Synleggjering
Fanny Duckert peikar på at det diverre ikkje finst noko mirakelløysing for å få fleire kvinner til å aktivt publisere forskingsarbeid. Ho meiner synleggjering av kvinner er ein god strategi.
-Det er ein påfallande tendens til at miljøa oftare trekkjer fram unge lovande menn framfor kvinner når ein blir invitert til forskingsoppdrag. Synleggjering av dyktige kvinner er ei pågåande utfordring som vi heile tida må arbeide aktivt med. Kvinner må kjempe ein stadig pågåande kamp for å være synlege, seier ho.
Duckert er medviten på dette og har ei eiga liste med namn på flinke kvinner.
- Slik kan eg minne meg sjølv og andre på at det ikkje er mangel på dyktige kandidatar når vi skal foreslå namn til prestisjefylte oppdrag, seier ho.
Ho er likevel klar på at dette er leiinga sitt ansvar.
- Eit viktig ansvar for leiinga er også å skjerme kvinnelige førsteamanuensar frå for mykje administrativt arbeid. Dessutan å aktivt rekruttere kvinner til innflytelsesrike nettverk, og å hjelpe til med skriving av gode forskingssøknader.
Dugleik framfor kjønn
«Sidan det er krav om kvinnerepresentasjon i mange komitear, men færre kvinner enn menn å ta av, blir dette ei større tyngsle for kvinner».
Anna Vibeke Lorentzen, likestillingsrådgjevar ved UiO.
Janne Haaland Matlary, professor i statsvitskap, publiserer mykje, og kjenner seg ikkje att i det som blir sagt om ein lukka mannskultur. Ho seier ho aldri har kjent på normar om at kvinner bør ligge lågt i terrenget, og meiner heller ikkje at høg publiseringsaktivitet går ut over undervisningsplikta. Tvert om påstår ho at det er ein styrke.
- Undervisning utan at ein er oppdatert på faget er nokså verdlaus på universitetsnivå, meiner ho.
Haaland Matlary synes heller ikkje det bør vera noko mål i seg sjølv at kvinner publiserer like mykje som menn.
- Det er kor dyktig ein er som skal telje, ingenting anna, seier professoren.
Fakta
- Tal frå 2005 og 2006 viser at kvinnelege vitskapeleg tilsette ved UiO produserer mindre publikasjonspoeng enn menn. Statistikken er utarbeidd av Forskingsadministrativ avdeling ved UiO.
- Publikasjonspoeng blir gitt for monografiar, artiklar i antologiar og artiklar i periodika og seriar.
- Skilnaden er mest markantant på nivå 2, altså det høyeste vitenskaplige publikasjonsnivå.
- Publisering på nivå 2 gir flest publikasjonspoeng, som igjen utløyser større økonomiske ressursar frå departementet.














