Annonse

annonser i Universitas

MINNER HEIMEFRÅ: Kvinnene dreg opp frå kofferten minner dei har heimefrå. For nokre er det eit teppe, for andre ein gamal kasserolle. Frå venstre Kavitha Aske, Aina Gnoutou Schjørlien, Mara HB Acantalicio, Marius Leknes Snekkevåg, Elvira Michaeli, Veronic
FOTO: Brian Olguin

Kor kjærleiken ventar

Tenk deg at kjærleiken fins i eit framandt og kaldt land i nord.

In English

MINNER HEIMEFRÅ: Kvinnene dreg opp frå kofferten minner dei har heimefrå. For nokre er det eit teppe, for andre ein gamal kasserolle. Frå venstre Kavitha Aske, Aina Gnoutou Schjørlien, Mara HB Acantalicio, Marius Leknes Snekkevåg, Elvira Michaeli, Veronic
FOTO: Brian Olguin

MINNER HEIMEFRÅ: Kvinnene dreg opp frå kofferten minner dei har heimefrå. For nokre er det eit teppe, for andre ein gamal kasserolle. Frå venstre Kavitha Aske, Aina Gnoutou Schjørlien, Mara HB Acantalicio, Marius Leknes Snekkevåg, Elvira Michaeli, Veronic
FOTO: Brian Olguin

MINNER HEIMEFRÅ: Kvinnene dreg opp frå kofferten minner dei har heimefrå. For nokre er det eit teppe, for andre ein gamal kasserolle. Frå venstre Kavitha Aske, Aina Gnoutou Schjørlien, Mara HB Acantalicio, Marius Leknes Snekkevåg, Elvira Michaeli, Veronic
FOTO: Brian Olguin

- I Argentina måtte ein nærast slåst seg inn på kvar forelesing for det ikkje var plass til alle. Universitetet i Oslo kan verke som den rake motsetninga.
Veronica Salinas, student og skuespiller

TEATER: To etasjar under jorda i ein prøvesal på Det Norske Teater smyg argentinske Veronica Salinas seg fram på den provisoriske scena. Med raud kjole, rose i håret og høge trehelar dansar og syng ho seg framover med lidenskapelige rørsler.

- Eg trudde aldri eg skulle gifte meg, seier ho, og fortel historia om vegen frå Buenos Aires, til au-pair i Noreg, til møtet med den store kjærleiken i Oslo. Rundt ho sit fem andre kvinner frå heile verda som og har funne kjærleiken i Noreg. Fem andre som kan nikke samtykkande når ho fortel om å ha det fantastisk i Noreg og samtidig sakne heimlandet. Ho avsluttar med ein svung på kroppen og eit spark bak med beinet. Instruktør Cliff Moustache sprett i været, klappar og ropar:

- Kjempebra!

Eit stort steg

Tyrkiske Dilek Carelius, som og er med i stykket, og Veronica deler ei flaske jus på Kaffistova etter prøven. Om ei veke er det nypremiere på «Til Noreg der kjærleiken ventar», kor kvinnene får fortelje si eiga historie om korleis dei fann kjærleiken i Noreg. Stykket var først sett opp i juni i fjor på Amatørteaterfestivalen, og vart ein slik suksess at det no skal spelast ti gongar til.

- For oss er det eit stort steg å kunne spele teater på norsk, fortel Veronica.

Ho arbeidde som skodespelar i Buenos Aires før økonomiske nedgangstider førte ho til Noreg. Då ho først kom hit, trudde ho aldri ho skulle spele teater att. No er ho i full gong med fleire stykke. Alle på norsk. I tillegg studerar ho spansk og portugisisk litteratur ved Universitetet i Oslo.

Teater som integrasjon

- Eg trur det at vi kan drive med teater på norsk gjer oss meir integrerte. Vi kan syne at vi er ressurssterke og har noko å tilføre, seier Dilek, som studerar teatervitskap.

Veronica nikkar samtykkande og tilføyer:

- Vi får høve til å seie noko om kva det er å vere innvandrar, og om kvifor vi er her.

For det er det som bind desse kvinnene saman. Det at dei har så ulike historiar, men så mange like erfaringar av å skulle skape seg eit nytt liv i Noreg. Alle historiane dei fortel i stykket er deira eigne, og resultatet vert «Community theatre» - teater kor manuset vert skapt av alle som deltek i prosjektet. Det er sterke historiar om dei mange kneikane ein skal over for å kunne bu i eit nytt land. Om dei mange tårene som skal grinast.

