Det skjer, det skjer
Tino Schaedler har sprengt Westminster til himmels og fått Johnny Depp til å sjå ut som eit nærsynt romvesen. No kjem han til Arkitekthøgskolen i Oslo (AHO) og professor Per Kartvedt står ansvarleg.
- Korleis kom de på å invitere Schaedler?
- Han skal halde eit seminar dagen før på Norsk Filminstitutt, så da passa det bra å få han til å stikke innom her også. Det var ein tidlegare tilsett som tipsa oss om det.
- Kva har visuell filmdesign med arkitektur å gjera?
- Det er overlapp i interessefeltet. Arkitektar kan inkludere animasjon og den type verkemiddel i arbeidet sitt. Dei skal jo også byggje digitale rom. Mange arkitektar endar til dømes opp som utviklarar av PC-spel.
- Du er ikkje redd for at arkitekturstudentane skal begynne å leggje inn sjokoladeelver i Nordmarka eller sprengje Stortinget?
- Nei, kvifor det?
Schaedler har jo medverka til den visuelle regien på «Charlie og sjololadefabrikken» og «V for Vendetta», mellom anna.
- Studentane har vel sett dei filmane uansett.
- Er det hit ein skal gå om ein vil sjå Oslo anno 2050?
- Nei, han vil nok ikkje snakke om det. Eg går ut ifrå at det kjem til å handle mykje om hans eiga yrkeskarriere. Schaedler er sjølv utdanna arkitekt, og kjem sikkert til å seia litt om korleis han har gått frå arkitektur til digital design.
- Kvifor bør folk dukke opp da?
- For å få vite korleis han har jobba med dei store filmane sine. Dette er interessant teknologi, og det ligg også pengar i det for dei som har lyst til å satse.













