Annonse

annonser i Universitas

Mistillit på Kunsthøgskolen

Studieleiaren på Kunstakademiet har trekt seg frå stillinga si, men dekanen ser ingen grunn til å tilsetja ein ny med det første. Studentar og tilsette rasar.

TOM STOL: Kunstakademiet manglar studieleiar
FOTO: Brian Olguin

OPPRØRT: Tidlegare studieleiar Michael O`Donnell meiner dei tilsette allereie er overarbeidd.
FOTO: Brian Olguin

TOM STOL: Kunstakademiet manglar studieleiar
FOTO: Brian Olguin

Bachelorstudentane på avdeling Billedkunst - Kunstakademiet på Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO), har ingen studieleiar. Stillinga har vore ledig sidan 23. februar, da den forrige studieleiaren ikkje lenger ville halde fram.

- Eg fekk trugsmål av KHiO sine advokatar om at eg kunne risikere å miste stillinga, både som studieleiar og professor, seier tidligere studieleiar Michael O`Donnell.

Argumenta var lite saklege, meiner han.

- Mellom anna skulle eg ha kalla dekanen for kvakk-kvakk, og ledd på eit møte. Etter dette ville eg ikkje halde fram som studieleiar.

Ingen tillit

Leiaren av studentutvalet, Marius von der Fehr, er svært lite nøgd med situasjonen.

- Studentane treng ein fast person å forhalde seg til. No har dekanen teke over det formelle ansvaret for denne stillinga, men han har vi ikkje tillit til, seier han.

Han viser til mistillitsframlegg frå studentutvalet mot dekan Ståle Stenslie både i april og oktober i fjor. Stenslie på si side hevdar at dette ikkje er noko problem.

- Det er uansett eg som har det formelle ansvaret for alt som skjer på fakultetet her.

Avviste intern kandidat

Stillinga som studieleiar er ei 50 prosents stilling, og Stenslie fortel at det vil bli tilsett ein ny til hausten.

- Inntil vidare fungerer situasjonen godt med dei ressursane vi har tilrådevelde. Praktiske studieleiar-oppgåver som avgangsutstillingar og opptaksprøver blir fordelt mellom reisten av dei tilsette, sier han.

Men O`Donnell, som framleis er tilsett i full stilling som professor, er ikkje samd i at dagens situasjon er god.

- Nei, det er det reinaste nonsens. Dei tilsette har allereie alt for mykje å gjera, og det vil studentane lide under, mellom anna ved mindre tilgjenge og oppfølgjing.

von der Fehr fortel at studentutvalet og lærarkollegiet fremja ein intern kandidat til stillinga da O`Donnell trakk seg 23. februar. Dette fekk dei ikkje gjennomslag for, seier han.

- Kvifor ville du ikkje tilsetja denne personen, Stenslie?

- Eg har ikkje gått imot nokon. Men eg meiner situasjonen kan fungere godt med dei ressursane vi har i dag, seier dekanen.

Følgjer spelereglane

Rektor ved Kunsthøgskolen, Peter Butenschøn, seier at etter det han kjenner til, er alle avgjerder og tiltak på Kunstakademiet truffe i samsvar med gjeldande reglar, og ønskjer utover dette ikkje å kommentere saka. Marius von der Fehr opplyser om at studentane og kollegiet kjem til å sende sak til styret om mistillit til dekan Ståle Stenslie.

- Dette er verkeleg eit uhaldbart mistillitstilhøve, seier han.

Les óg «Veiledes fra bilen».

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kultur

Pensumekspressen

To dager til eksamen? Slapp av. Universitas hjelper deg!

Studium: Musikkpedagogikk Hvor: Norges musikkhøyskole Oppgave: Arbeidslivskompetanse. En kvalitativ studie om syn på arbeidslivskompetanse innen høyere musikkutdanning med fokus på jazz og rytmisk utøving

Taus kunnskap

Silje Ræstad Karlsen mener musikkstudenter ikke får nok hjelp til å klare seg etter studiene. Musikerne bør se til BI for hjelp.

Vil ikke skifte takt

Gøte Strindler fikk i forrige uke jobben som ny Radio Nova-redaktør. Han satser på å underholde tyske trailersjåfører også til neste år.

Skrevet, sensurert, arkivert – og glemt

Selv om masteroppgaver kan være en god kilde til kunnskap, er det veldig få som leser dem. Det ønsker blant andre Manifest Analyse å gjøre noe med.

Formidlingsproblemet

Forskere og journalister har noe å lære av narkolangere, mener BBC-journalist og genetikk-ekspert Adam Rutherford.

Ute av Blitzregnet

Brannbomber kastet av nynazister og store gateslag er ikke lenger hverdagskost. Når Blitz feirer 30 år er det gatefest med vegetariske grillspyd som står på menyen.

Det hjemløse argumentet

Ekspertene forteller oss hva som er rett og galt. Er det plass til argumentasjon mellom påstandene?

STUDIUM: Peace and conflict studies (Pecos) HVOR: Samfunnsvitenskapelig fakultet, Universitetet i Oslo OPPGAVE: De libyske opprørerne: Med medier som våpen

Mellom mot og militser

I Libya organiserte hundrevis av frivillige seg, og brukte mediene som våpen i kamp mot Gaddafi. Amund Bakke Foss dro til Benghazi for å forske på mediestrategene.

–Ekspertveldet er et demokratisk problem

I det som av noen omtales som et sirkus, av andre som en oppvisning i journalistikk på sitt beste, spiller ekspertene en viktigere rolle enn noen gang.

¡Viva la Revolución!

Immortal Technique var nær ved å fullføre college – hadde han bare ikke havnet i fengsel. Konsertene hans er kjent for å være halvt hiphop-show og halvt politikkforelesning.


Flere saker fra kultur »