Annonse

annonser i Universitas

Pynting på fakta

Universitetet i Oslo er «eit leiande europeisk universitet». Det har rektoren kome fram til heilt sjølv.

Illustrasjon: Julius Vidarssønn Langhoff

Internasjonale rangeringar av toppuniversitet har blitt ei hipp trend dei seinaste åra. Spesielt dei prestisjetunge frå Shanghai og Times High Education (THE) blir det mykje blest rundt. Desse rangeringane har imidlertid blitt ei vond flis i ryggen til Ole Petter Ottersen, rektor ved Universitetet i Oslo (UiO). Han klarer rett og slett ikkje bestemme seg for om han likar dei eller ikkje.

Prestisjehungrige Ottersen nytta i sommar gode resultat til å stadfeste, mellom anna på sin eigen blogg, at UiO er «Noregs leiande universitet». I det same blogginnlegget skriv han også at «Eit leiande europeisk forskingsuniversitet» ville kanskje vere meir passande og høgt heva over norsk jantelov – og i overensstemming med dei siste internasjonale rangeringane.

Blir det derimot eit dårleg resultat, som på THEs nylige rangering der UiO først datt ut av lista på grunn av ein teljefeil, og så hamna på plass nr. 186, lirer Ottersen utav seg ei frase som dette:

– Dette aksepterer vi ikkje, seier han til DN, og fortel at UiO vil føreta ein eigen gjennomgong av tala, samt ta stikkprøver hos andre universitet for å sjekke om det er noko å høyre på eller ikkje. Ein ganske drastisk reaksjon på ei rangeringsliste som rektoren uttaler at han uansett ikkje har trua på.

At UiO ikkje får topplassering er ikkje så overraskande som Ottersen gir uttrykk for. UiO er verken kjend for godt arbeidsmiljø eller spesielt gode vilkår for dei altfor mange studentane og midlertidig tilsette. Spesielt mange professorar per student er det heller ikkje, og mange av dei tilsette har ein låg frekvens når det kjem til publisering av vitskapleg materiale. Ikkje er bygningsmassa noko å skryte av heller: Ikkje har ein plass til alle studentane, og fleire av bygga er i så dårleg stand at dei ifølge økonomidirektøren står i fare for å stengast av Arbeidstilsynet. Det hindrar imidlertid ikkje Ottersen frå å skryte sin eigen institusjon opp i skyene om ein får ei god plassering. Om UiO er eitt av dei leiande universiteta i Europa kan ein lure på korleis tilstandane er ved dei universiteta som vert rangert lengre ned på listene.

Til Uniforum i forbindelse med THE-rangeringa seier han at: Uansett, kva måling eg kommenterer, så har eg heile tida vist til at det er eit metodeproblem med desse universitetsrangeringane.

Universitetsrangeringane har tidlegare fått mykje kritikk, også frå internt hald. Årets rangering frå THE er imidlertid betre enn nokon sinne, då ein har tatt i bruk andre metodar for å vurdere universiteta. Det er dermed sannsynlig at UiO faktisk presterer dårlegare enn blant anna konkurrenten i Bergen, som kom på 135. plass i THEs rangering. Rektoren ved Universitetet i Bergen er, slik alle rektorar som har fått ein gullmynt i fanget, strålande nøgd og har høg tiltru til rangeringane.

Kvalitet på utdanningsinstitusjonar er som kjent vanskeleg å måle. Likevel er dette noko som rektorane ved sine respektive institusjonar må forholde seg til, og eit leiande europeisk universitet finn ein neppe i Oslo med det første. Debattane om høgre utdanning dei siste månadane, og seinast med Bernt Hagtvets utspel om UiO som ein «pølsefabrikk», vitnar nemleg om noko anna.

I THE-rangeringa var det åtte nordiske og om lag 80 europeiske universitet som var rangert før UiO. Ottersen skal likevel ha skryt for å omgå problemstillinga på ein enkel og grei måte. Er det ikkje nokon andre som vil seie at UiO er eit superuniversitet får ein jaggu gjere det sjølv: «UiO – Eit ledande europeisk universitet» er beskjeden som møter ein på universitetets framside på nett.

Ottersen held fram med å snu kappa etter vinden, og studentar og tilsette er etterlatt i uvisse om ein kan ta rektorens ord på alvor eller ikkje.

2 kommentarer

Postdoc

Veldig bra skrevet - UiO tatt på kornet!

Kveldulf

Det er vel i visse kretser bred aksept for at rektor Ottersen & Co er høyt hevet over studenter, ansatte, og resten av "røkla". Det er mye verre at de også anser seg hevet over virkeligheten. Mangel på bakkekontakt kan i lengden få store konsekvenser, og fallhøyden er stor. I sin blogg begynner rektors klisjepregede retorikk å likne den sene Bresjnevs: "økonomien må være... økonomisk!"

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kommentar

Kreativitet og engasjement skaffer ikke lyttere alene.

Radio Gaga

Studenter som somler må ta ansvaret selv.

Slutt å syt, begynn å yt

Oslostudenter må få mer studiestøtte enn andre.

Ikke rom i herberget

Studentoffentligheten sitter fast

Kraften fra 1982

Kjønnspoeng er en løsning for å få flere menn til å studere psykologi. Men la oss stoppe der.

Forskjellsbehandling for framtida

Taktfullt toneskifte?

Mindre praktikk er ikkje nødvendigvis negativt. Institutt for Musikkvitskap bør halda på eigenarten den har i staden for å ropa om hjelp for å behalda utdanninga av musikarar som ikkje får jobb.

Kommer vi til å savne Tora Aasland mer enn vi tror?

Ministerskifter


Flere saker fra kommentar »