- Ei veke etter at eg var komme hit ringte eg mamma, og sa eg ville komme heim att. Men ho sa eg måtte vere i Noreg kor eg var trygg. Eg kjende at eg mista alt; språk, koder, humør og kultur. No har eg endeleg greidd å komme over all frustrasjonen, og vere lukkeleg, fortel Veronica.

Dilek peikar på framsida av Morgonbladet kor Thomas Hylland Eriksen seier at det er mykje lukke i å ha det vanskeleg. Begge kvinnene ler.

- Det er jo akkurat slik det er.

Det spanande sosialdemokratiet

Dilek har ei anna historie å fortelje. Ho kom til Noreg frå Istanbul for å studere i 1986. 22 år og mange studiepoeng etter er ho framleis student, og framleis i Noreg. Vegen fram har vore lang. Etter at ho trefte kjærleiken i Noreg, var det ikkje lett å reise attende. Etter å ha flytta fram og attende mellom Oslo og Istanbul med mannen i mange år, fann ho ut at det var i Noreg ho ville bu. Sjølv om det ikkje alltid er like lett. Når ho er her, saknar ho kaoset og alle lydane i Tyrkia, når ho er der, saknar ho roa Oslo gjev ho.

- Noreg verka som ein plass kor eg kunne utvide horisonten min. På 80-talet stod kommunismen og kapitalismen steilt mot kvarandre, og eg ville gjerne sjå denne tredje vegen, sosialdemokratiet, som dei hadde fått til i Noreg, fortel ho.

Annleis studieliv

- For meg er Blindern som eit lite paradis, fortel Veronica med eit stort smil.

- I Argentina måtte ein nærast slåst seg inn på kvar forelesing for det ikkje var plass til alle. Universitetet i Oslo kan verke som den rake motsetninga.

- Det er nærast så eg kan sakne litt blod og action. Folk her er så forsiktige på forelesing. I Argentina vart vi oppfordra til heile tida å diskutere, seier Veronica, medan ho viftar med armane. Ho er ikkje redd for å skape liv.

Dilek skular bort på ho og ler.

- Du har ei så fantastisk haldning, Veronica. Du lever som om det var Argentina i Noreg, smiler ho.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kultur

Pensumekspressen

To dager til eksamen? Slapp av. Universitas hjelper deg!

Studium: Musikkpedagogikk Hvor: Norges musikkhøyskole Oppgave: Arbeidslivskompetanse. En kvalitativ studie om syn på arbeidslivskompetanse innen høyere musikkutdanning med fokus på jazz og rytmisk utøving

Taus kunnskap

Silje Ræstad Karlsen mener musikkstudenter ikke får nok hjelp til å klare seg etter studiene. Musikerne bør se til BI for hjelp.

Vil ikke skifte takt

Gøte Strindler fikk i forrige uke jobben som ny Radio Nova-redaktør. Han satser på å underholde tyske trailersjåfører også til neste år.

Skrevet, sensurert, arkivert – og glemt

Selv om masteroppgaver kan være en god kilde til kunnskap, er det veldig få som leser dem. Det ønsker blant andre Manifest Analyse å gjøre noe med.

Formidlingsproblemet

Forskere og journalister har noe å lære av narkolangere, mener BBC-journalist og genetikk-ekspert Adam Rutherford.

Ute av Blitzregnet

Brannbomber kastet av nynazister og store gateslag er ikke lenger hverdagskost. Når Blitz feirer 30 år er det gatefest med vegetariske grillspyd som står på menyen.

Det hjemløse argumentet

Ekspertene forteller oss hva som er rett og galt. Er det plass til argumentasjon mellom påstandene?

STUDIUM: Peace and conflict studies (Pecos) HVOR: Samfunnsvitenskapelig fakultet, Universitetet i Oslo OPPGAVE: De libyske opprørerne: Med medier som våpen

Mellom mot og militser

I Libya organiserte hundrevis av frivillige seg, og brukte mediene som våpen i kamp mot Gaddafi. Amund Bakke Foss dro til Benghazi for å forske på mediestrategene.

–Ekspertveldet er et demokratisk problem

I det som av noen omtales som et sirkus, av andre som en oppvisning i journalistikk på sitt beste, spiller ekspertene en viktigere rolle enn noen gang.

¡Viva la Revolución!

Immortal Technique var nær ved å fullføre college – hadde han bare ikke havnet i fengsel. Konsertene hans er kjent for å være halvt hiphop-show og halvt politikkforelesning.


Flere saker fra kultur »