Annonse

annonser i Universitas

ILLUSTRASJON: Øivind Hovland

Universitetets ansvar

Til: Ein eller annan professor. Frå: Erfaren student.

Det pedagogiske utbytet av den tradisjonelle bachelor-førelesinga er på lågmål.

Studentparlamentet rir igjen. Førre veke kunne studentane ved Universitetet i Oslo (UiO) sjå og lesa om ivrige postkortutdelarar, der adressaten skulle vera den respektive mottakaren sin forelesar. Kortet var eit opprop om fornya undervisningsformer, eit ikkje heilt urimeleg krav. Politikarane på Villa Eika bryr seg tydelegvis om den jamne studenten likevel.

For ein må jo våge påstanden at alle studentar er opptekne av undervisningskvalitet. Ved første tankekast ville mange sagt at dei pliktoppfyllande deltek uansett underhaldningsverdi, men få har unngått å leggje seg ein god formidlar på minnet. Dyktige forelesarar blir vidgjetne, noko som i seg sjølv er eit tankekors.

Studentparlamentet sin aksjon gjer oss merksame på minst to harde realitetar: Undervisning er viktig og det blir underprioritert ved UiO. Men så er det ikkje opplest ein gong for alle kva slags undervisning vi eigentleg treng. For det som blir formidla undervegs i semesteret må vera ei førebuing på det ein blir prøvd i til slutt.

Her går eit skilje mellom bacehlor og master. Dei fleste studium startar med eit stort omfang av puggstoff som først skal rett inn og seinare rett ut att. Det er i seg sjølv ei gammaldags læringsmetode, men når systemet ein gong så fordømt eksisterer, må undervisninga følgje opp. I denne settinga tener dei langdryge auditoriumsleksjonane to føremål: Sosialisering som på sikt kan utarte til kollokvieverksemd, i tillegg til eit minstemål av struktur i ein elles svevande studiekvardag.

Det pedagogiske utbytet av den tradisjonelle bachelor-førelesinga er på lågmål. Her må fokus heller liggje på metoder som gjer at ein hugsar store mengder informasjon over lengre tid. Problembasert læring er eit openbart døme. Å skrive gjer vanlegvis at ein hugsar godt, gleden over å kunne påpeike feil i vaklande medstudentar sine hanglande tekstar er truleg ei undervudert kjelde til effektivt læringsutbyte. Aktivisering er iallfall eit nøkkelomgrep på dette stadiet.

På masternivå har eitt og anna endra seg. For det første har studenten vonleg lært nokon korleis ho eller han på eiga hand skal manøvrere blant tusentvis av gjenstridige pensumsider. Det er iallfall grunn til å forvente såpass. For det andre handlar masterstudiar i større grad om å velja ut relevante og interessante delar av læringsstoffet, og etter fattig eller rik evne få det til å resultere noko meiningsfylt. Forelesingar, som rett nok i stor grad involverer studentar, kan i tilstrekkeleg grad tene dette føremålet.

Med andre ord: Studiar er ikkje studiar, masteroppgåva er ikkje ex.phil. At undervisninga tilpassar seg tida skadar heilt sikkert ikkje. Men enda viktigare er det at undervisninga tilpassar seg eksamensforma, og at det pedagogiske fokuset får eit kraft opprykk. Innvendinga vil truleg vera den eldgamle: At på universitetet har alle ansvaret for eiga læring. Tilbakevisinga av dette både sjølvsagte og meiningslause svaret vil vera tråd med det moderne rådande paradigmet: Ein skal ha mest muleg ut av kvar krone brukt. Da kan ein først som sist setja i gang å gi studentane det dei treng for å gjennomføre kjapt og greit.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kommentar

Kreativitet og engasjement skaffer ikke lyttere alene.

Radio Gaga

Studenter som somler må ta ansvaret selv.

Slutt å syt, begynn å yt

Oslostudenter må få mer studiestøtte enn andre.

Ikke rom i herberget

Studentoffentligheten sitter fast

Kraften fra 1982

Kjønnspoeng er en løsning for å få flere menn til å studere psykologi. Men la oss stoppe der.

Forskjellsbehandling for framtida

Taktfullt toneskifte?

Mindre praktikk er ikkje nødvendigvis negativt. Institutt for Musikkvitskap bør halda på eigenarten den har i staden for å ropa om hjelp for å behalda utdanninga av musikarar som ikkje får jobb.

Kommer vi til å savne Tora Aasland mer enn vi tror?

Ministerskifter


Flere saker fra kommentar »