Annonse

annonser i Universitas

Illustrasjon: Julius Vidarssønn Langhoff

Akademiske keisarklede

Dei tverrfaglege studieprogramma ved Universitetet i Oslo fungerer i dag som eit einaste stort salstriks. Om nokre av dei forsvinn, er det neppe ein stor tragedie.

«Fred og konflikt» er i prinsippet eit obskurt tema å tilby studium i.

Studieprogram utanfor dei reine fagdisiplinane står i fare for å miste ressursar. Døme på dette er den prestisjetunge bachelorgraden i Internasjonale studiar og masterprogrammet Peace and Conflict Studies (PECOS). Diverre ser prestisjen ut til å vera meir innpakking enn innhald, og båe studia minnar mest om keisaren sine nye klede.

Førstnemnte har eit skyhøgt karaktersnitt og er openbart mynta på ein elite. Men ein treng jo ikkje vera Einstein for å ta desse faga. Tvert om er dei fleste av faga lett tilgjengelege for alle andre studentar som einskildemne og som delar av andre gradar. Dei færraste nøyer seg dessutan med ein bachelorgrad, og når mastergraden først er i hamn, er det lite som skil kandidaten i konkurranse mot andre med same type mastergrad, til dømes i historie eller statsvitskap.

PECOS er eit tverrfagleg studieprogram der fagdisiplinane i noko større grad er samanvevd. Likevel, «fred og konflikt» er i prinsippet eit obskurt tema å tilby studium i. Svaret på korleis konfliktar oppstår og kva ein kan gjera for å løyse dei, er ikkje å finne gjennom to års pugging på Blindern. Openbart kan fag som juss, etikk, statsvitskap, sosiologi, økonomi, psykologi og historie koma til nytte, og naturleg nok rører PECOS-studiet ved alle desse fagfelta.

Eitt poeng kan kanskje vera å tiltrekkje internasjonale studentar, og at det skal skje på eit fagområde der Noreg har særskilt kompetanse. Det heiter seg at Noreg er ein fredsnasjon. Men strengt tala har det ikkje gått så bra korkje i Midt-Austen, Sri Lanka eller Bosnia når den meklande småstaten frå nord har trådd til for å roe opprørsk gemytt i sør. Dei siste åra har vi òg bidrege til alvorlege folkerettsbrot både i Irak og Afghanistan. Fredsnasjonen Noreg er enno ein latterleg visjon.

Det er viktig at UiO har engelskspråklege tilbod til utanlandske studentar. Men det har vi allereie ei solid mengd av, også innan samfunnsvitskaplege fag som kan bidra til konfliktløysing og utvikling. Det er også liten tvil om at ein student med ein PECOS-grad i bagasjen har ei langt større fagleg tyngd enn ein student som ikkje har teke steget lengre enn til bachelor. Spørsmålet er om PECOS-kandidatar skapar meir fred i verda enn uteksaminerte frå dei fagdisiplinane programmet baserer seg på. Det viktigaste studentane lærer er framleis ein akademisk metode.

Tverrfaglege studieprogram blir selt inn som alt anna enn det dei er. Det er ingenting gale med skreddarsydde studieprogram, men heller ingenting genialt. Programutforminga skjer med tanke på korleis ein skal lokke skarpe og ambisiøse hjernar til Oslo og Det samfunnsvitskaplege fakultetet, heller enn å styrke fagmiljø og prioritere knappe ressursar rett. Studentane blir i stor grad lurt, men det er ein låg pris å betale mot å miste finansieringa dei fører med seg.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kultur

Pensumekspressen

To dager til eksamen? Slapp av. Universitas hjelper deg!

Studium: Musikkpedagogikk Hvor: Norges musikkhøyskole Oppgave: Arbeidslivskompetanse. En kvalitativ studie om syn på arbeidslivskompetanse innen høyere musikkutdanning med fokus på jazz og rytmisk utøving

Taus kunnskap

Silje Ræstad Karlsen mener musikkstudenter ikke får nok hjelp til å klare seg etter studiene. Musikerne bør se til BI for hjelp.

Vil ikke skifte takt

Gøte Strindler fikk i forrige uke jobben som ny Radio Nova-redaktør. Han satser på å underholde tyske trailersjåfører også til neste år.

Skrevet, sensurert, arkivert – og glemt

Selv om masteroppgaver kan være en god kilde til kunnskap, er det veldig få som leser dem. Det ønsker blant andre Manifest Analyse å gjøre noe med.

Formidlingsproblemet

Forskere og journalister har noe å lære av narkolangere, mener BBC-journalist og genetikk-ekspert Adam Rutherford.

Ute av Blitzregnet

Brannbomber kastet av nynazister og store gateslag er ikke lenger hverdagskost. Når Blitz feirer 30 år er det gatefest med vegetariske grillspyd som står på menyen.

Det hjemløse argumentet

Ekspertene forteller oss hva som er rett og galt. Er det plass til argumentasjon mellom påstandene?

STUDIUM: Peace and conflict studies (Pecos) HVOR: Samfunnsvitenskapelig fakultet, Universitetet i Oslo OPPGAVE: De libyske opprørerne: Med medier som våpen

Mellom mot og militser

I Libya organiserte hundrevis av frivillige seg, og brukte mediene som våpen i kamp mot Gaddafi. Amund Bakke Foss dro til Benghazi for å forske på mediestrategene.

–Ekspertveldet er et demokratisk problem

I det som av noen omtales som et sirkus, av andre som en oppvisning i journalistikk på sitt beste, spiller ekspertene en viktigere rolle enn noen gang.

¡Viva la Revolución!

Immortal Technique var nær ved å fullføre college – hadde han bare ikke havnet i fengsel. Konsertene hans er kjent for å være halvt hiphop-show og halvt politikkforelesning.


Flere saker fra kultur »