Annonse

annonser i Universitas

Stogg satsingi på nynorsk!

Universitetets nye satsing på nynorsk gjør mer skade enn gagn, mener kronikkforfatteren.

IKKE NOK: Kronikkforfatteren mener det er utilstrekkelig å bruke dataprogrammer til oversetting.
FOTO: Sindre T. Lønnes

Universitetets nye satsing på nynorsk gjør mer skade enn gangn, mener Anders Moe, master i japansk.
FOTO: Sindre T. Lønnes

Mållovi er ikkje ei straffelov

Anders Moe, master i japansk

Noregs Mållag fyller 100 år i år. I jubileumsåret fær laget gode nyhende frå universitetsleidingi: Universitetet satsar på nynorsk, heiter det i ei pressemelding. For fyrste gong sidan lovi vart innførd i 1930, skal Universitetet i Oslo no fylgja lov om målbruk i offentleg teneste.

Slik denne satsingi vert gjord, er ho diverre lite å gleda seg yver: Ho er ein kulturskandale som kjem til å gjera stor skade på nynorsken og verta til skam for Universitetet.

Etter mållovi er Universitetet pålagt å nytta nynorsk i 25 prosent av alle dokument og gjeva eksamensuppgåvor på nynorsk til studentar som bed um det ved semesterregistreringi. Universitetet hev aldri stetta desse kravi; dei er heilt urealistiske ut ifrå kor mykje kompetent nynorskskrivande personale Universitetet råder yver. Berre kring 2,5 prosent av studentane set kryss i ruta for «nynorsk» ved semesterregistreringi. Universitetet ligg langt undan nærmaste nynorske skulekrins.

Ja vel, kann ein segja: Det er fåe som hev nynorsk til hovudmål i Oslo, men me hev jo sidemålsstilen! Både studentar og tilsette hev godkjend eksamen i nynorsk. Då kann det ikkje vera vanskelegt for Universitetet å fylla målkvoten.

Det er diverre langt frå måli med sidemålsundervisingi til den pedagogiske røyndomen i mykje av landet. Det er aldri gjort forsøk i skulen um slik undervising hev nokor von um å gjera alle nordmenn fullt ut kunnige i både bokmål og nynorsk, men stikkprøvor (utførde av Egil Børre Johnsen, Knut Michelsen og andre) peikar mot at nynorskkunnskapane hjå elevar med bokmål til hovudmål er null eller lik null. Ein vanleg stil i nynorsk sidemål er ei blanding av svensk, dialekt og bokmål. Meir nynorsk treng ein ikkje kunna for å få godkjend eksamen i nynorsk sidemål. Vil Universitetet i Oslo fylla målkvoten med god nynorsk, trengst spesialkompetanse.

Den sokalla storsatsingi er ei halvveges løysing der dei formelle kravi kann stettast utan investeringar og tidsbruk: Det er kjøpt inn eit dataprogram som set um frå bokmål til nynorsk. Slikt fusk gjer heile mållovi til eit åtløgje.

Ikkje det beste umsetjarprogrammet i verdi skynar menneskespråk, og det dataprogrammet som er kjøpt, Nynodata, er heller ufullkome. Eit vanlegt problem er at adjektiv, substantiv og verb fær ulik bøygjing på nynorsk der bokmålet hev same formi. Programmet skynar ikkje skilnaden. Programmet slit òg med samansette ord, og veit lite um idiomatiske uttrykk. Til dømes heiter «har stor betydning» «er viktig» eller «har mykje å seia» på nynorsk, ikkje «har stor tyding»; «enhver» heiter «kvar og ein» eller «alle», «einkvar» tyder «en eller annen». Slikt må vera rett, skal nynorsk vera eit språk, men til det trengst noko anna og meir enn Nynodata.

Umsetjarprogram er berre til hjelp når dei set um frå heilt framande mål; når ein ikkje skynar eitt ord polsk, kann ei dataumsetjing frå polsk trass i alle feil og lyte vera råd å få litt meining ut or. Umsetjing frå bokmål til nynorsk er meir eit spursmål um målkjensle. Ei storsatsing på nynorsk hadde vore å hyra inn kompetanse som hev denne målkjensla; Nynodata i seg sjølv løyser ingi problem.

Mållovi er ikkje ei straffelov; dersom leidingi vurderer det soleis at det ikkje er pengar til å fylgja henne, kann Universitetet halda fram med å setja lovi til sides som det hev gjort sidan 1930. Det er det beste, dersom alternativet er store mengder datamaskinframstelt «nynorsk» som berre kann brjota ned målkjensla hjå lesarane.

Eg trur ikkje den jamne nynorskbrukaren orkar sitja og telja dokument for å sjå um nynorskkvoten er fylt. Og kva skal ein med eksamensuppgåve på nynorsk, når ikkje noko av pensum er på nynorsk? Heller enn å tvinga oslofolk til å knota nynorsk ynskjer ein sjølv å skriva nynorsk og verta skyna. Når alle ved UiO berre assosierer nynorsk med hjelpelaust computergenerert babbel, kann det verta vanskelegt.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kronikk

Btw, Praksis!

Bedre praksis for flere er svar på mange utfordringer i utdanningene, skriver Kyrre Lekve.

Det kommer flere innvandrere til Norge. Slapp av.

In the ghetto?

Frivillighet lønner seg

Man skal ikke undervurdere styrken i svake bekjentskap, ei verdien i frivillighetsarbeid, skriver Warsan Ismail.

Å aldri rope ulv

I iveren etter å forsvare egne, og andres, politisk ukorrekte uttalelser, skaper rasistapologetene ly og arena for det genuint rasistiske, skriver Warsan Ismail.

Det politiske prosjektet til Storbritannias jernkvinne må sees i sammenheng med den tiden hun ble statsminister, skriver Ove Vanebo.

Thatcher fortjener nyanser

Krisen gir kunnskapsmuligheter

Gjeldskrisa i Europa har allerede ført til økte skolepenger ved universiteter i flere land. Det kan være både en trussel og mulighet for norske studenter, skriver Kyrre Lekve.

Mens rikdom ikke er noen sikker vei til lykke, fører fattigdom ganske sikkert til større ulykke, skriver Julie Lødrup.

Arven etter Thatcher

Hvis du mener tannlegetjenester er dyre i dag, bare vent og se hvor dyrt det blir når det skal bli billigere, skriver Ove Vanebo.

Dropp subsidiert tannhelse

Det finnes ingen vei utenom. HiOA må bli et universitet.

Uunngåelig universitet


Flere saker fra kronikk »