PERSONLEG: Kritikarroste Jens Carelius lev seg inn i musikken når han spelar for studentpublikumet på Kollenfestivalen. -- Det er utruleg god stemning her, skryt han etter konserten.

Heimesnekra festival

Ein kveld, to scener, ni konsertar, grilling, øl, sexy lys, røykmaskin, intim stemning og rå musikkopplevingar. Slik arrangerer UiO-studentar festival i si eiga leilighet.

Publisert Sist oppdatert
LÅNT: Når ein lagar festival i stova, tek ein det ein har. Setlista skrivast på ein papptallerken lånt frå ein av grillarane.
HETT: På ei 20 kvadratmeter stor stove er det ikkje rart om publikum kjem tett på artistane. Her under avslutningskonserten til Lukas Kasha.
STEMNING: Publikum samla seg under partytelta når mørket la seg over Vettakollen laurdag kveld.
I LUKA: Sjukepleiarstudent Leif Magne Torstensen (23) og UiO-student Ragnhild Lindahl (23) på veg inn til Kollenfestivalen.
ENGASJERT: UiO-student Tobias Litherland var ein av arrangørane under Kollenfestivalen. -- Går vi i underskudd, så er det utan tvil verdt det, seier han.
OPP EI TRAPP: Som seg hør og bør på festival var det ein backstage for artistane også her. Denne var lokalisert på rommet til arrangør Tobias i andre etasje.
HEIMEGUT: Kollenbebuar Eirik Vigeland spelar bass i bandet Bellman.

*KOLLENFESTIVALEN:*

  • Stad: I ei leiligheit på Vettakollen.
  • Arrangørar: UiO-studentane Tobias Litherland, Eirik Vigeland, Halvard Haug, Christian Aanerud, Per Marius Pettersen.
  • Artistar: Lukas Kasha, Blind Archery Club, Bellman, Ingeborg Selnes, Petter Carlsen, Jens Carelius, My little pony, Solvor Vermeer, Thea Hjelmeland.
  • Scener: Kollenscena (i stova) og Stabburscena (i hagen).
  • Budsjett: 12 000 kr (deriblant 4500 kr frå Frifond).
  • Publikum: Om lag 210.

«The stage was cold, but you just got warm», sang Jens Carelius då han opna festivalen i den kvite villaen på Vettakollen laurdag ettermiddag. Blandinga av folkrock og blues gjorde seg godt i dei heimlege omgivnadane på Kollenfestivalen.

– Det var denne konserten vi hadde gleda oss mest til, strålar Leif Magne Torstensen (23). Han er her saman med Ragnhild Lindahl (23), som går på internasjonale studier ved Universitetet i Oslo (UiO). Gjennom heile konserten står dei to og held rundt kvarandre, og lev seg inn i harmoniane som strøymer ut frå høgtalarane.

Festival med særpreg

Kollenfestivalen vart arrangert på tredje året i helga. Ein festival som opphavleg starta som ein innflyttingsfest for fleire år sidan, men som har vorte årleg og stadig har auka i omfang. Den vert til ved frivillig engasjement, og artistane spelar gratis. Folk sit spreidd rundt i hagen på gamle hagemøblar og snakkar. Grillane var fyrt opp, og matglade publikumarar slengte på både pølser og kotelettar.

– Det er utruleg kjekt å vere på festival. Det er god stemning, kjentfolk og musikk. Det er vener, og vener av vener som er her. Det gjer at det vert ein personleg festival, smilar Ragnhild.

UiO-bandet My Little Pony spelte på laurdag siste konserten dei skal ha i Noreg før jul. Bandet syntes å vere spesielt oppteken av at dei var på vestkanten, og konserten framtona seg mykje som politisk propaganda for venstresida, pakka inn i eit omslag av herleg indiepoprock.

– Ingen vanleg fest

Kveldens kanskje heftigaste konsertopplevingar kom seint på kvelden. Folk stimla saman ute i hagen då Blind Archery Club gjekk på scena. Vokalist Håvard Bakkens interaksjon med publikum var upåklageleg: Éin fekk til og med ta over tamburinen for å akkompagnere bandet. Det lilla lyset frå lyskastarane trefte den kvite presenningen som ramma inn uteområdet, og publikum sat tett saman i bakken opp mot «Kammerset», eit lite stabbur som står øvst i hagen. Etter konserten stimla publikum saman inne ved Kollenscena, og venta på at avslutningsbandet Lukas Kasha skulle gå på.

– Dette er meir enn ein vanleg venstkantfest, er det ikkje!? ropte vokalisten i Lukas Kasha ut mot publikum. Svetta draup ned frå andletet og ned over halsen.

– Jo! hylte publikum tilbake.

Publikum sto så tett på bandet at det var reell fare for å få ein gitar eller bass i hovudet. Røyken frå røykmaskina laga saman med lyssetjinga og varmen frå publikum ei oppheita og ekstatisk stemning i den vesle stova.

Stovekos

Etter festivalen var over og størstedelen av publikum hadde sprunge for å rekke banen, ville artistane framleis ikkje gå derifrå. Då må ein vel kunne seie at festivalarrangørane har gjort noko riktig.

STABBURET: Konserten med Solvor Vermeer i hagen.

Arrangør Tobias rapporterer om at kvelden vart avslutta med jamming i stova, saman med banda til Jens Carelius, Bellman, Lukas Kasha, Thea Hjelmeland og Solvor Vermeer. Gløym STUDiO, Rock am Sogn og Fadderullan. Dette var årets festivalavslutning.

Powered by Labrador CMS