Annonse

annonser i Universitas

ILLUSTRASJON: Julius Vidarssønn Langhoff

Trollet ut av eska

Ein kjem til å få eit kjempeproblem dersom studentsamskipnadane ikkje tek til å snakke om dei konfliktfylte temaene allereie no.

Det kan synast som Refsnes vil vente til trollet står framføre han i full person. Men då kan det allereie vere for seint.

Sjå for deg ein ung gut står i ei lita tømmerstove med ryggen mot deg. Han har sverdet løfta over hovudet, og i døråpninga kjem det eit gigantisk trehovuda troll snikande for å gjere det av med han. Guten er førebur seg på å hogge tilbake.

Dette er eit scenario henta frå eit norsk folkeeventyr. Men det kan til forveksling minne mykje om samanslåingsprosessen mellom Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) og Oslo- og Akershushøgskolenes studentsamskipnad (OAS). I eventyret kjem guten trollet i forkjøpet, og hoggar det ned. Skilnaden denne gongen er at guten, som i dette tilfellet er hovudstyreleiar i SiO Fredrik Refsnes, framleis har sverdet i slira. Det på trass av at trollet nett har starta å klore på døra.

Dersom SiO og OAS får positivt svar frå Kunnskapsdepartementet på sin samanslåingssøknad, skal ein ny gigantisk samskipnad stå klar 1. januar 2011. Refsnes har rett i at dei er to autonome samskipnadar fram til samanslåinga. Men at Refsnes ikkje vil uttale seg om kva som skjer om eit år, er direkte urovekkande. Dei to samskipnadane har mange rundar å gå når dei skal kome fram til korleis ein skal organisere den nye giganten i Oslo og Akershus. Først og fremst er det organisatoriske problemstillingar dei må ta omsyn til, korleis administrasjonen skal organiserast, og korleis ein skal sikre eit like godt velferdstilbod dersom ein får 20 000 ekstra studentar innlemma i SiO. Sistnemnte er ein av dei verkeleg store utfordringane dei kjem til å møte. Og ei problemstilling som burde uroe Refsnes like mykje som den uroar studentpolitikarane og dei studentane som allereie er ein del av SiO.

Studentidretten og Studenthelsetenesta er to av dei velferdsgoda som kjem til å verte offer for eit vanvittig press med den nye studentmassen i ein felles samskipnad. Det er forståeleg at SiO vil halde igjen og ikkje dele for mykje med offentlegheita. SiO er kjend for å ville halde informasjonen for seg sjølv. I nokon tilfelle kan det vere riktig, men i dette tilfellet er det ikkje gunstig å halde korta tett til brystet. Desto meir gjennomsiktig og open samanslåingsforhandlingane er, desto større tiltru vil studentane få til samskipnaden.

Studentbustadbygginga i Hauskvartalet er allereie eit omstridt tema. OAS går inn for studentbustadbygging, medan SiO har uttalt at dei ikkje vil ha noko med det å gjere. Dette er eit døme på nok eit tema som kan verte vanskeleg for Refsnes i forhandlingane.

I ein prosess som den vi står ovanfor, er det viktig at SiO i varetek interessene til dei studentane dei allereie representerer. SiO er i ein posisjon der dei kan sette krav til OAS, men det er på tide at desse krava vert lagt fram. Trollet startar å stikke nasa inn døra. Og kva gjer Refsnes? Det kan synast som han vil vente til trollet står framføre han i full person. Men då kan det allereie vere for seint.

Samskipnadane bør halde ein tettare dialog, og dermed vil ein overgang til den nye samskipnaden gå lettare ved årsskiftet. Vi veit at det finnast troll som kjem til å kome opp på vegen dit. Det er berre eit spørsmål om tid før dei kjem ut i offentlegheita. Og det er betre om trolla kjem no, enn om eit år. No spørs det om Refsnes er tøff nok til å ta problema før dei oppstår.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kommentar

Kreativitet og engasjement skaffer ikke lyttere alene.

Radio Gaga

Studenter som somler må ta ansvaret selv.

Slutt å syt, begynn å yt

Oslostudenter må få mer studiestøtte enn andre.

Ikke rom i herberget

Studentoffentligheten sitter fast

Kraften fra 1982

Kjønnspoeng er en løsning for å få flere menn til å studere psykologi. Men la oss stoppe der.

Forskjellsbehandling for framtida

Taktfullt toneskifte?

Mindre praktikk er ikkje nødvendigvis negativt. Institutt for Musikkvitskap bør halda på eigenarten den har i staden for å ropa om hjelp for å behalda utdanninga av musikarar som ikkje får jobb.

Kommer vi til å savne Tora Aasland mer enn vi tror?

Ministerskifter


Flere saker fra kommentar »