FJERNT: Andreas Engesvik meiner designundervisninga ved KHiO er utdatert. - Dei held kurs i å snekre krakkar. Det er så fjernt frå faget som ein kan koma, seier han.

Slaktar designutdanningane

Andreas Engesvik i Norway Says meiner designutdanningane i Oslo er utdaterte, lite arbeidslivsrelaterte og lite internasjonalt orienterte. – Kunnskapslaust, seier rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Publisert Sist oppdatert
FÅR KRITIKK: Andreas Engesvik meiner Arkitektur og designhøgskolen i Oslo ikkje nyttar nok unge designerar i undervisninga. - Eg vil at ein skal ha kortare tilsetjingsperiodar.Det er dei same gamle folka som sit tiår etter ti og gir skolen eit dårleg ren
FÅR KRITIKK: - Noreg ligg langt bak både Sverige og Danmark når det gjeld å utvikle talent og få folk ut og i gang i bransjen, hevdar Andreas Engesvik. Han meiner Kunsthøgskolen i Oslo må ta sin del av ansvaret for dette.
FÅR KRITIKK: Andreas Engesvik meiner Arkitektur og designhøgskolen i Oslo ikkje nyttar nok unge designerar i undervisninga. - Eg vil at ein skal ha kortare tilsetjingsperiodar.Det er dei same gamle folka som sit tiår etter ti og gir skolen eit dårleg ren

– Designutdanninga på Kunsthøgskolen i Oslo har lange, lange kurs med ting som er heilt perifert i høve til arbeidslivet. Analyser av objekt og så vidare. Det blir alt for lite om kva faget eigentleg handlar om, seier designar Andreas Engesvik.

Engesvik arbeider til dagleg i designbyrået Norway Says, der han også er medeigar. Han har mastergrad frå Kunsthøgskolen i Bergen. På Pecha Cucha Night i helga gjekk han kraftig ut mot designutdaningane ved Arkitekt- og designhøgskolen i Oslo (AHO) og Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO). No møter han kraftig motbør.

– Undervisning er ikkje det same som praksis. Vi og praktikarane har ulike mål. Vårt råmateriale er studentane som vi skal utvikle til å bli fagpersonar. Så er det praktikarane som utviklar sjølve designet. Dette kan nok følast perifert for den som står på utsida, seier professor i møbeldesign ved KHiO, Ellen Klingenberg.

Engesvik er ikkje spesielt imponert over argumenta.

– Det dei seier der betyr ingenting. Det er berre ein banal visjon. Det som skjer er ei ekstrem homogenisering av studentmassen. Dei straumlineformar materialet, seier han.

– Ikkje kontakt med arbeidslivet

Engesvik meiner òg institusjonane er alt for dårlege til å orientere seg mot arbeidslivet.

– Studentane burde få ei kjensle med korleis firma jobbar og kvar ein bør vera for å koma i kontakt med interessant industri. Å innreie ein bar med ein krakk som har same stil som interiøret, det blir for dårleg, meiner han.

Linn Brevic representerer fakultet for design i studentrådet ved KHiO. Ho tek master i visuell kommunikasjon og kjenner seg ikkje att i Engesvik sine påstandar.

– Klassa mi har vore kjempenøgd. Vi har fått fleire reelle oppdrag som har vore veldig relevante for arbeidslivet. Fleire studentar har fått oppdrag som frilansar og så vidare, via skulen, seier ho.

Rektor ved Kunsthøgskolen, Cecilie Broch Knudsen, avviser at Engesvik si framstilling er eit rett bilete av situasjonen.

– Dette fortonar seg som ein kunnskapslaus dom. Vi har dei siste åra etablert eit samarbeid med BI, der studentane i aller høgaste grad aktualiserer utdanninga si ved at dei lærer noko om korleis ein skal opptre på andre arenaer. Eg ønskjer Engesvik velkomen hit så han blir betre orientert om korleis vi jobbar, seier ho.

Engesvik meiner BI-samarbeidet ikkje er noko argument.

– Dette er berre tull. Kvifor skal dei jobbe med BI? Dei må jobbe med nokon som kan industri. Dette er den trauste gamle, gode velmeinande prosjektet dei har halde på i årevis. I Noreg går ein framleis rundt og trur at ein har oppdaga at industri og design må jobbe saman. I andre land har ein gjort dette lenge, hevdar han.

– Inga jobb etter utdanning

Insitutt for industridesign ved AHO får også gjennomgå for arbeidsløyse blant designarar.

– Dei utdannar folk til ein arbeidsmarknad som er ikkje-eksisterande. I tillegg får studentar høyre at «de får ikkje jobb når de er ferdige hos oss». Kva signal sender det? spør Engesvik.

Rektor ved AHO Karl Otto Ellefsen ønskjer ikkje å kommentere desse påstandane i det heile. Instituttleiaren ved industridesign, Jonathan Romm, trur det trengs nokre oppklaringar.

– I dag kan designarar inngå i utruleg mange samanhengar, og det er ingen jobb som ventar. Dei må sjølve skape karrieren si. Det er kanskje det som er litt misforstått her. Og det er ikkje noko vi seier på starten av studiet, men når studentar skal velja diplomarbeid, presiserer han.

Romm meiner heller ikkje at arbeidsmarknaden for industridesignarar er dårleg. Han påpeikar at det er ei konjunkturutsett bransje, men at det stort sett er gode tal å vise til.

– I ei undersøking vi gjorde blant 90 studentar uteksaminert mellom 2000 og 2006 viste det seg at over 85 prosent var i arbeid som dei meinte at det var relatert til det dei hadde lært på AHO, seier han.

Kaja Kjølås, nyutdanna master i industridesign, er einig i at arbeidsmarknaden for industridesignarar ikkje er noko å rope hurra for.

– Akkurat no stemmer det. Men det er arbeidsmarknaden og ikkje utdanninga det er noko gale med. Eg ser ikkje svart på det. Det er mykje opp til kvar einskild, ein kan førebu seg ved å ta seg fri eit år og vera i ein praksisplass eller liknande, seier ho.

Heimfødd kunstart

Den fritalande designaren meiner også den internasjonale satsinga er laber.

– Ei samanlikning er det som har skjedd med norsk musikkliv eller kunst dei siste ti åra. Ein har internasjonale satsingar som tek norske kunstnarar inn på dei store messene. På design prøvar ein å slenge inn litt, ei utstilling i London og så vidare. Men det blir så hjelpelaust, seier Engesvik.

Romm ved industridesign er ikkje einig.

– Vi prøvar å trekkje inn førelesarar frå reisten av Europa og verda. Nokre har ei forelesing, andre modular og workshop. Vi har også utvekslingsstudentar og leverer kurs på engelsk. I tillegg deltek vi i ei rekkje internasjonale nettverk, seier han.

Powered by Labrador CMS