AustTimor reiser seg frå ruinane
Dei to åra som har gått sidan den austtimoreiske studentleiaren Antero Benedito da Silva mottok den fyrste Studentenes fredspris, har vore dramatiske og historisk skilsetjande både for da Silva, studentrørsla og folket på AustTimor, skriv Noralv Pedersen, hovudfagsstudent i geografi ved NTNU.
12. mars 1999 under Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim (ISFiT99) mottok Antero Benedito da Silva, leiaren i East Timor Student Solidary Council (ETSSC), den fyrste Studentenes fredspris frå norske studentar for kampen for eit fritt AustTimor. Berre veker etter at den indonesiske presidenten Suharto sommaren 1998 måtte gje frå seg styringa i Indonesia, gjennomførte ETSSC opne møte med befolkninga over heile AustTimor. På desse møta kunne folk for fyrste gong snakka ope om torturen og redsla under den 24 år lange brutale indonesiske okkupasjonen som tok livet av 200.000, ein tredjedel av den opphavelege folkesetnaden.
Før den historiske folkerøystinga 30. august 1999 der eit overveldande fleirtal stemde for sjølvstende frå Indonesia, dreiv studentane ein større opplysingskampanje. Dei mobiliserte austtimoresarane politisk og opna studentkontor i dei fleste byane sjølv om dei visste at dei risikerte livet. Den proindonesiske militsen dreiv utbreidd terror mot austtimoresarar under heile valkampen. Sjølv vart da Silva utsett for eit attentat i byen Viqueque 11. august 1999. Militssoldatar hogg to studentar i bitar og skaut ein annan mellom augo. Da Silva greidde så vidt å koma seg vekk ved å flykta gjennom skogen.
No er dei indonesiske undertrykkjarane ute, og landet er fritt. Men prisen var skyhøg. Etter folkerøystinga i 1999 sette militsen, med open støtte frå den indonesiske hæren, i gang ein valdsorgie som kosta eit ukjent tal menneske livet, mellom andre da Silva sin bror. I byrjinga av september 1999 var også da Silva i stor fare. Tre fjerdedelar av folket vart drivne på flukt, og dei fleste bygningane vart brent til grunnen. Restane av dei proindonesiske militsgruppene skapar framleis uorden i grenseområdet mellom Vest og AustTimor. Det såg me i fjor då tre FNfunksjonærar vart skotne av milits.
Også åtaket på Annurmoskeen i utkanten av hovudstaden Dili i nyttårshelga viste at valden ikkje har sleppt taket. Desse episodane viser kor naudsynt det er å få avvæpna restane av militsen, leggja eit kraftig internasjonalt press på den indonesiske hæren som truleg framleis utrustar militsen, og samstundes sikra ein langvarig fredsbevarande operasjon på AustTimor.
Timoresiske leiarar og FN fekk ansvaret for å byggja opp AustTimor som låg i ruinar etter dei grufulle militsherjingane i september 1999. I dag har dei fleste fått tak over hovudet og deler av den grunnleggjande fysiske og administrative infrastrukturen på plass. Og dei fleste austtimoresarar treng ikkje vera redde natt og dag. Likevel er problema mange. Organisasjonsmedarbeidarar inntek jobbar lokalbefolkninga sjølv kunne ha utført. Arbeidsløysa er difor stor. I tillegg til arbeidsplassar og humanitær hjelp, treng AustTimor støtte til langsiktig utvikling av økonomien. Kaffi, olje og turisme vil verta nøkkelnæringar i åra som kjem.
Etter 24 år med massakrar og mishandling krev austtimoresarane at militsmedlemmene og indonesarane skal stillast for retten for uretten dei gjorde. Men folket må venta i tolmod på det tidkrevjande arbeidet med å få dømt dei skuldige. Også det planlagde valet 30. august i år vert truleg utsett nokre månader. På AustTimor kan det verta vanskeleg å utvikla ein demokratisk kultur og eit politisk system som fungerer. Indre motsetnadar finst innan motstandsrørsla. Oppløysing pregar ikkje ETSSC.
Antero Benedito da Silva seier at sjølv om personar frå motstandsrørsla og også somme studentar kjem til å gå inn i partipolitikken, vil ETSSC halda fram som ein partipolitisk uavhengig organisasjon som kan vera med på å byggja opp eit handlekraftig sivilt samfunn. For sjølv om timoresiske leiarar er med å styra landet, veks avstanden mellom leiinga i Dili og folket elles. Dette gapet kan på sikt verta eit alvorleg trugsmål mot demokratiseringsprosessen. Mange studentar har difor skipa til kurs både for elevar og vaksne i påvente av skular og arbeid. ETSSC gjev også folk skulering i demokrati og politikk.
Antero Benedito da Silva arbeider for tida med mange prosjekt, mellom anna i forskingsinstituttet KSI, som er stifta av tidlegare ETSSCmedlemmer. KSI studerer lokal deltaking i gjenoppbygginga, framdrifta i forsoningsarbeidet og etterforskings og rettsprosessen, samt tvistar knytta til eigedom og grensesetjing. Da Silva har fått tilbod om studieopphald i fleire land, men har lagt det på is. For som da Silva sjølv seier: «No må eg bruka kreftene mine på å byggja opp AustTimor frå ruinane.»











