Annonse

annonser i Universitas

Master i entreprenørskap – trendy luftslott eller akademisk substans?

Kronikkforfatteren beskriver Universitetets nye satsing på brobygging mellom næringslivet og akademia

Narve Trædal, daglig leiar for Senter for entreprenørskap

Universitetsstyret fatta på sitt siste møte vedtak om oppretting av Senter for entreprenørskap (SFE). Dette senteret vil som sine hovudoppgåver ha ansvaret for den velkjende Gründerskolen og eit nytt studieprogram som vil føre fram til Master of Science in Innovation and Entrepreneurship under Matematisk–naturvitskapleg fakultet.

Ein del skeptikarar vil vel sjå dette som ein ny lekk i rekkja av initiativ for å byggje bru mellom forskingsresultat og industriprodukt dei siste 20–30 åra, og frykte at også dette, i likheit med mange av sine forgjengarar, vil ende opp med same resultat som kjerringa fekk då ho klipte grisen.

Men for dei som har arbeidd med senter– og mastergradskonseptet, er vedtaket historisk, og gir rammer for å realisere utdanningsidear som lenge har modnast fram i miljøet rundt Gründerskolen.

Gründerskolen vil utgjere startsemesteret i masterprogrammet. Skolen har i si fem–årige levetid vore ein ubetinga suksess og ekspandert frå ein start med seks studentar i 1999 til 131 studentar siste året. Den meste kjende komponenten i Gründerskolen er utanlandsopphaldet, med tre månaders opphald ved oppstartsbedrifter i utlandet, samstundes som dei følgjer universitetskurs. For tida har vi slike opplegg i San Fransisco, Boston, Shanghai og Singapore. Vi jobbar med å opprette liknande avtalar med Johannesburg, truleg alt i 2005. Våre studentar kan på ingen måte, slik det blir påstått om mange andre utanlandsstudentar, surfe seg gjennom utanlandsopphaldet sitt. Det krevst hardt arbeid for å fullføre dei doble pliktene mot både universiteta og bedriftene på dei stadene dei oppheld seg. Dei aller, aller fleste kjem heimatt fulle av entusiasme og sjølvtillit.

Mange av dei etterspør vidare utdanning innan feltet. Masterprogrammet vil komme desse i møte. Søkjarane må i utgangspunktet ha ein bachelorgrad med fordjuping anten innan informatikk eller molekylærbiologi. I dei tre semestra som følgjer etter utanlandsopphaldet, vil studiet gå djupare inn i teoretiske og praktiske problemstillingar omkring innovasjons– og entreprenørskapsforsking, i tillegg til reiskapsfag (bedriftsøkonomi og markedsføring) og også vidare spesialisering i fordjupingsfaget frå bachelor. Studiet blir avslutta med ei 30–poengs masteroppgåve.

SFE vil frå første dag arbeide tett saman med Birkeland innovasjon, også om mastergradsprogrammet. Birkeland innovasjon er UiOs hittil tyngste satsing på å kommersialisere forskingsresultat, med spesialinnretting mot dei to same fagfelta, informatikk og molekylærbiologi, som vårt mastergradsprogram. I eit praktisk retta emne i 3. semester i masterprogrammet vil forretningsutvikling knytta til idear fanga opp av Birkeland innovasjon, stå sentralt. Den avsluttande oppgåva vil kunne bli team–arbeid knytta til meir teoretiske problemstillingar som dukkar opp i ein slik samanheng. Birkeland innovasjon vil såleis fungere som ein møteplass mellom vår etablerar–hungrige og etablerar–kompetente studentar og forskarar med gode forretningsidear som dei i sitt daglege strev ikkje har tid eller ork til å drive vidare. Denne dobbeltsatsinga frå UiOs side på både Birkeland innovasjon og SFE representerer ei eineståande tyngd på dette feltet, i alle fall i UiO–historia.

Innan 1. desember vonar vi at mange av dykk som les dette, og som har lyst på eit «annleis» masterprogram, vil melde dykk som søkjarar. De vil vere prøvekaninar for opplegget, og dermed også få store mulegheiter til å påverke og forme det. Røynsler frå liknande program internasjonalt, og frå vår lange praksis med Gründerskolen, går eintydig i retning av at de vil få to spennande år. Det vil bli nok av hardt arbeid, men de vil oppleve at utdanninga vil opne nye opplevings– og kunnskapshorisontar og resultere i verdfull og etterspurt kompetanse, anten de satsar på ei framtid som sjølvstendig næringsdrivande, i utviklingsavdelingar i bedrifter eller i det offentlege verkemiddelapparatet for nyskaping.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kronikk

Btw, Praksis!

Bedre praksis for flere er svar på mange utfordringer i utdanningene, skriver Kyrre Lekve.

Det kommer flere innvandrere til Norge. Slapp av.

In the ghetto?

Frivillighet lønner seg

Man skal ikke undervurdere styrken i svake bekjentskap, ei verdien i frivillighetsarbeid, skriver Warsan Ismail.

Å aldri rope ulv

I iveren etter å forsvare egne, og andres, politisk ukorrekte uttalelser, skaper rasistapologetene ly og arena for det genuint rasistiske, skriver Warsan Ismail.

Det politiske prosjektet til Storbritannias jernkvinne må sees i sammenheng med den tiden hun ble statsminister, skriver Ove Vanebo.

Thatcher fortjener nyanser

Krisen gir kunnskapsmuligheter

Gjeldskrisa i Europa har allerede ført til økte skolepenger ved universiteter i flere land. Det kan være både en trussel og mulighet for norske studenter, skriver Kyrre Lekve.

Mens rikdom ikke er noen sikker vei til lykke, fører fattigdom ganske sikkert til større ulykke, skriver Julie Lødrup.

Arven etter Thatcher

Hvis du mener tannlegetjenester er dyre i dag, bare vent og se hvor dyrt det blir når det skal bli billigere, skriver Ove Vanebo.

Dropp subsidiert tannhelse

Det finnes ingen vei utenom. HiOA må bli et universitet.

Uunngåelig universitet


Flere saker fra kronikk »