Annonse

annonser i Universitas

Illustrasjon:Julius Vidarssønn Langhoff

Ikkje kast studentane!

Studentstyring av samskipnaden er ikkje ein fare for velferda. Det er ein garanti for at studentane har eit tenestetilbod i det heile.

Stortinget er ikkje nedlagt fordi det norske samfunnet har vorte meir komplekst.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet er det laga ein rapport om organiseringa av studentsamskipnadene i Noreg. I rapporten blir det sett på styresamansetning og økonomi og det blir framført ei rekkje kritiske innvendingar til måten samskipnadene i dag er organisert på. Universitas hadde ei sak på dette for to veker sidan. Selskapet som har produserte rapporten, BDO Noraudit, er ingen politisk aktør, og skal derfor ikkje vera gjenstand for kritikk i denne samanhengen. Det er likevel på sin plass å åtvare departementet om å følgje ein del av tilrådingane.

Av det mest oppsiktsvekkjande i rapporten, er dei kritiske innvendingane mot at studentane kan ha fleirtal og styreleiarvervet i ein samskipnad. Det har dei i Studentsamskipnaden i Oslo (SiO). Rapporten er basert på spørjeundersøkingar blant tjuefem studentsamskipnadar, men det er ikkje presisert kven som har spelt inn kva. Ung alder og manglande kompetanse blir referert til som hovudinnvendinga mot studentstyring. Dette minnar til forveksling om gode, gammaldagse hersketeknikkar.

Studentar må sjølvsagt ha makt i ein samskipnad. Det er det, grovt sett, to hovudårsakar til. I følgje lova om samskipnader, er studentvelferd hovudføremålet med opprettinga. Om velferdstenestene skal bli slik studentane ønskjer, som jo må vera hovudpoenget, er det avgjerande at dei deltek i styringa. I tillegg er studentane inne med tunge økonomiske bidrag. I 2008 utgjorde inntektene frå semesteravgifta nærare tretti millionar kroner. Til samanlikning var det statstilskotet til generelle velferdstiltak drye fem millionar.

At studentdemokratiet, i vårt tilfelle Velferdstinget, har makt til å tilbakekalle styremedlemmar, blir framstilt som uheldig for økonomistyringa. Det blir mellom anna vist til eit tilfelle der styrerepresentantar er kasta på grunn av prisauke på bustader. Om departementet også skulle meine at dette er forstyrrande element i samskipnadsdrifta, er det fare på ferde. Styrerepresentantane sit på mandat frå studentane som har valt dei. Om dei får klare signal på kva som er ønskja politikk, og ikkje følgjer opp, ligg det i demokratiet sin nådelause natur at dei risikerer sanksjonar.

Som det blir peika på i rapporten, står samskipnader overfor både store oppgåver og store utfordringar. Omfattande og komplekst tenestetilbod, i tillegg til ulike omstillingsprosessar, er med å auke behovet for høg kompetanse i samskipnaden. Men at tenestetilbod som det krev høg kompetanse å drifte, også treng mindre innslag av demokratisk styring, er i beste fall ein gedigen bløff. Stortinget er ikkje nedlagt fordi det norske samfunnet har vorte meir komplekst. Truleg har det fått mindre makt, men det er iallfall ingen grunn til å fjerne folkestyret. På same måte er med studentsamskipnadene. Ein må sørgje for høg kompetanse blant dei tilsette og i rådgjevingsfunksjonane, ikkje fjerne det demokratiske ankerfestet.

I rapporten blir det også føreslått å kutte i tenestetilbodet på grunn av endra konkurransetilhøve. Kanskje er det riktig, men om ein får ei samskipnadsleiing som er mest oppteken av å slanke organisasjonen, er grunnpilaren borte. Noko som igjen viser kor viktig det er at samskipnaden blir styrt av og for studentar. Det er garantien for at han i det heile er der.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kommentar

Når studenter ikke får faste jobber, må vi få orden på de midlertidige.

En tryggere usikkerhet

Kari Toverud Jensen må gå.

Rektor uten tillit

Studenter rådes til å velge fag som gir jobb. Det vil på sikt føre til uengasjerte arbeidstakere.

Kjærlighet til kunnskap

Det bør straffe seg å spise kjøtt. Hvorfor premierer da SiO klimafiendtlig kjøttforbruk?

Den vegetariske våren

Pennen er ikke mektigere enn tastaturet.

Fremtidsfrykten

Tyverisaken mot Kari Toverud Jensen har synliggjort hennes manglende lederevner.

Rektorens hemmelighet

Tida då universitetsutdanning var reservert for eliten er over.

Klassisk klagesong

Innvandrere skal inn i høyere utdanning. I stedet surres de inn i kunnskapsministerens byråkrati.

Klister-Kristin

Mens høyskolene blir universiteter ligner universitetene stadig mer på høyskoler.

En Stjernø skinner i natt

Statsviterne på UiO er vei til å gjøre seg selv irrelevante.

En mammut på museum


Flere saker fra kommentar »

Annonse

Kjøp bok

Eks: «Rørlegger» Mer info
Brilleland, 15% studentrabatt