Taktfullt toneskifte?

Mindre praktikk er ikkje nødvendigvis negativt. Institutt for Musikkvitskap bør halda på eigenarten den har i staden for å ropa om hjelp for å behalda utdanninga av musikarar som ikkje får jobb.

Dei som ikkje kjem inn på musikkhøgskulen byrjar på musikkvitskap.

I 2005 sa dåverande professor i musikkvitskap Jon Roar Bjørkvold opp sitt professorat ved Universitetet i Oslo i protest. Han meinte at det han kallar «det musiske i mennesket» forsvann i «stramme tal, autoritær kontroll og økonomisk trangsyn», som han sjølv skriv på nettsida si. Ting har openbart ikkje forandra seg sidan 2005.

Professorar ved Institutt for musikkvitskap (IMV) ved Universitetet i Oslo kritiserte i førre veke Humanistisk fakultet (HF) i to kronikkar, ein i Aftenposten og ein i Morgenbladet. Professorane meiner at HF tvinger IMV til å legga ned den praktiske delen av studiet, slik at studiet vert reint teoretisk. HF meiner dei ikkje legg føringar på korleis musikkvitskapsstudiet vert lagt opp, men krev at instituttet må gjennomføra kutt på 25,5 millionar kroner frå 2010 til 2016. Kronikkforfattarane meiner at slike økonomiske kutt fører til at kutt i den praktiske delen av utdanninga er naudsynt. Men er dette eit så stort tap som professorane meiner?

Det kjem ytringar frå fleire kantar om at det blir utdanna for mange musikarar i Noreg i høve til arbeidsmarknaden. Petter Wettre, saksofonist, komponist og undervisar ved den rytmiske musikklina på Universitetet i Agder (UiA) uttalte nyleg til NRK Kulturnytt at han meiner det eksisterer for mange musikkutdanningar i Noreg, og at det vert utdanna for mange jazzmusikarar i forhold til antal eksisterande jobbar. Han meiner at det er betre med færre utdanningar, og å heller ha fokus på å få eit høgare nivå på dei som vert utdanna.

Teori vert underbygd av praksis, og det viser seg at som student lærer ein ofte mykje av den praktiske delen innanfor studiet og ikkje berre det å sitta med hovudet i ei bok. Men det at musikkutdanningar vert tvungne til å tenkja annleis, treng ikkje kun vera negativt. Petter Wettre meiner det blir utdanna for mange musikarar, og det har han rett i. På musikkvitskap sine nettsider vert nye studentar lokka med instrumentalundervisning og samspelgrupper, og nettsidene seier at jobbmogelegheitene etter endt studie er mange. Inkludert jobb som musikar. På denne måten framstår Institutt for musikkvitskap ofte som musikkhøgskulen sin «veslebror»; dei som ikkje kjem inn på musikkhøgskulen byrjar på musikkvitskap.

Det er på høg tid at musikkvitskap framstår som stolte av den vitskapelege styrka utdanninga har, ved at det nettopp er det største musikkvitskapelege miljøet i Norden med mange internasjonalt kjende lærekrefter – ikkje som musikkhøgskulen sin veslebror. Noko av grunnen til at musikkvitskap vert nedprioritert kan vera akkurat det at dei kjemper om å behalda denne praksisen, som hjå mange kan oppfattast som unyttig på grunn av at det allereie vert utdanna nok musikarar til musikarjobbane. Sjølvsagt er praksis ein viktig del av musikkutdanning både for pedagogar og lærarar, men utdanning av utøvande musikarar er det allereie andre institusjonar som tar seg av.

Annonse

2 kommentarer

Tidl. musikkstudent

Helt og totalt enig. Det utdannes altfor mange musikere i Norge, både innen jazz og klassisk.

Linn Astrid Blix Torget, masterstudent ved IMV

Her meinar eg artikkelforfattar blandar korta. Slik eg oppfattar diskusjonen handlar den absolutt ikkje om at ein vil ha moglegheita til å utdanne musikarar ved IMV, men om at praktiske fag er ein viktig del av ei musikkvitskapleg utdanning òg. Dei praktiske faga styrkar studentane som teoretikarar, og bidrar til ei større forståing for feltet ein studerer. Eg trur ikkje ei reint teoretisk musikkvitskapleg utdanning vil kunne halde IMV på det internasjonale nivået dei er no.

Ein kan spørje om det vert utdanna for mange musikkvitarar òg, men det er ein anna diskusjon.

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kommentar

Mobbing er en del av oss:

Alle leker ikke med alle

Som barn var vi så opptatt av hvem som var sterke og svake at mange mobbet nærmest for å overleve. Hvis man mobber noen andre, kan man i hvert fall unngå å bli et offer.

Kommentar: Studenter burde ikke stemme på Miljøpartiet De Grønne

Reaksjonært miljøparti

Stem på oss, sier Miljøpartiet De Grønne, for vi vet ikke helt hva vi mener. Det er kanskje ikke så rart at den eneste representanten partiet har på Stortinget skulker én av to voteringer.

Kommentar:

Dyr diskriminering

Norske studenter og forskertalenter i Storbritannia hindres av EØS-avtalen og av flere norske regjeringers passivitet.

Utfrysningen

Muligheten til å ta en utdannelse i Norge skal ikke være betinget av hvor mye penger du eller dine foreldre har. Det bør ikke regjeringen få rokke ved.

Eneuf is eneuf

Det er på tide å erkjenne at drømmen om Chateau Neuf som Student-Norges flaggskip har forlist. Rottene har allerede forlatt det synkende skipet. Det bør Grisen også gjøre.

Kunnskapsministerens satsing på eliteforskning er tafatt.

Noble intensjoner

Prisen for eliteutdanning betales i mer enn dollar og pund, den betales i tapte muligheter.

Kommentar:

Når teologien trues

Debatten om hvorvidt Det teologisk fakultet bør være på universitetet er legitim. Men også en slik debatt må kunne føres på kunnskapsbaserte premisser, og ikke på ideologiske fordommer mot kristendommen.

Mens nordmenn er villige til å bytte ytringsfrihet mot sikkerhet, kjemper studentene i Hong Kong for grunnleggende menneskerettigheter.

Ytringsfrihetens ytterpunkter

I regjeringas utdanningspolitikk er det kun størrelsen som teller

Frihet under tvang

Regjeringa har sagt at de ikke vil endre strukturen i høyere utdanning før de vet sikkert om det har noen effekten. Slike forsikringer utad hjelper lite, når de ser det som sin «fordømte plikt» å få til det de alt har bestemt seg for, skriver nettredaktør Petter Fløttum.

Studentene på pallen

Et kutt på 8,8 milliarder i OL-budsjettet vil gå utover studentene, skriver journalist Maria Terese Kittilsen i ukas kommentar.


Flere saker fra kommentar »

Annonse

Velg Canada

Annonse

evalueringsportalen

Annonse

Forbrukslån
OPP Finans Forbrukslån OPP Finans anbefaler deg å være forsiktig med bruk av kredittkort og forbrukslån. Eff.rente 17%, 65.000kr o/5 år, etabl.geb. 825kr, totalt: 94.478kr

Annonse

Billån
Billig billån Søk billig lån til bil via Billån.no Sammenlign beste billån fra flere banker og få svar på dagen.