Annonse

annonser i Universitas

Hit, men ikkje lenger

Utdanning har vorte ein like naturleg reklameartikkel som tannkrem. Private tilbod pustar gratisprinsippet i nakken og det er ungdom som lir det største tapet.

ILLUSTRASJON: Julius Vidarssønn Langhoff

Marianne Granheim Trøyflat: Journalist i Universitas

Det skulle ikkje vera naudsynt å lokke studentane til seg som svoltne dyr.

Universitas kunne førre veke melde at Handelshøyskolen BI operer med gigantiske marknadsføringsbudsjett. For 2010 er budsjettet på 49,7 millionar og dei har ti tilsette berre i marknadsavdelinga. Til samanlikning hadde Universitetet i Oslo rekneskapsført 13 millionar til marknadsføring i 2009. Reinspikka reklametiltak er i ferd med ta store jafs av utdanningskaka i Noreg.

Utdanning på BI er ei vare som blir selt på ein open utdanningsmarknad. God marknadsføring gjer at tradisjonelle institusjonar som Universitetet i Oslo (UiO) også blir truga til å bruke meir pengar på dette, i staden for å styrke forsking og undervisning. Når dei ikkje har høve til å ta utgiftene inn att i studentbetaling, får BI eit kraftig konkurransefortrinn.

Universitas hadde for fire veker sidan ein artikkel der det kom fram at politiske krefter i Noreg stadig forsøker å innføre eigenbetaling for offentleg utdanning. Ein av dei varmaste tilhengjarane av ei slik utvikling er rektor på BI, Tom Colbjørnsen. Men gratisprinsippet er eitt av dei viktigaste verktøya vi har for sosial omfordeling, og kapasitetsproblem innan sektoren er absolutt ingen grunn til å innføre eigenbetaling. Om slikt skulle skje, er vi i den absurde situasjonen at reklameindustrien svulmar ut, medan unge menneske utan betalingsevne mistar høvet til å ta utdanning.

Utdanning skal gi levebrød for kvar einskild av oss, men også vera eit fundament for den store heilskapen. Politikken er per i dag at institusjonane skal ha mykje fridom, men samstundes leva i ein konkurransesituasjon der kortsiktige prioriteringar tvingar seg fram. Kva samfunn vi vil ha om femti år, kva næringar vi vil ha når oljen er brukt opp og kor mange vi vil ha til å fundere over desse spørsmåla til ei kvar tid, burde i større grad enn i dag vera del av dei folkevalte sine føringar på insitusjonane.

Eigenbetalte utdanningar gjer ein slik politikk vanskelegare. Studentane må openbart opplysast om kvar dei ulike utdanningstilboda finst, men det skulle ikkje vera naudsynt å måtte lokke dei til seg som svoltne dyr. Utdanning er ikkje først og fremst ei handelsvare, men ein reiskap for samfunnsbygging og velstand. Det er eit skjørt gode som må forvaltast deretter.

BI sin veksande posisjon trugar også studentsolidariteten. I og med at BI-studentane ikkje høyrer til under Norsk studentorganisasjon (NSO), er det ein pågåande debatt om dei skal bidra dit økonomisk. Frå ein demokratisk ståstad er det forståeleg at ein ikkje vil betale til ein organisasjon ein ikkje er representert i, men det gir samstundes gratispassasjerproblematikk. Jo fleire som tek heile graden sin ved BI og andre private institusjonar, jo større blir denne utfordringa. NSO burde derfor snarast engasjere seg i kva rolle eigenbetalte studium skal ha i framtida.

Utdannings-Noreg 2010 står ved eit vegskilje. Større frislepp av marknadskrefter vil setja gratisprinsippet under stort press og sørgje for at dei mest lønsame utdanningsløpa får forrang. Ved neste stortingsval bør ein merke seg at store opposisjonsparti allereie har signalisert at dette er ei ønskjeleg retning. Men dagens regjering, der ein SV-statsråd styrer Kunnskapsdepartementet, signaliserer heller ikkje store politiske grep for å avgrense private utdanningar. Det er derfor viktig at studentar og andre aktørar innanfor sektoren sjølv er klåre på dette dilemmaet. Elles vil gratisprinsippet slik vi kjenner det i dag forsvinne.

En kommentar

Jørgen

Jo, studieplasser ER en handelsvare. Det har det alltid vært, og det vil det alltid være. All den tid du må konkurrere med andre om å komme inn på de og de studiene vil det være sånn. Til og med i et sosialistisk samfunn vil det være slik. Prisen man betaler er innsatsen man legger ned på skolen.

Norges største Kaffebar/Internettcafé heter Eilert Sundts hus. Jeg tror definitivt at det norske utdanningsystemet kunne hatt godt av en viss egenfinansiering. fem tusen i semesteret hadde man kommet langt med for å luke ut middelhavsfarerne som ser på universitetet som en feriekoloni med studielån. Finansieringen for studenter fra vanskligerestilte familier kunne man organisert gjennom lånekassen. Der har du den sosiale utjevningen din.

Hadde gratisprinsippet faktisk fungert, hadde det vel heller ikke vært under press?

Og til hvilken grad skal man opprettholde studier som ikke har studenter? Du må huske på å også tenke alternativkostnader her Trøyflat.

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kommentar

Kreativitet og engasjement skaffer ikke lyttere alene.

Radio Gaga

Studenter som somler må ta ansvaret selv.

Slutt å syt, begynn å yt

Oslostudenter må få mer studiestøtte enn andre.

Ikke rom i herberget

Studentoffentligheten sitter fast

Kraften fra 1982

Kjønnspoeng er en løsning for å få flere menn til å studere psykologi. Men la oss stoppe der.

Forskjellsbehandling for framtida

Taktfullt toneskifte?

Mindre praktikk er ikkje nødvendigvis negativt. Institutt for Musikkvitskap bør halda på eigenarten den har i staden for å ropa om hjelp for å behalda utdanninga av musikarar som ikkje får jobb.

Kommer vi til å savne Tora Aasland mer enn vi tror?

Ministerskifter


Flere saker fra kommentar »