Annonse

annonser i Universitas

Illustrasjon:Anders Nordmo Kvammen

Ta universiteta tilbake!

Det er typisk norsk å vera god. Utover det veit norske politikarar lite om kva dei skal bruke universiteta sine til.

I framtida blir det viktig å vera best, og da må ein prioritere ressursane.

Etter regn kjem som kjent sol, og etter forskingsmeldinga kom det ei gladmelding. Universitetet i Oslo får 14 millionar kroner ekstra å rutte med, og samstundes blir det oppretta 300 nye studieplassar. Høgare utdannings- og forskingsminister Tora Aasland er klar på kvar ho vil stase på nasjonalt plan: Lærarutdanning, realfag og helsefag er blant dei utvalte. Dette inneber to ting vi ikkje har sett på lenge. Sterkare basisfinansieringar og ikkje minst, politisk styring av utdanningstilbodet.

I 2003 trådde kvalitetsreforma nådelaust i kraft. Sidan den tid har norsk utdannings- og forskingspolitikk dreia kraftig i retning av marknadsstyring. Ikkje i den forstand at det er slutt på fri forsking og at Rimi-Hagen og alle hans menn har overteke styreromma. Først og fremst handlar det om prinsippa for finansiering. På utdanningssida inneber det at pengane i større grad skal følgje studentane, og at løyvingane svingar i takt med talet på avlagde studiepoeng. Du må kort og godt vera populær for å overleva. Om studentane sviktar, strammar pengesekken til, uavhengig av om utdanninga som blir råka kunne tent eit langsiktig politisk mål.

Prosess faglege prioriteringar er ein del av denne karusellen. Eitt av hovudprinsippa bak prosessen er å vidareutvikle fagområde der universitetet har «komparative fortrinn», altså forskingsfelt der dei, samanlikna med andre universitet i inn- og utland, er spesielt flinke, eller har gode føresetnader for å bli det. Breiare framtidsvisjonar frå politisk hald er vanskeleg å spore i universitetet sine strategidokument. Rett nok er eit anna uttala mål med dei faglege prioriteringane å dekke «klare behov» i arbeidslivet, men dette er langt vanskelegare å definere enn «komparative fortrinn», nettopp fordi det er eit prioriteringsspørsmål.

Rektor Geir Ellingsrud har fleire gonger uttrykt ønskje om og behov for at Universitetet i Oslo skal hevde seg internasjonalt. Kosmopolitisk sinnelag og verdsvand haldning kan sikkert vera medverkande årsaker til det, men like mykje handlar det om å ikkje bite den handa som gir han mat. Norske politikarar vil at Noreg skal hevde seg internasjonalt. Noreg er ein svært deltakande part i Bologna-prosessen som har som mål å gjera Europa til eitt felles utdanningsområde, helst innan 2010. EU jobbar tett på Bologna-prosessen, og er mellom anna i ferd med å utarbeide rankinglister for europeiske utdanningsinstitusjonar. I framtida blir det viktig å vera best, og da må ein prioritere ressursane.

Det er ingenting gale i å samarbeide internasjonalt. Problemet oppstår når visjonen blir å vera «god» generelt, utan at ein veit kva ein vil bli god på. Tora Aasland og pengepotten hennar bryt med dette mønsteret. No begynner regjeringa å vite kvar dei vil med utdanningssektoren sin, og det er bra. Helse, utdanning og forsking på fornybare energikjelder er sektorar der marknaden ikkje åleine skaffar nok arbeidskraft, men tvert om fører til at det blir for lite. Politisk satsing er avgjerande for å rette opp i dette, og 300 nye studieplassar ved UiO er ein god start. Så la oss håpe at det er nettopp ein start, og ikkje eit siste desperat krampetrekk før valkampen set inn.

En kommentar

Joms Sparke Olvefrylte

I framtida må vi være best? Hva er det å være best? ´Å være best´ kan bety 1000 ting. Men om vi definerte ´å være best´ entydig og ble best på den måten, er det allikevel ingen garanti for at det vil bety noe og verdsettes i resten av verden. Jeg for eksemper er best i verden i gytrejipp men jeg har enda ikke klart å overbevise noen om hvor flott dette er og de ler tilogmed av meg når jeg nevner det. Dette har lært meg at troen på å være være best bare er metafysisk tull og en barnslig lek med ord som tenkende mennesker forlengst burde ha gjennomskuet.

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kommentar

Kreativitet og engasjement skaffer ikke lyttere alene.

Radio Gaga

Studenter som somler må ta ansvaret selv.

Slutt å syt, begynn å yt

Oslostudenter må få mer studiestøtte enn andre.

Ikke rom i herberget

Studentoffentligheten sitter fast

Kraften fra 1982

Kjønnspoeng er en løsning for å få flere menn til å studere psykologi. Men la oss stoppe der.

Forskjellsbehandling for framtida

Taktfullt toneskifte?

Mindre praktikk er ikkje nødvendigvis negativt. Institutt for Musikkvitskap bør halda på eigenarten den har i staden for å ropa om hjelp for å behalda utdanninga av musikarar som ikkje får jobb.

Kommer vi til å savne Tora Aasland mer enn vi tror?

Ministerskifter


Flere saker fra kommentar »