Annonse

annonser i Universitas

Farvel, Hovudfag!

Ein 102 år gammal tradisjon går mot slutten. Denne våren må hovudfagstudentane levere, om dei ikkje vil ta til takke med ein nymotens mastergrad.

IKKJE STRESSA: Kristin Reiten har take seg god tid med hovudfagsoppgåva
FOTO: Silje Ramstad

LETTA: Fredrik Thue mener det er bra at oppgåvene blir korta ned.
FOTO: Anne Ogundipe

Det er bra dei hadde ein frist, eller så hadde eg aldri vorte ferdig. Hovudfagsstudent Ingfrid Norum

- Dei som er konservative på dette med hovudfag, ser bort frå kor lange oppgåvene verkeleg kunne blitt, seier Fredrik Thue, forskar ved Forum for universitetshistorie.

Thue fortel at da lova om hovudfaget kom i 1905, var tanken at oppgåva skulle ta omlag seks veker å skrive. I 1954, ved innføringa av grunn-, mellom- og hovudfagsordning, vart det sagt at det måtte vera muleg å avgrense til 40-50 sider. Altså er det på ingen måte nytt at ein forsøker å korte ned omfaget av desse avhandlingane.

- Etter kvart utvikla det seg ein kultur for at hovudoppgåvene skulle vera lange og omfattande, hevdar Thue, og meiner desse forventingane vart drivne fram både av professorar og studentar.

- Eksplosjon

- På 70-talet kom det ein eksplosjon, og folk leverte på 250 og 300 sider. Det kom nok av at mange studentar var opptekne av fagkritikk, og at det rådde ei norm å ikkje ta doktorgrad. Dei som meiner at dette bryt med den opphavlege intensjonen bak hovudfaget tek rett og slett feil.

Thue er ikkje sikker på at det å gå i årevis utan å få levert oppgåva var med og gjorde folk modne, reflekterte og trygge på seg sjølv, slik det var meininga.

- Kanskje er det ikkje heldig å tvinge alle til å lage ei stor vitskapeleg avhandling? Vi må hugse på at universitetet ikkje først og fremst skal utdanne forskarar, men folk som skal ut i samfunnet etterpå.

Thue vil likevel ikkje forsvare den nye mastergraden blindt.

- Effektivitetspremiering er ikkje heldig dersom det går på kostnad av originalitet og personleg motivasjon. Vi treng dei som brenn for faget og som tør å satse på usikre prosjekt.

Innspurten under kontroll

Kristin Reiten begynte på hovudfag i 2002, og skulle dermed ha vore ferdig i 2004. Men så fekk ho jobb som informasjonsmedarbeidar i Norske Kvinners Sanitetsforeining, og brått hasta det ikkje så mykje med oppgåva. Heilt til i vår.

- Det er viktig for deg å ta hovudfag i staden for master?

- Sjølve tittelen spelar inga rolle for meg, men det er jo eit poeng at dersom ein skal få ettergitt studielån på grunn av fullført hovudfag, så er dette aller siste fristen, medgir den snart ferdigutdanna medievitaren.

Oppgåva til Reiten handlar om Statoil sitt engasjement i Angola, og korleis media framstiller det. Ho har oppdaga at medan selskapet sjølv er opptatt av dei lokale ringverknadene, fokuserer media heller på dei store problemstillingane som menneskerettar og korrupsjon.

Oppgåva må leverast 10.mai, men Reiten fortel at ho ikkje er særleg stressa om dagen.

- Eg har hatt mange år på meg, og tid til å jobbe med oppgåva no og da. Dessutan har eg yrkeserfaring, og veit at den uansett er meir verd på arbeidsmarknaden.

Cand.theol. i siste liten

- Det er bra dei hadde ein frist, eller så hadde eg aldri vorte ferdig, seier Ingfrid Norum, som nett har sendt hovudoppgåva i kristendom til trykking.

Ho har allereie jobba som lærar i 25 år, og var ikkje avhengig av hovudfagsgraden for å få seg jobb. Norum har take for seg den bibelske forteljinga i gamaltestamentet om Josva og kampen om Jeriko. Bibelforskarar har slått fast at dette er ei myte, men i Noreg finst det svært lite forsking på korleis ein tolkar legender og myter.

- Eg har tolka myta om Josva og Jeriko som eit eventyr. Men her i Vesten knyter vi jo eventyr til løgn og fanteri, så dette blir kanskje ikkje populært, undrar Norum.

For å kunne skrive oppgåva har ho måtte lære seg ein del hebraisk. Men det tok lang tid frå ho lærte seg språket til ho begynte skriveprosessen.

- Det var tungt å koma i gang, men rettleiaren var flink til å følgje meg opp. Eg begynte på sjølve oppgåva først i november i fjor, seier den aller siste hovudfagsstudenten på Det teologiske fakultet.

Fakta

Hovudfag
  • Hausten 2003 starta Universitetet i Oslo opp med mastergradar i staden for hovudfag. Dette var ein del av Kvalitetsreforma, og eit ledd i prosessen med å samkjøre europeisk høgare utdanning (Bolognaprosessen).
  • Skilnaden på master og hovudfag varierer frå fag til fag. Generelt er det krav om at oppgåvedelen ikkje skal overstige 60 studiepoeng av ein toårig mastergrad.
  • Våren 2007 er siste frist for å levere hovudfagsoppgåve.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kultur

Pensumekspressen

To dager til eksamen? Slapp av. Universitas hjelper deg!

Studium: Musikkpedagogikk Hvor: Norges musikkhøyskole Oppgave: Arbeidslivskompetanse. En kvalitativ studie om syn på arbeidslivskompetanse innen høyere musikkutdanning med fokus på jazz og rytmisk utøving

Taus kunnskap

Silje Ræstad Karlsen mener musikkstudenter ikke får nok hjelp til å klare seg etter studiene. Musikerne bør se til BI for hjelp.

Vil ikke skifte takt

Gøte Strindler fikk i forrige uke jobben som ny Radio Nova-redaktør. Han satser på å underholde tyske trailersjåfører også til neste år.

Skrevet, sensurert, arkivert – og glemt

Selv om masteroppgaver kan være en god kilde til kunnskap, er det veldig få som leser dem. Det ønsker blant andre Manifest Analyse å gjøre noe med.

Formidlingsproblemet

Forskere og journalister har noe å lære av narkolangere, mener BBC-journalist og genetikk-ekspert Adam Rutherford.

Ute av Blitzregnet

Brannbomber kastet av nynazister og store gateslag er ikke lenger hverdagskost. Når Blitz feirer 30 år er det gatefest med vegetariske grillspyd som står på menyen.

Det hjemløse argumentet

Ekspertene forteller oss hva som er rett og galt. Er det plass til argumentasjon mellom påstandene?

STUDIUM: Peace and conflict studies (Pecos) HVOR: Samfunnsvitenskapelig fakultet, Universitetet i Oslo OPPGAVE: De libyske opprørerne: Med medier som våpen

Mellom mot og militser

I Libya organiserte hundrevis av frivillige seg, og brukte mediene som våpen i kamp mot Gaddafi. Amund Bakke Foss dro til Benghazi for å forske på mediestrategene.

–Ekspertveldet er et demokratisk problem

I det som av noen omtales som et sirkus, av andre som en oppvisning i journalistikk på sitt beste, spiller ekspertene en viktigere rolle enn noen gang.

¡Viva la Revolución!

Immortal Technique var nær ved å fullføre college – hadde han bare ikke havnet i fengsel. Konsertene hans er kjent for å være halvt hiphop-show og halvt politikkforelesning.


Flere saker fra kultur »