Kva føler du no, NIH?
Ein milepæl er nådd for Noregs idrettshøgskole. Jubilanten bør koma på banen og forsvare tittelen sin.
Toppidretten tek allereie uforskamma stor plass i det offentlege rommet i Noreg.
Noregs Idrettshøgskole (NIH) fyller 40 år. Festen er forlengst i gang, og rektor Sigmund Loland har i jubileumsrusen kunngjort at NIH ønskjer å ta samfunnsansvar. Til Universitas hevdar han at idretten har ei politisk rolle, og at dersom ein er medviten denne rolla, er det muleg å «realisere de mange flotte verdiene som ligger latent i idrettsaktivitet». NIH har ei stor oppgåve framfor seg. Særleg om dette inneber at ein også skal vera villeg til å ta eit oppgjer med dei mindre flotte verdiane innan idretten.
At sport har noko med politikk å gjera, er lett å finne døme på. Vinterlandet mot nord har igjen boltra seg med tanken om å arrangere eit av verdas aller mest ressurskrevjande idrettsarrangement, dei olympiske leikane. Prislappen vart som han måtte bli, høg. Pengane vil heldigvis aldri koma på bordet. Iallfall ikkje dei fyrste tiåra. 19 milliardar i alt vart meir enn både idretten og staten kunne bera, og takk og lov for det. Toppidretten tek allereie uforskamma stor plass i det offentlege rommet i Noreg.
NRK Dagsrevyen sender 365 dagar i året for over sju hundre tusen skodelystne, alltid med sine tilmåla fem sportsminutt. Aviser, radio og internett ligg ikkje langt etter i løypa. Per Inge Torkildsen hevda i si tid at ein skulle gje ungane alkohol før idretten tok dei. Kanskje hadde han rett. I ei undersøking frå 2007, gjort av NIH, kjem det fram at 29 prosent av norske elitehandballsutøverar lir av ei form for eteforstyrring. 7 prosent har anoreksi. Tilsvarande tal for norsk langrenn frå 2005 viser at 30 prosent av norske toppløparar i langrenn var plaga av eteforstyrringar. Statistikkar frå norsk toppidrettsmiljø rommar meir enn resultatlister.
Denne bakrusen er ikkje det ein har mest lyst å tenkje på når champagne-korkane sprett. Likevel burde NIH i lys dei undersøkingane dei sjølve gjer, turt å reise debatt omkring toppidrettshysteriet. Det er ikkje lenger nok å seia at satsing på toppidrett automatisk gir ein synergieffekt til folkehelsa. Ifølgje rapportar frå Statens Råd for Ernæring og Fysisk aktivitet, har den norske gjennomsnittsvekta auka merkbart både for kvinner og menn frå 60-talet og fram til i dag. Det er openbart noko meir enn sportssøndagssatsninga på NRK som må til for at nordmenn igjen kjem seg ut på tur.
For idrett er viktig uansett. Verdien av frisk luft, fysisk aktivitet og dugnadsanden i idrettsforeiningar er uvurderleg. NIH bør leggje vekt på korleis fleire kan oppleva desse positive sidene, og færre kjenne frustrasjonen over slukne lagkasser, medan sponsorpengane haglar inn over elitenivået. Idrett skal vera til glede for flest muleg, inkludere, og ikkje skape lidingar. Her ligg NIH sitt største samfunnsansvar.













