ÅTAK: Universitetet i Oslo viser liten respekt for Ivar Aasen sin bodskap om å bruke eit skriftspråk basert på folkets talemål.

– Eg vil berre ha språket mitt!

Målreisinga

Publisert Sist oppdatert
ÅTAK: Universitetet i Oslo viser liten respekt for Ivar Aasen sin bodskap om å bruke eit skriftspråk basert på folkets talemål.

I 1921 mottok Universitet i Oslo (UiO) følgjande krav: «Til det akademiske kollegium: Studentmaallaget krev at alle skriftlege eksamensuppgaavor ved universitetet, ogso umsetjingsuppgaavor, blir gjevne paa baae maala.» 66 år seinare, i 1987, vart retten til nynorskeksamen lovfesta. Studentmållaget i Oslo (SmiO) lever likevel i beste velgåande.

Vart pressa til bokmål

For kampen er langt ifrå over. Universitas har i fleire omgangar meldt om tilfelle der studentar blir bedne om trekkje kravet om nynorskeksamen grunna manglande tid og pengar til omsetjing. I 2005 stod studentar både frå juridisk, matematisk-naturvitskapleg og humanistisk fakultet fram og sa at dei hadde vorte bedd om å akseptere bokmålsoppgåver. Den lovpålagde plikta som statlege organ har til å nytte båe målformer i eit omfang på minst 25 prosent, har aldri universitetet vore i nærleiken av å fylle.

Tidlegare rektor ved UiO, Arild Underdal, prøvde i 2003 å få unnatak for plikta til å nytte ein fast prosentdel nynorsk. Han meinte UiO var å rekne som eit universitet for austlandsområdet, og derfor ikkje skulle påleggjast slike krav. Til Aftenposten gav han då følgjande sitat: «At bokmålsbrukere skriver på nynorsk til hverandre, gleder ikke andre enn statistikerne.»

– Latterleg, rett og slett, seier leiaren av Studentmållaget i Oslo Kristina Leganger om påstanden.

Ho understrekar at UiO er til for heile landet, at studentane kjem frå heile Noreg og skal jobbe i alle delar av landet etter at utdanninga er over. Leganger meiner at retten til å nytte, og bli møtt med, si eiga målform, er grunnleggjande.

– Språk definerer deg som menneske. Det er måten du uttrykkjer deg på i akademia. Om professoren din meiner språket ditt ikkje er eigna, får det konsekvensar for mulegheitene dine seinare, hevdar ho.

Studiedirektør Monica Bakken opplyser at omlag 2,5 prosent av studentane ved UiO kvart år ber om eksamen på nynorsk. Likevel blir det nytta betydelege ressursar på omsetjing.

Ved det Samfunnsvitskaplege fakultetet blir omlag 120 oppgåver omsett per semester, og Mona Bye ved fakultetsadministrasjonen opplyser at det vanlegvis tek mellom ein halv og ein time per oppgåve. Det humanistiske fakultetet opplyser at det blir laga nynorske versjonar av dei aller fleste eksamensoppgåvene, og det same gjer Det juridiske fakultet.

Men SmiO-leiaren avviser kontant at ressursbruk er eit argument mot å ha eksamensoppgåver på nynorsk.

– Da blir det studenten sjølv som må omsetja. Det blir heilt bakvendt, meiner ho.

Leganger får støtte av studentpolitikar Erik Schreiner Evans. På landstinget i Norsk Studentunion tidlegare i vår fekk han vedteke sitt framlegg om at likestilling mellom målformer i akademia òg må sjåast på som ein likestillingspolitisk kampsak.

Sjølv har han opplevd å ikkje få tilbod om nynorsk eksamensoppgåve og dermed måtte be om det.

– Eg kjente meg som ein kverulant, sjølv om det var ein rett eg hadde, seier Evans.

– Men strengt tala forstår vel alle nynorskstudentar bokmål?

