Annonse

annonser i Universitas

Mellom himmel og mor

Gudstenester på engelsk kan bli ei åndeleg hamn for langvegsfarande studentar.

In English

SKIFTANDE SKRIFT: Ordet er framleis Gud, men kvar fjerde søndag vil det denne våren bli ført fram på engelsk.
FOTO: Brian Olguin

UNDRANDE: --Kan alle og einkvar gå til nattverd her? BI-student Tam Kwok Shun frå Hong Kong (til høgre) er full av spørsmål til studentprest Nils Jøran Riedl etter gudstenesta.
FOTO: Brian Olguin

UNIKT: Student i business-administrasjon på BI, Fanny Dutrey, kjenner ikkje til engelskspåklege gudstenester i heimlandet Frankrike.
FOTO: Brian Olguin

«Let us, as we always do here, pray together.»

Da studentprest Nils Jøran Riedl inviterte til felles bøn i Slottskapellet førre søndag, vart hender frå alle verdshjørne falda. For mange av dei frammøtte var dette den første opplevinga med norsk kyrkje.

- Veldig ulikt franske gudstenester. Det var meir livleg og preika mindre moralistisk enn det eg er van med, fortel franske Fanny Dutrey, som studerer business administrasjon på BI.

Kur mot heimlengt

I følgje Riedl er det første gongen at eit sokn i den norske kyrkja kan tilby engelske høgmesser med jamne mellomrom. Initiativet kjem frå studentprestane sjølve.

- I haust feira vi hundreårsjubileum. Ein av tinga vi gjorde var å ha ei engelsk gudsteneste, og det fekk vi veldig god respons på. Tilbodet til engelskspråklege studentar er veldig avgrensa. Likevel opplever vi at det er eit behov. Dette er menneske som er langt heimanfrå, og som vi ønskjer å prioritere, seier han.

- Er internasjonale studentar meir interesserte i tilbodet til studentprestane enn dei norske er?

- Det veit eg ikkje, men eg opplever at internasjonale studentar er meir svoltne på at det skjer noko.

Kvar frå sin by

- Som protestant er eg kjempeglad for dette tilbodet. Å skjøne språket er ei føresetnad for at eg skal gå på gudsteneste, seier BI-student Tam Kwok Shun frå Hong Kong. Han reagerer likevel på organiseringa av studentgudstenestene.

- Her går religiøse arrangement inn under velferdstilbodet til studentar. Det ville aldri skjedd i Hong Kong, slår han fast.

Den norske jusstudenten Jarle Langeland kan derimot fortelja om tvunge kyrkjeoppmøte tre dagar i veka da han studerte på college i USA. Han er nølande med å kommentere korleis han opplevde det, men likevel full av lovord om dei engelskspråklege gudstenestene i Slottskapellet.

- Som utvekslingsstudent blir det fort til at ein hamnar saman med andre internasjonale studentar. Desse gudstenestene vil kanskje vera eit høve til å bli meir integrert, og koma i kontakt med oss nordmenn, meiner han.

Ricardo Duque, leiar i International Students´ Union Oslo, helsar også gudstenestene velkomne på vegne av dei medlemmane som er interesserte.

- Studentar har rett til å tru på det dei vil, og dersom dei ønskjer å følgje opp sin eigen religion, er det flott at dei får høve til det, seier han.

Jubel og lovsong

Studentprest Riedl har ikkje motteke negative reaksjonar. Tvert om opplever han at folk er veldig positive, sjølv om det norske språket blir sett til side kvar fjerde søndag framover.

- Det er ei utfordring for oss å gjera det på engelsk. Vi håpar på deltaking frå dei internasjonale studentane etter kvart, slik at dei også kan vera med å forme gudstenesta, seier han.

Men liturgen meiner ikkje at han let innhaldet i preikene bli påverka av nasjonaliteten til kyrkjelyden.

- Eg tenkjer alltid over kven eg snakkar til. Men studentar er studentar, seier han.

Riedl har også merka seg at fleirtalet av dei frammøtte er frå BI, der han sjølv jobbar.

- På BI har vi god kontakt med internasjonalt kontor. Dei sender gjerne ut e-postar og slik. Den mulegheita har vi så langt ikkje hatt andre stader, forklarar han.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kultur

Pensumekspressen

To dager til eksamen? Slapp av. Universitas hjelper deg!

Studium: Musikkpedagogikk Hvor: Norges musikkhøyskole Oppgave: Arbeidslivskompetanse. En kvalitativ studie om syn på arbeidslivskompetanse innen høyere musikkutdanning med fokus på jazz og rytmisk utøving

Taus kunnskap

Silje Ræstad Karlsen mener musikkstudenter ikke får nok hjelp til å klare seg etter studiene. Musikerne bør se til BI for hjelp.

Vil ikke skifte takt

Gøte Strindler fikk i forrige uke jobben som ny Radio Nova-redaktør. Han satser på å underholde tyske trailersjåfører også til neste år.

Skrevet, sensurert, arkivert – og glemt

Selv om masteroppgaver kan være en god kilde til kunnskap, er det veldig få som leser dem. Det ønsker blant andre Manifest Analyse å gjøre noe med.

Formidlingsproblemet

Forskere og journalister har noe å lære av narkolangere, mener BBC-journalist og genetikk-ekspert Adam Rutherford.

Ute av Blitzregnet

Brannbomber kastet av nynazister og store gateslag er ikke lenger hverdagskost. Når Blitz feirer 30 år er det gatefest med vegetariske grillspyd som står på menyen.

Det hjemløse argumentet

Ekspertene forteller oss hva som er rett og galt. Er det plass til argumentasjon mellom påstandene?

STUDIUM: Peace and conflict studies (Pecos) HVOR: Samfunnsvitenskapelig fakultet, Universitetet i Oslo OPPGAVE: De libyske opprørerne: Med medier som våpen

Mellom mot og militser

I Libya organiserte hundrevis av frivillige seg, og brukte mediene som våpen i kamp mot Gaddafi. Amund Bakke Foss dro til Benghazi for å forske på mediestrategene.

–Ekspertveldet er et demokratisk problem

I det som av noen omtales som et sirkus, av andre som en oppvisning i journalistikk på sitt beste, spiller ekspertene en viktigere rolle enn noen gang.

¡Viva la Revolución!

Immortal Technique var nær ved å fullføre college – hadde han bare ikke havnet i fengsel. Konsertene hans er kjent for å være halvt hiphop-show og halvt politikkforelesning.


Flere saker fra kultur »