Annonse

annonser i Universitas

NØGD FOREINING: Fagutvalet ved statsvitskap har fått prisen for årets studentforeining, og synes sjølv det er svært velfortent. Frå venstre Kristin Antonsen, Haakon Gunnerud, Anders Ravik Jupskås og Peter Holme.
FOTO: Mari Lund Haanshus

Eit føregangsdøme

Årets studentforeining heiter Fagutvalet ved statsvitskap.

- Vi har allereie vorte kontakta av studentforeningar ved filosofi og psykologi for å få hjelp til å skape noko av det same, seier Anders Ravik Jupskås, nyleg avgått leiar av Fagutvalet ved statsvitskap. I grunngjevinga frå juryen heiter det at aktiviteten til dette fagutvalet er «et eksempel til etterfølgelse». Det står også at «gjennom et bredt og omfattende tilbud er de med på å skape en følelse av tilhørighet som er viktig for at studenter skal trives.»

Kriteria for å få prisen er mellom anna at aktiviteten skal vera studentstyrt, engasjerande, ryddig, utvikle studentane sine kunnskapar og vera muleg å kombinere med studiar og studieprogresjon. Kriteria er vedtekne i samarbeid mellom Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) og Studieavdelinga ved Universitetet i Oslo (UiO).

Løyser tidsklemma

Rolf Andersen, sekretær for juryen som deler ut prisen, seier at to hovudgrunnar var avgjerande for at Fagutvalet ved statsvitskap vann.

- Dei gjorde eit grep i organiseringa og la opp til nye aktivitetar. Det har vorte eit betre tilbod for studentar på statsvitskap. Ikkje minst har dei har gått laus på problemet med studentar sitt tidspress. Ein har fått meir spesialiserte foreiningar og leiarane for desse møtes fast for å koordinere aktiviteten. Studentar som nyttar tida si må få noko ut av engasjementet, det har fagutvalet lagt opp til, forklarar han.

Anders Ravik Jupskås peikar på at Fagutvalet også har fått eit godt høve til administrasjonen og dei tilsette.

- Eg trur dei ser kor viktig fagutvalet er for verksemda deira. Vi disponerer fritt 140 000 kroner i året, som er ein del pengar. 20 000 av desse har vi valt å investere i arrangementet Frokost med Bernt. Dette er heller ikkje eit arrangement som er reservert for samfunnsvitskap. På kvart møte ser vi fleire frå MatNat, seier han.

Eventyrleg oppmøte

Instituttleiaren på statsvitskap, Øyvind Østerud, sluttar seg til at prisen var velfortent.

- Fagutvalet har vore veldig konstruktive og flinke, og teke masse nye initiativ langt utover det dei hadde trengt å gjera, seier han.

Østerud deler juryen si oppfatning av at fagutvalet har effektivisert studentengasjementet.

- Det har vorte enklare å finne fram til ting som er spennande. Kjelleretasjen har vore godt besøkt, og det er heilt eventyrleg kor mange som møter opp på Frokost med Bernt. Aktualitetsseminaret har også vore populært. Dette er faste arrangement som truleg kjem til å halde fram, meiner instituttleiaren.

Ingen klare rutinar

Jomar Talsnes Heggdal, oppnemnt som jurymedlem av Studentparlamentet, fortel at det er opp til student- og universitetsmiljøet sjølv å nominere kandidatar. Deretter må juryen gjera ei vurdering basert på kriteria for å få prisen.

- Noko går fram av nominasjonen og er målbart, til dømes oppmøte på arrangement. Elles må vi finne ut av ting sjølve, ved å prate med studentar og andre. Det finst ingen klare rutinar på framgangsmåten her.

Fakta

# Juryen for Årest studentforeinings-pris var satt saman av: Erlend Sand Bruer (Kulturstyret), Jomar Talsnes Heggdal (Studentparlamentet) og Brigt-Ove Vaage (Universitetet i Oslo). Også følgjande prisar vart delt ut:
  • Årets nyskaping: Kling Kokos - psykologistudentane si songforeining.
  • Årets einskildtiltak: Oslostudentane si demokrativeke.
  • Årets studentpublikasjon: Filosofisk supplement - studentdrive fagtidsskrift ved Program for filosofi.
  • Juryens ærespris: Juristforeningen.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kultur

Pensumekspressen

To dager til eksamen? Slapp av. Universitas hjelper deg!

Studium: Musikkpedagogikk Hvor: Norges musikkhøyskole Oppgave: Arbeidslivskompetanse. En kvalitativ studie om syn på arbeidslivskompetanse innen høyere musikkutdanning med fokus på jazz og rytmisk utøving

Taus kunnskap

Silje Ræstad Karlsen mener musikkstudenter ikke får nok hjelp til å klare seg etter studiene. Musikerne bør se til BI for hjelp.

Vil ikke skifte takt

Gøte Strindler fikk i forrige uke jobben som ny Radio Nova-redaktør. Han satser på å underholde tyske trailersjåfører også til neste år.

Skrevet, sensurert, arkivert – og glemt

Selv om masteroppgaver kan være en god kilde til kunnskap, er det veldig få som leser dem. Det ønsker blant andre Manifest Analyse å gjøre noe med.

Formidlingsproblemet

Forskere og journalister har noe å lære av narkolangere, mener BBC-journalist og genetikk-ekspert Adam Rutherford.

Ute av Blitzregnet

Brannbomber kastet av nynazister og store gateslag er ikke lenger hverdagskost. Når Blitz feirer 30 år er det gatefest med vegetariske grillspyd som står på menyen.

Det hjemløse argumentet

Ekspertene forteller oss hva som er rett og galt. Er det plass til argumentasjon mellom påstandene?

STUDIUM: Peace and conflict studies (Pecos) HVOR: Samfunnsvitenskapelig fakultet, Universitetet i Oslo OPPGAVE: De libyske opprørerne: Med medier som våpen

Mellom mot og militser

I Libya organiserte hundrevis av frivillige seg, og brukte mediene som våpen i kamp mot Gaddafi. Amund Bakke Foss dro til Benghazi for å forske på mediestrategene.

–Ekspertveldet er et demokratisk problem

I det som av noen omtales som et sirkus, av andre som en oppvisning i journalistikk på sitt beste, spiller ekspertene en viktigere rolle enn noen gang.

¡Viva la Revolución!

Immortal Technique var nær ved å fullføre college – hadde han bare ikke havnet i fengsel. Konsertene hans er kjent for å være halvt hiphop-show og halvt politikkforelesning.


Flere saker fra kultur »