– Kva trur du hadde skjedd om det argumentet hadde vorte brukt til å legitimere at alt skulle føregått på engelsk? Det hadde vore ramaskrik, påstår Evans, og er oppgitt over at studentar framleis blir møtt med nedlatande haldningar overfor nynorsken på universitetet.

– Eg vil jo berre ha språket mitt!

Historisk er det ingen årsaker til at universiteta skal vera uviljuge mot nynorsken. Snarare tvert om, meiner professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda og professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger Stephen J. Walton. Han fortel at nynorsk oppstod nettopp i dialog med det akademiske.

– Utgangspunktet for nynorsken er eit grammatisk vitskapsverk. Ivar Aasen sine støttespelarar den første tida var vitskapsmenn. Så nynorsk har alltid vore tilstades i akademia, og delvis vorte til der, seier Walton.

Djupast sett var det idear frå opplysningstida som låg til grunn for konstruksjonen av det nynorske skriftspråket.

– Dei fleste var lese- og skrivekunnige på dansk frå midten av 1700-talet. Men Aasen og folket hans meinte at bruken av dansk var å leggje ei ekstra bør på dei som var minst utrusta til å bera henne. Ein ville lette tilgjenget til ny kunnskap ved å gi folk eit skriftspråk dei kunne kjenne seg att i, forklarar nynorskprofessoren.

Målrørsla oppstod som eitt av dei motkulturelle tiltaka på slutten av 1800-talet. Det dreia seg om demokratiseringsprosessar og brodden var retta mot ein norsk danskskrivande embetsstand i hovudstaden som gjennom sin skriftkulturelle praksis held folk på bygda nede. Walton meiner likevel at nynorsken er veleigna i ein hovudstadsbastion som universitetet.

– Når du skriv nynorsk skal du alltid høyre ei indre røyst som snakkar. Nyttar du nynorsk som fagspråk, så kjenner du piska til talemålet over deg heile tida. Dermed blir du nøydd til å skrive så tilgjengeleg så muleg, konkluderer han.

Retten til å levere eksamensoppgåver på nynorsk kom i 1908. Etter press frå mellom anna Studentmållaget vedtok regjeringa ei kongeleg fråsegn om at kandidatane kunne uttrykkje seg på den målforma dei sjølve ønskte. I 1918 kravde Studentmållaget for første gong at også oppgåveteksten skulle vera tilgjengeleg på begge målformer, men det skulle altså gå nesten 70 år før det vart eit lovfesta krav.

Lovar bot og betring

Inge Lønning, stortingspolitikar for Høgre og tidlegare rektor ved UiO, meiner ein må gi opp målet om prosentsatsar for nynorskbruk.

– Det er forferdeleg vanskeleg å drive prosentmåling på dette. Eg trur den offisielle doktrinen om at alle nordmenn skal beherske begge målformene skriftleg er ein fiksjon. Ein hadde kome mykje lenger med ein språkpolitikk som avskaffa hovud- og sidemål, og i staden la opp til at alle kunne reindyrke si eige målform, hevdar han.

– Du trur ikkje det eksisterer ein uvilje mot nynorsk ved universitetet?

– Eg trur ikkje det er medvite sabotasje, men det finst nok fagmiljø som slit med å finne kompetente omsetjarar.

Leganger i SmiO meiner mangel på kompetanse ikkje er eit gangbart argument for å avskaffe nynorskkravet.

– Eg trur ikkje årsaka til språkleg forvirring er to språk i seg sjølv, men at media og dei store institusjonane pressar nynorsken vekk. Hadde nynorsken vore tilstades i det offentlege rommet, så hadde vi kunna det, hevdar ho.

Påtroppande universitetsrektor Ole Petter Ottersen seier han vil jobbe for å oppfylle krava i mållova.

– Vi har to målformer i dette landet. Bak kvart språk er det ein kultur, og kulturmangfaldet ved vår institusjon vil tene på at vi opprettheld begge målformene, meiner han.

Powered by Labrador CMS