Annonse

annonser i Universitas

Illustrasjon: Anders Nordmo Kvammen

Ditt sterkaste kort

Kutta vil koma til eit institutt nær deg. Stem!

Så fort budsjettkniven skal slipast, er det studentane som blir råka.

Studentparlamentsvalet er her på nytt. Skrikande plakatar og glorete politikarspirer lyser mot deg frå morgon til kveld, og studentpressa har i vekevis servert metervis med maktkåte svinepelsar og dampande valflesk. Truleg er du mektig lei av dei alle for lenge sidan. I denne kommentaren blir du likevel oppmoda til å vende det overberande kinnet til. Tilgi dei villfarne, for det finst andre der ute som veit kva dei gjer. Bruk stemmeretten din!

Studentparlamentet er eit svevande vesen. Det manglar eit storting si vedtakskraft, og ein interesseorganisasjon sin einskaplege profil. Dette kan vera delar av forklaringa på at det er vrient å forstå seg på og vanskeleg å sjå nytten av. Det er mykje ved studentpolitikken som ikkje fungerer som det skal, og det trengs truleg ein kraftig snuoperasjon i dei indre organa. Men det er trass i alt den interesseorganisasjonen studentane ved Universitetet i Oslo (UiO) har.

Dei som skal slåst for medstudentane sine treng tyngde. Valoppslutninga blir utan tvil nytta som ein lakmustest på kor sterkt det jamne studentengasjementet er, og dermed kor farleg det er å overkjøre. Da 69 prosent av studentane ved Kunsthøgskolen deltok under førre rektorval der, var det stor semje om at dette spegla temperaturen i konfliktane som hadde herja.

Det føregår ein reell kamp mellom tilsette og studentar ved UiO. Så fort budsjettkniven skal slipast, er det studentane som blir råka. Det er lettast å kutte i seminarundervisninga. Det har leiinga ved økonomisk institutt, statsvitskapleg institutt og ikkje minst Det juridiske fakultet vore føregangsdøme på. Dette burde ikkje overraske nokon.

Universitetet sine eigne undersøkingar viser at vitskapleg tilsette gjennomsnittleg ønskjer å undervise mindre, og samstundes er det dei som styrer heile butikken.

Det finst døme i fleng på gjerrige åtak på studentane. UiO ser seg ikkje råd til eksamensavvikling andre stadar enn på dei sårt tiltrengte lesesalsplassane, trass i at fleire andre universitet har fast praksis med å leige eksterne lokal. Nynorskstudentar blir år etter år etter år bedne om å trekkje kravet om eksamen på hovudmålet fordi det vil koste universitetet pengar. Når dekanen på Det juridiske fakultet synes studentar som har allergiproblem heller bør utsetja prøvene eit halvt år enn å snike seg til særskilte tilretteleggingar i pollensesongen, er det nok eit døme på lite imøtekomande haldningar.

Studentane sjølve er den viktigaste drivkrafta i å hindre at denne utviklinga held fram. I tråd med kvalitetsreforma blir pengestraumane frå staten styrt etter studenttal og gjennomstrøyming. Studentoppfølginga burde i prinsippet vera viktigare enn nokon gong, men det har vist seg å ikkje vera realiteten. Studentane har altså eit pressmiddel dei så langt har gjort lite nytte av. Første steget på vegen er å stemme. Setelen du denne veka kan klikke i urna er truleg ditt sterkaste kort i kampen for eit universitet som tek studentane på alvor. Også når det strammar til.

En kommentar

Magnus Nystrand

Så enig, så enig. Godt skrevet og godt sagt. Om folk ønsker å bidra mer konkret: Invitér deres virtuelle venner til Facbook-"stemmeaksjonen" -Et lite klikk?- allerede 180 attending. Studentaksjonistene er happi så lenge folk stemmer.

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kommentar

Kreativitet og engasjement skaffer ikke lyttere alene.

Radio Gaga

Studenter som somler må ta ansvaret selv.

Slutt å syt, begynn å yt

Oslostudenter må få mer studiestøtte enn andre.

Ikke rom i herberget

Studentoffentligheten sitter fast

Kraften fra 1982

Kjønnspoeng er en løsning for å få flere menn til å studere psykologi. Men la oss stoppe der.

Forskjellsbehandling for framtida

Taktfullt toneskifte?

Mindre praktikk er ikkje nødvendigvis negativt. Institutt for Musikkvitskap bør halda på eigenarten den har i staden for å ropa om hjelp for å behalda utdanninga av musikarar som ikkje får jobb.

Kommer vi til å savne Tora Aasland mer enn vi tror?

Ministerskifter


Flere saker fra kommentar »