Tida då universitetsutdanning var reservert for eliten er over.
Klassisk klagesong
«Det er ikkje berre viktig å få folk inn på universiteta, dei må ut att, òg.»
Kva skal lærast gjennom eit universitetsstudium i det 21. århundret? Å verdsetja finessane i oppbyggjinga av «Den gudommelige komedie» eller å forstå verda me lever i i dag? Ein ny murstein av ein antologi signert Bernt Hagtvet og Gorana Ognjenovic, set igjen danningsdebatten på dagsorden.
Bernt Hagtvet har lenge klaga over at universiteta er vorte for prega av økonomiske prinsipp om inntening og effektivitet. Professorar av den gamle skulen saknar klassisk danning i form av kjennskap til språk, kunst og store litterære verk i dagens universitetskandidatar. Alt var betre før, og dei tek til orde for ei breiare og meir langvarig grunnutdanning, gjerne etter amerikansk liberal arts-mønster der dei første fire åra av høgare utdanning går med til å studera emne frå svært ulike fagmiljø før ein går vidare til meir spesialiserte høgare gradsstudiar.
Eit halvt århundre tilbake i tid var det ein forsvinnande liten del av folket som nokonsinne såg innsida av eit universitet. I dag har 36 prosent av vaksne nordmenn høgare utdanning, og denne skilnaden kan ein ikkje sjå vekk ifrå. Det er urealistisk at over ein tredel av alle nordmenn i dag skal ta ei like omfattande utdanning som den ei minimal elitegruppe gjennomgjekk for femti år sidan.
Danning har historisk vore sett som noko høgverdig, og grad av danning har fungert som utgangspunkt for ei hierarkisk rangering av menneske. Eit generelt høgt utdanningsnivå i folket er meir samfunnstenleg enn ein elite som reproduserer seg sjølv og grunngjev sine posisjonar i uovertruffen danning etter klassiske standardar, og så lenge utdanning er eit statleg ansvarsområde må dette omsynet koma først. At gjennomstrøyminga ved universiteta aukar og at folk oppnår gradar utan kjennskap til tysk og fransk er ikkje problematisk. Noko utdanning til mange er betre enn veldig mykje til nokre få, og ingen bør ynskja seg tilbake til eit system som motarbeider sosial utjamning og mobilitet.
Hagtvet hevdar at ein rik nasjon som Noreg har kapasitet til å gje store delar av folket meir omfattande utdanning enn tilfellet er i dag. Det finst nok delte meiningar om dét, og ein kan ikkje venta at skattebetalarane skal stilla midlar til å finansiera lengre studiar utan at det har openbar nytteverdi. Mangelen på arbeidskraft her til lands og den komande mangelen på skattebetalarar som følgje av den nært føreståande eldrebølgja, gjer det dessutan klårt at det ikkje berre er viktig å få folk inn på universiteta, dei må ut att, òg.
Realiteten er at dagens universitet er noko anna enn dei ein gong var. Dei fleste studentar skal ut i ordinære jobbar og leva ordinære middleklasseliv. Det er me fullstendig skikka til med den utdanninga me mottek i dag. Det er ikkje naudsynt å ha lese Goethe på originalspråk for å kunna forhalda seg kritisk til verda omkring seg, eller å ha inngåande kjennskap til naturvitskapen for å gjera ein utmerka jobb som byråkrat i eit eller anna direktorat. Det primære målet må vera å gje folk utdanninga dei treng for å fylla rollene sine i dagens samfunn, ikkje at alle med universitetsgrad skal kunna rollelistene i tragediane til Sofokles på rams.
Ingrid Eidsheim Daae, journalist i UniversitasEn kommentar
... ein kan ikkje venta at skattebetalarane skal stilla midlar til å finansiera lengre studiar utan at det har openbar nytteverdi.
Dette er et argument som ofte resirkuleres fra ulike hold. Det er på mange vis et merkelig argument. For det første har ikke skattebetalerne noe de skulle ha sagt mht konkrete poster i statsbudsjettene. For det andre er statsbudsjetter ofte preget av alt annet enn ren nyttetenkning. For det tredje kan nytteverdi (f.eks. kortsiktig vs langsiktig) være vanskelig å definere eller måle.
Sist men ikke minst: dersom staten bare skal tenke ren nytte, kan vi like godt privatisere alle universitetene. Da vil staten (kanskje også skattebetalerne) spare en haug med penger, og vi kan hemningsløst gi oss den rene nyttetenkningen i vold.
Og nei, jeg støtter ikke Hagtvets forskrudde og virkelighetsfjerne program. Hagtvets dannelsesdefinisjon er grotesk.












