Annonse

annonser i Universitas

Kritiser oss!

Kronikkforfattaren takkar de 120 000 studentane som gir SAIH-tiarane.

VER KRITISKE: SAIH ber dykk bruke den kritiske sansen aktivt, både når det gjeld norsk utviklingspolitikk, bistandsarbeid, faglitteratur og det media formidlar. Foto: Brian Olguin
FOTO: Anne Ogundipe

Kamilla Stølen

Studentar er sentrale i alt vi gjer, både her heime og i bistandsarbeidet vårt.

Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) er studentane sin eigen solidaritets- og bistandsorganisasjon, og gjennom å betale tiarane kan akkurat du bidra til arbeidet for frigjering i land i Sør. SAIH meiner at utdanning er eit middel for å nå dette målet, og vi håpar du deler visjonen om ei verd der alle har tilgang til utdanning på eigne premiss. Men før du betalar bør du spørje oss: Kva driv de eigentleg med i SAIH?

Sidan vi er studentane sin eigen bistandsorganisasjon ser vi det som spesielt viktig at du som student vurderar oss med eit kritisk blikk. Di meining har mykje å seie for korleis vi jobbar og utviklar oss, og vi håpar at du set deg inn i korleis vi jobbar.

Kvifor er studentar så viktige? Studentar er sentrale i alt vi gjer, både her heime og i bistandsarbeidet vårt. Studentar både i Sør og Nord er viktige endringsaktørar i samfunnet. Gjennom kunnskapar og haldningar studentar tileignar seg i utdanninga si er de viktige både for den økonomiske utviklinga og for sosiale og politiske endringar. De er denne og neste generasjons samfunnsutviklarar i eit land, og blant dykk fins den neste utviklingsministaren, neste generasjons samfunnsvitarar, bioingeniørar og oljeselskapsdirektørar. Bistandsarbeid retta mot høgare utdanning kan forhåpentlegvis bidra til at studentar i Sør får større rom til å bidra til positive endringar i samfunna dei lev i.

Studentar i Sør som aktive endringsaktørar er diverre ikkje det mest vanlege biletet av situasjonen i Sør vi får servert i Noreg. Ifølgje ei FN-undersøking trur nordmenn at situasjonen for land i Sør er mykje verre enn det han i verkelegheita er. Nyansert Nord/Sør-informasjon er ei mangelvare, men vi har stor tru på at du som student i Noreg kan endre dette. Du står i ein unik posisjon til å kritisere dei framstillingane av Sør som fins, og bidra til eit meir allsidig bilete.

Har det vi gjer i Noreg noko å seie? Ein kan sjølvsagt spørje seg kor mykje vi i Noreg har å seie i den store samanhengen. Har det verkeleg noko å seie kva vi trur om til dømes afrikanarar? Vi trur det. Måten du behandlar informasjon på bestemmer kva du tenker om ei sak, og det du tenker, anten bevisst eller ubevisst, påverkar handlingane dine. Ein StatoilHydro-direktør utan tilstrekkeleg kunnskap om korleis det eigentleg står til i verda kan til dømes gjere stor skade. Der ingen tvil om at land i Sør står overfor mange utfordringar, men det hjelper dei lite dersom vi i Noreg sit med eit inntrykk av at størsteparten av afrikanske born er underernærte og utan skulegong, at afrikanske kvinner til dagleg blir voldtekne og kjønnslemlesta, og at afrikanske menn for det meste vekslar mellom å drikke, slå og spreie om seg med hiv. Det seigliva biletet av afrikanarar som passive bistandsmottakarar er ikkje berre feil, men det kan òg vere til direkte hinder for utviklinga på kontinentet og i verda elles.

I lys av den aukande globaliseringa er det openbart at det vi gjer i Noreg i større og større grad påverkar det som skjer i til dømes Zambia, og omvendt. Konsekvensane klimaendringane har fått for Afrika illustrerar dette. Som kritisk student og framtidig samfunnsutviklar kan du bidra til at denne påverknaden får positive konsekvensar.

SAIH veit at det blant studentar fins eit brennande engasjement for menneskerettar, demokrati og Nord/Sør-spørsmål, og vi ønskjer å vere ei reiskap og ein kanal for dykk som har dette engasjementet. Til gjengjeld ber vi dykk å bruke den kritiske sansen dykk aktivt, både når det gjeld norsk utviklingspolitikk, bistandsarbeid, faglitteratur og det media formidlar. Takk for tiarane!

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kronikk

Btw, Praksis!

Bedre praksis for flere er svar på mange utfordringer i utdanningene, skriver Kyrre Lekve.

Det kommer flere innvandrere til Norge. Slapp av.

In the ghetto?

Frivillighet lønner seg

Man skal ikke undervurdere styrken i svake bekjentskap, ei verdien i frivillighetsarbeid, skriver Warsan Ismail.

Å aldri rope ulv

I iveren etter å forsvare egne, og andres, politisk ukorrekte uttalelser, skaper rasistapologetene ly og arena for det genuint rasistiske, skriver Warsan Ismail.

Det politiske prosjektet til Storbritannias jernkvinne må sees i sammenheng med den tiden hun ble statsminister, skriver Ove Vanebo.

Thatcher fortjener nyanser

Krisen gir kunnskapsmuligheter

Gjeldskrisa i Europa har allerede ført til økte skolepenger ved universiteter i flere land. Det kan være både en trussel og mulighet for norske studenter, skriver Kyrre Lekve.

Mens rikdom ikke er noen sikker vei til lykke, fører fattigdom ganske sikkert til større ulykke, skriver Julie Lødrup.

Arven etter Thatcher

Hvis du mener tannlegetjenester er dyre i dag, bare vent og se hvor dyrt det blir når det skal bli billigere, skriver Ove Vanebo.

Dropp subsidiert tannhelse

Det finnes ingen vei utenom. HiOA må bli et universitet.

Uunngåelig universitet


Flere saker fra kronikk »