Annonse

annonser i Universitas

Sex!

Kronikkforfatteren mener internasjonal solidaritet nytter, og oppfordrer alle studenter til å sette spørsmålstegn ved vedtatte sannheter.

EN HJELPENDE HÅND: SAIH jobber med utdanningsprosjekter i Sør, og kronikkforfatteren ønsker at flere skal engasjere seg. (Foto: Grethe Kielland-Jenssen)
FOTO: Grethe Kielland-Jenssen

Kathrine Sund, leiar i SAIH (Foto: SAIH)

Det er fort gjort å miste motet. Men det betyr ikkje at det er greit å la vere å bry seg

Kathrine Sund, leiar SAIH

Etter ei lita spørjerunde blant mindre engasjerte venner, har eg fått vite at ei slik overskrift er det som skal til for å tiltrekkje seg merksemda til studentar i dag. Eller kva?

Som ny student blir ein stilt ovanfor mange val. Ved semesterstart kan det verke som om det er hundrevis av studentorganisasjonar som berre er ute etter ein ting - nemleg å stå kloa i deg. Då eg sjølv var ny student, plukka eg med meg alle dei brosjyrane eg fekk, og skulle finne «den rette organisasjonen» å bruke tid og energi på. Rett nok gjekk eg på nokre informasjonsmøte, men enda opp med å bruke det første året på festing og avslapping. Lesinga vart gjort like før eksamen. Kanskje ikkje så konstruktivt, men eit veldig hyggjeleg år.

At eg seinare enda opp i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH), var vel meir eller mindre tilfeldig. Men når eg ser tilbake på studietida, så er det SAIH som har vore den raude tråden. Det er også gjennom SAIH eg har forstått kva eg vil jobbe med når eg er ferdig å studere. Gjennom å vere med i ein organisasjon lærer ein mykje både om dei tema ein jobbar med og om organisasjonsarbeid generelt. I tillegg blir ein sjølvsagt kjend med mange nye menneske.

Studentar i dag blir gjerne skulda for å vere så lite engasjerte i forhold til studentar i «gamle dagar». For nokre år sidan vart det skrive ei historiebok om SAIH. I denne boka kan ein lese om bølgjene av studentengasjement. På 60-talet, då kampen mot apartheid verkeleg kom i gong. På 70-talet, med Vietnam og mobilisering mot atomopprusting. Kva vil stå i historiebøkene om oss som er studentar i dag?

Vi får ofte spørsmål om kvifor studentane er så mykje mindre engasjerte i dag enn tidlegare. Korleis måler ein engasjement? Dersom det er gjennom å sjå på antalet medlemmar i ulike organisasjonar, så kan det vel like gjerne bety at ein engasjerer seg på andre måtar enn tidlegare. Fokuset bør vere på å forstå korleis studentane i dag viser sitt engasjement og, ikkje minst, kva det er som får oss engasjerte. Kva vil du endre i verda?

Eg meiner ikkje at engasjement skal vere ei plikt for studentar. Ekte engasjement kjem innanifrå, og det må vere opptil kvar enkelt kva ein ønskjer å bruke tida si på. Engasjement bør altså ikkje følast som ei plikt. Men, som studentar, meiner eg at vi har ei plikt til å setje spørsmålsteikn ved oppleste sanningar, forstå at politikken er meir nyansert enn det som kjem fram i media, og seie ifrå når vi meiner noko er gale.

Ein av grunnane til å ikkje bruke noko av studietida si på det SAIH driv med, internasjonal solidaritet, er at det ikkje nyttar. Verda vert berre verre og verre uansett kva ein gjer. Det er fort gjort å miste motet. Men det betyr ikkje at det er greit å la vere å bry seg. Som medmenneske bør vi ta stilling til kva slags verd vi ønskjer for oss og alle andre. I tillegg er historia full av eksempel på at det faktisk har nytta å bry seg.

Eit aktuelt døme er sletting av u-landsgjeld. I 1993 danna SAIH-Tromsø, saman med andre organisasjonar, Aksjon slett u-landsgjelda (SLUG). Det kan no sjå ut til at regjeringa vil slette Noreg si u-landsgjeld. SLUG, og andre, sitt arbeid har lukkast.

Eit anna aktuelt døme er Bolivia. For ei veke sidan reiste utviklingsminister Solheim rundt i Sør-Amerika. Han møtte då mellom anna SAIH sin partnar CEADL, som jobbar med politisk bevisstgjering av ungdom i El Alto. – Utan dykk hadde aldri Evo Morales blitt valt til president, sa han til CEADL og andre frammøtte aktivistar. Evo Morales er den første presidenten med urfolksbakgrunn i Bolivia sin historie. Over 60 % av innbyggjarane i Bolivia høyrer til denne gruppa. Ein kan meine kva ein vil om at Morales kjem frå det sosialistiske partiet MAS. Det viktigaste er at i dag kan majoriteten av befolkninga i Bolivia endeleg sjå at sjølvaste presidenten faktisk er ”ein av dei”. I Bolivia støttar også SAIH høgare utdanningsinstitusjonar med urfolksperspektiv. Håpet er at med den nye regjeringa, så skal behovet for støtta vår forsvinne. Urfolksperspektivet vil forhåpentlegvis kome inn i dei statlege institusjonane.

Så når du no skal velje korleis du vil prioritere tida di framover, håper eg du vil vurdere å bli med i ein av dei mange studentorganisasjonane. Finn noko du er interessert i, og du vil få mykje tilbake for den tida du investerer.

Til slutt, tusen takk for tiarane de har gitt til SAIH! Mesteparten av dei går til gode utdanningsprosjekt i land i Sør. Og så bruker vi litt av dei på informasjonsarbeid blant studentar i Noreg, for å bidra til debatt rundt viktige saker.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kronikk

Btw, Praksis!

Bedre praksis for flere er svar på mange utfordringer i utdanningene, skriver Kyrre Lekve.

Det kommer flere innvandrere til Norge. Slapp av.

In the ghetto?

Frivillighet lønner seg

Man skal ikke undervurdere styrken i svake bekjentskap, ei verdien i frivillighetsarbeid, skriver Warsan Ismail.

Å aldri rope ulv

I iveren etter å forsvare egne, og andres, politisk ukorrekte uttalelser, skaper rasistapologetene ly og arena for det genuint rasistiske, skriver Warsan Ismail.

Det politiske prosjektet til Storbritannias jernkvinne må sees i sammenheng med den tiden hun ble statsminister, skriver Ove Vanebo.

Thatcher fortjener nyanser

Krisen gir kunnskapsmuligheter

Gjeldskrisa i Europa har allerede ført til økte skolepenger ved universiteter i flere land. Det kan være både en trussel og mulighet for norske studenter, skriver Kyrre Lekve.

Mens rikdom ikke er noen sikker vei til lykke, fører fattigdom ganske sikkert til større ulykke, skriver Julie Lødrup.

Arven etter Thatcher

Hvis du mener tannlegetjenester er dyre i dag, bare vent og se hvor dyrt det blir når det skal bli billigere, skriver Ove Vanebo.

Dropp subsidiert tannhelse

Det finnes ingen vei utenom. HiOA må bli et universitet.

Uunngåelig universitet


Flere saker fra kronikk »