Annonse

annonser i Universitas

ILLUSTRASJON: Julius Vidarssønn Langhoff

Språkbarrieren

Å gi rom for nynorsken handlar ikkje berre om respekt for dei studentane som allereie er her. Det er like mykje eit spørsmål om kven som aldri kjem hit.

Oslo burde vera ein like tilgjengeleg studiestad anten du er frå Røa eller Røros

I november i fjor kunne Universitas melde at berre 2 prosent av masteroppgåvene levert ved Universitetet i Oslo (UiO) mellom 2005 og 2009 var på nynorsk. Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet, tolka dette som eit teikn på at det er svært vanskeleg å halde på nynorsk som hovudmål ved UiO. Nynorsken glimrar med fråveret både i pensum og fagterminologi, og om ein samanliknar seg med andre universitet, til dømes i Bergen, ligg UiO på eit lågmål.

Ved Universitetet i Bergen (UiB) blir omlag 7 prosent av masteroppgåvene levert på nynorsk. UiB har også fått påpakk av Språkrådet for å bruke så mykje nynorsk at det er i strid med mållova sitt krav om å bruke minst 25 prosent av båe målformene. Medan berre 2,5 prosent av studentane ved UiO krev nynorsk eksamen kvart år, er det tilsvarande talet i Bergen 14 prosent. Når ein veit at nynorskbruken varierer sterkt mellom ulike landsdelar, veit ein dermed at studentfordelinga mellom dei ulike universiteta er tendensiøs.

Dei fleste er samde om at korkje storleiken, prisen eller opphavet til foreldra si bokhylle skal vera avgjerande for om nokon søker seg UiO. Heller ikkje ei grisgrendt plassering av denne bokhylla skulle utgjera ei avgjerande stengsle. Oslo burde vera ein like tilgjengeleg studiestad anten du er frå Røa eller Røros, sjølv om lite tydar på at det er slik i dag. Tala indikerer heller at mange kan kjenne seg uvelkomne på universitetet i hovudstaden på grunn språket sitt. Det er i så fall ein pinleg situasjon å vera i 2010.

Det er openbart mange grunnar til at vi treng eit universitet utan alt for store elfenbeinstendensar. UiO tilbyr ein del fag som få eller ingen andre institusjonar kan skilte med, og bør derfor ha eit særskilt ansvar for å framstå som ope og tolerant. Ingen bør velja vekk desse faga på grunn av språket sitt. Oslo har også ein del tilbod og funksjonar andre byar manglar, og som det er viktig at folk har høve til å ta del i same kvar i landet dei kjem frå.

I tillegg blir den akademiske kulturen og produksjonen styrkt av fleire perspektiv. Etniske minoritetar har fått eit særskilt fokus på grunn av denne innsikta, det same bør gjelde språklege mindretalsgrupper. I kjølvatnet av dette følgjer politiske konsekvensar. Universitetet i Oslo gir viktige føringar på den nasjonale universitet-, høgskule-, utdannings- og forskingspolitikken, og når dei som styrer denne institusjonen også kjem frå Oslo og det sentrale austlandet vil det vera ei forsterkande, sentraliserande effekt. Definisjonsmakta rår.

Oslo er lokalsamfunn, men også hovudstad. UiO burde vore ei entusiastisk drivkraft i prosessen med å utvikle ein hovudstad for heile landet, heller enn ein slapp bremsekloss. Universitetet har ein relativt ny leiarskap som framleis har høve til å vise at dei vil gjera noko for å auke og styrke nynorskbruken. Så står det att å sjå. Vetet er jamt fordelt, men neppe evna til å ta det i bruk.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kommentar

Kreativitet og engasjement skaffer ikke lyttere alene.

Radio Gaga

Studenter som somler må ta ansvaret selv.

Slutt å syt, begynn å yt

Oslostudenter må få mer studiestøtte enn andre.

Ikke rom i herberget

Studentoffentligheten sitter fast

Kraften fra 1982

Kjønnspoeng er en løsning for å få flere menn til å studere psykologi. Men la oss stoppe der.

Forskjellsbehandling for framtida

Taktfullt toneskifte?

Mindre praktikk er ikkje nødvendigvis negativt. Institutt for Musikkvitskap bør halda på eigenarten den har i staden for å ropa om hjelp for å behalda utdanninga av musikarar som ikkje får jobb.

Kommer vi til å savne Tora Aasland mer enn vi tror?

Ministerskifter


Flere saker fra kommentar »