som våpen i kamp mot Gaddafi. Amund Bakke Foss dro til Benghazi for å forske på mediestrategene.

–Ekspertveldet er et demokratisk problem

I det som av noen omtales som et sirkus, av andre som en oppvisning i journalistikk på sitt beste, spiller ekspertene en viktigere rolle enn noen gang.

¡Viva la Revolución!

Immortal Technique var nær ved å fullføre college – hadde han bare ikke havnet i fengsel. Konsertene hans er kjent for å være halvt hiphop-show og halvt politikkforelesning.


Flere saker fra kultur »