Yes, man!
Det er på tide at universiteta lærer seg å bruke ordet «nei».
I motsetnad til det mange trur, er det ikkje eit mareritt å bu i distriktsnoreg.
«I can’t fly at the speed of light I can’t be your yes man»
Det er ikkje bærekraftig i lengda å berre seie ja. Til og med popyndlingen Bjørn Johan Muri har skjønt at han ikkje alltid kan vere ein ja-mann.
Varsla om yngrebølgja som er forventa i høgre utdanning er repetert til det uendelege. Og stadig fleire studentar vert stua inn på dei allereie pressa lesesalane ved norske universitet. Over 70 000 nye studentar har i haust fått tilbod om studieplass. Det er over 5000 fleire studentar enn i 2009. Det tek med andre ord til å bli ganske trangt. Spørsmålet er kor mange fleire studentar ein skal forsøke å trykke inn ved universiteta.
Det er eit ønskje om å ha flest mogleg studentar i høgre utdanning, samtidig kan ein ikkje unnlate å ta omsyn til realitetane. Og realitetane er at universiteta har langt fleire studentar enn det Kunnskapsdepartementet gir pengar til. Det er tydeleg at regjeringa ikkje satsar på kvalitet, men på kvantitet. Det same gjeld universiteta. Sektoren tryglar om hjelp, men å skrike etter meir pengar til høgre utdanning har erfaringsmessig vist seg å ha liten effekt.
Dessverre, men forståeleg nok, er det også slik at studentane trekk mot universiteta i dei større byane. Nationen skreiv 5. august at Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og 12 av høgskulane i landets største byar ikkje hadde nokre restplassar etter hovudopptaket, medan 21 distriktshøgskular mangla nok søkarar til å fylle auditora ved semesterstart.
Dersom universiteta med det største pengetrøbbelet og dei fleste søkarane, hadde sagt nei til fleire studentar kan ein anta at desse vil trekke mot andre utdanningsinstitusjonar. Blir det kjent at det er vanskeleg å kome inn på dei største institusjonane er søkarane forhåpentlegvis lure nok til å heilgardere seg og søke på fleire studium – også utanfor dei største byane. I motsetnad til det mange trur, er det ikkje eit mareritt å bu i distriktsnoreg. Ein reduksjon i universitetsstudentar er også foreineleg med statsråd Tora Aaslands ønskjer om at studentar må reise til utlandet og til distrikta.
Alle kan ikkje ta universitetsutdanning i Noreg, på trass av ein arbeidsmarknad som set stadig høgre krav om universitets- eller høgskulebakgrunn. For det første er det ikkje plass til alle desse studentane ved universiteta. For det andre er det heller ikkje behov for at alle desse studerer ved eit universitet. Høgskulane gir gode utdanningar dei óg. Bachelorgraden ved eit universitet gir studentane teoretisk kompetanse i eit fagfelt, men dei er utan kunnskap om kva arbeidslivet vil krevje. Ein bør ikkje tvinge studentar til å studere stader dei ikkje vil studere. Men høgskulane har eit kjempefortrinn som tilsynelatande ikkje vert fanga opp.
Det er vanskeleg å seie nei i mange samanhengar, men på eitt tidspunkt må ein sette foten ned. Ein må sjølvsagt unngå britiske tilstandar der over 100 000 kvalifiserte søkarar til høgre utdanning står utan studieplass. Men fortset dei norske universiteta å seie ja til alle, risikerer universitetsstudentane å fullføre utdanninga utan å ha tileigna seg noko anna enn kunnskap på papiret - medan høgskulane går for halv maskin. Det er ein situasjon alle tapar på.
Anna Werenskjold, redaksjonsleiar og debattredaktør i Universitas











