I FOKUS: Kvar rørsle Jan Berthrand Danielsen gjer den siste travle halvtimen før filmframsyninga, vert fanga på film av Nadina Helen Bakos.

Cinema Neuf på film

Cinema Neuf syner ikkje berre film, no vert dei og fanga på film.

- Hei, har du reservert billett?

Jan Berthrand Danielsen, leiar i Cinema Neuf, står i døra på Lillesalen søndag ettermiddag og slepp folk inn på gratis testvisning av filmen Fatso. Over skuldra hans heng Nadina Helen Bakos med eit kamera, og dokumenterer alt han gjer. Merete Grimeland prøver å få ein mikrofon til å fungere slik at dei kan få med lyden av det og.

- Det er noko gale med kontakten, seier ho, men får til slutt mikrofonen festa til Danielsen til å virke.

Køen utanfor salen er lang, og snart er det ikkje fleire billettar å dele ut. Stemninga er spent, og mange må gå skuffa heim. Alt vert fanga på film, og skal bli del av ein dokumentar om Cinema Neuf.

Det var etter ein dokumentar-workshop på Mediefabrikken at Merete Grimeland fann ut at ho ville lage dokumentar om Cinema Neuf. Masterstudenten i medievitskap hadde vore medlem i filmklubben på Det Norske Studentersamfund i eit halvt år og vorte pr-koordinator i styret.

- Eg var fascinert av energien folk brukte og arbeidet dei la ned for å få klubben til å gå rundt, og byrja lure på om det kunne vere utgangspunkt for ein dokumentar, seier ho.

Med Danielsen som utgangspunkt, syr ho og fotograf Nadina Helen Bakos no saman ein pilot for dokumentaren dei håpar å få filma ferdig fram mot neste sommar.

Hovudpersonen sjølv, leiar Danielsen, tek den høge kameraføringa med ro.

- Det er heilt greit. Det skapar jo merksemd rundt Cinema Neuf, og det er kjekt, seier han, og synest heilt avslappa med eit kameracrew i hælane.

Den lange køen utanfor alt ein time før visninga synte at den tidlegare frykta for at salen ikkje skulle verte fylt var totalt unødvendig.

- Eg er jo så glad i Cinema Neuf, og syns det er flott at salen vert fylt så raskt, men det hadde kanskje vore betre for dokumentaren sin del om dei måtte slite litt, seier Grimeland.

For til trass for sterke band til Cinema Neuf, er ho ikkje interessert i å lage noko glansbilete av klubben.

- Ein ekstern produsent under dokumentar-workshopen spurte om eg ikkje kunne lage ein reklamefilm for Cinema Neuf, men det vil eg ikkje fordi det er det personlige og styremedlemmene sin eigarskap til filmklubben som er interessant, avsluttar ho.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kultur

– En ekte optimist

Han var en av våre dyktigste studentpolitikere, men ble brått revet vekk under angrepet på Utøya. Nå er det skrevet bok om Håvard Vederhus.

Skyr det kommersielle

Radio Novas nye redaktør, Erlend Buflate, åpner for egne sport- og historieprogrammer på studentenes egen nisjekanal.

Da terroren nesten kom til Blindern

Både Frode Saugestads marokkanske far og egne livsmeritter gjenspeiles i hans debutroman. Hva med historien om å sprenge Lucy Smiths hus i lufta?

Boklov kan redde Akademika

En eventuell ny boklov skal sikre flere norske pensumbøker for høyere utdanning, og kan bli redningen for studentbokhandlene.

Trugar hytteturen

Velferdstingets kulturstyre har rydda i eigne retningslinjer. No kan det bli vanskelegare for di studentforeining å få økonomisk stønad.

Den omstreifende jubilant

Det startet som et tidsskrift på Blindern i 1988. Siden har flere av Norges største senere forfattere sittet i redaktørstolen. I år fyller Vagant 25 år.

Sammenligner akupunktur med voodoo

NOKUT må ta en oppstramming av hvilke utdanninger som blir godkjente, mener professor Kristian Gundersen.

Deira dag – eller vår?

Det er ekkelt å snakka om klasse.

Kommentarer ønskes

Psykologielevene sitter på mer kunnskap enn de tror selv, mener professor, og ber studentene bidra til å forandre de offentlige fagdebattene.


Flere saker fra kultur »

Annonse


Eks: «Rørlegger» Mer info

Annonse

Forbrukslån
OPP Finans Forbrukslån OPP Finans anbefaler deg å være forsiktig med bruk av kredittkort og forbrukslån. Eff.rente 17%, 65.000kr o/5 år, etabl.geb. 825kr, totalt: 94.478kr