Dyr lærdom
Det ligg mykje pengar i vitskapelege tidsskrift. Så mykje pengar at Universitetsbiblioteka ikkje lenger har råd til å abonnere.
- Dette handlar meir om å få spreidd kunnskap enn å skaffe profitt. Vidar Røeggen, prosjektleiar i Universitetsforlaget.
- Dette er eit problem både i høve til forskinga sjølv, og dei som vil ha innsyn, seier Hilde Trygstad, hovudbibliotekar ved Diakonhjemmets Høgskole.
Da kvalitetsreforma kom, vart det innført eit teljekantsystem for publisering av forsking. I teljekantsystemet får ulike tidsskrift ulik kreditering, og mange internasjonale tidsskrift kjem høgt opp på rankeringa. Dette utnyttar forlaga til å ta høg abonnementspris, krevje einerett til vidare publisering samt i visse tilfelle å ta betalt av forfattaren for å trykke vitskapelege artiklar. Trygstad har tidlegare site i Forskerforbundet sitt hovedstyre, og viser til at tidsskriftpublisering er ein måte å spreie kunnskap på, men også at det tener som fundament for vidare forsking.
- Ikkje minst på globalt plan er dette er eit problem, i og med at U-land er avhengige av kunnskap for å kunne utvikle seg, seier ho.
Uakseptable vilkår
Konflikten med dei utanlandske forlaga har no spissa seg til. Blant anna har Universitetsbiblioteka i Noreg sagt opp avtalen med det internasjonale forlaget Blackwell Publishing. Abonnementet omfatta 300 tidsskrift. Universitetsbibliotekar ved Universitetet i Oslo (UiO), Inger Wiborg, fortel at krava rett og slett vart for urimeleg.
- Vi har sett ei årleg prisauke på 7-8 prosent dei siste 6-7 åra. I tillegg ville forlaget ha garanti frå oss, for at institusjonar som ikkje høyrer inn under Universitetsbiblioteket, men går via institutt, også skulle forlenge abonnementet sitt. Blackwell utnyttar marknadsmakta si, og vi var nøydd til å seia ifrå.
Urimeleg dyrt
- Eg er svært kritiske til publiseringssystemet slik det er no, seier professor i historie ved UiO, Knut Kjeldstadli.
- For det første er prisane på mange utanlandske tidsskrift urimeleg høge, og fleire stader må også forskaren sjølv betale for å koma på trykk. For det andre signaliserer det norske systemet at formidling til eit allment publikum er lite verd.
Trygstad peiker på at tidsskrifta skal halde folk oppdatert på det som skjer innanfor eit forskingsfelt.
- Når det kostar så mykje pengar å abonnere, må det bli gjort eit utval. Utvalet kan vera ganske tilfeldig, og ei slik avgrensing vil uansett føre til mindre mangfald.
Professor i biologi, Dag Olav Hessen, er ikkje like uroa for situasjonen.
- Høge prisar kan vera problematisk, men eg ser ikkje at dette vil ha så veldig stor innverknad på den frie forskinga. Det måtte i så fall vera i dei tilfella der det er ekstremt dyrt å trykke artiklar, og vedkomande har lite ressursar til rådevelde.
Dugnadsand
Vidar Røeggen, prosjektleiar i Universitetsforlaget, trur ikkje at verksemda til norske forlag, på deira storleik, trugar den frie forskinga.
- Redaksjonane til dei ulike tidsskrifta er heilt fristilte, og avgjer sjølv kva artiklar som skal stå på trykk. Det er stor dugandsand internt i dei ulike fagmiljøa. Ingen må betale for å stå på trykk i våre tidsskrift. Dette handlar meir om å få spreidd kunnskap enn å skaffe profitt.
Han får stønad av generalsekretæren i Norsk faglitterær forfatter - og oversetterforening (NFF), Trond Andreassen.
- I Noreg er profittratane låge, rundt 5 prosent. Dei store internasjonale forlaga opererer derimot med opptil 40 prosent. Når tilgangen til ny informasjon blir så dyr, påverkar det sjølvsagt den vidare forskinga.
Fakta
- Universitetsbiblioteket i Oslo har sagt opp avtala med det internasjonale forlaget for vitskapelege tidsskrift, Blackwell Publishing.
- Den internasjonale tidsskriftbransjen er dominert av fem store selskap: Blackwell Publishing, Springer, Elsevier, Taylor & Francis og Wiley (nyleg fusjonert med Blackwell Publishing). Dette gir tilnærma monopolsituasjon.
- Norske forlag blir hevda å vera lang mindre kommersialiserte.
- Mange akademikarar frykter smalare forsking og mindre tilgjenge.













