Annonse

annonser i Universitas

Forskingshysteri

Rektor Geir Ellingsrud har utretta meir enn dei fleste trur. Han har tala Stortinget midt imot, og overkjørt viktige delar av Kvalitetsreforma.

Universitetet må yte noko meir enn ein nedsliten lesesalspult om dei trur studentane skal bli verande.

Prosess faglege prioriteringar kom i grevens tid. Ikkje før hadde universitetsstyret banka strategien igjennom, før fakultet og institutt fekk eit gyllent høve til å setja han om til praksis. Institutt for statsvitskap har, som mange andre, fått signal om budsjettkutt, og på grunn av dette føreslått å fjerne seminarundervisninga i nesten alle seminar på 1000-nivå. Studentrepresentantane i Universitetsstyret hevda for kort tid sidan at eit løft av mastergraden, som strategidokumentet frå Det samfunnsvitskaplege fakultetet påla, ikkje skulle innebera kutt på lågare grad. Men dei tok altså feil. Prosess faglege prioriteringar er ikkje noko skrivebordsdokument. Så veit vi det.

Bak alt dette lurer Kvalitetsreforma. Da denne vart innført hausten 2003, var det lagt opp til store endringar i høgare utdanning. Mellom anna kortare studieløp og meir undervisning. Trond Giske, mannen bak reforma, uttala at høge strykprosentar blant studentar var hovudgrunngjevinga. I stortingshandsaminga av reforma vart det vedteke at «oppfølginga av den einskilde student skal seinast frå og med haustsemesteret 2003 styrkast vesentleg, mellom anna med meir seminarundervisning og individuell vegleiing på lågare grads nivå.» No skjer det stikk motsette. Seminarundervisning for bachelorstudentar er det første som ryk når budsjetta strammar til.

Politiske signal frå Stortinget blir ikkje følgt opp i akademia. Det er ikkje berre resultat av uføresette budsjettkutt, men også ei avgjerd som ligg til grunn for langsiktige prioriteringar. Visjonen bak dei faglege prioriteringane har vore ein annan enn å fremje studentane. Her har først og fremst forskinga stått i fokus og fått leggje premissane for undervisingssatsinga, ikkje omvendt. At mastergraden har styrka stillinga si er ei naturleg følgje av dette. Også under debatten om framtidig universitetsstruktur i Noreg, valde Ellingsrud å framheve forskingsaktiviteten, og korleis denne kunne plassere Universitetet i Oslo (UiO) i verdsklassen. Ikkje overraskande, når internasjonale rangeringssystem, som Shanghai-rangeringa, legg stor vekt på forskingsmerittar.

UiO tener godt med pengar på å få studentar til å strøyme igjennom. Men dette kan ikkje skje heilt av seg sjølv. Universitetet må yte noko meir enn ein nedsliten lesesalspult om dei trur studentane skal bli verande. Institutt for statsvitskap kan så langt i år vise til fire prosent stryk, og har jamt over ligge på ein låg strykrate. Dei treng altså ikkje frykte store fall i statlege løyvingar ved litt svelteforing av dei nyimmatrikulerte. Studentane sjølve bør derimot ikkje godta at dei blir gåande for lut og kaldt vatn.

For det er dette vi har studentpolitikk til. Å seia ifrå når studentane tydeleg og systematisk blir nedprioriterte. Så er det ingen tvil om at dei tillitsvalde vil ha større gjennomslagskraft dersom fleire går til urnene og stemmer når det er val. Framtidige rektorkandidatar må dessutan utfordrast. Om tørsten etter internasjonale rangeringar innan forsking er sterkare enn iveren etter at eigne studentar skal få ei god utdanning, er det feil person for jobben.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kommentar

Kreativitet og engasjement skaffer ikke lyttere alene.

Radio Gaga

Studenter som somler må ta ansvaret selv.

Slutt å syt, begynn å yt

Oslostudenter må få mer studiestøtte enn andre.

Ikke rom i herberget

Studentoffentligheten sitter fast

Kraften fra 1982

Kjønnspoeng er en løsning for å få flere menn til å studere psykologi. Men la oss stoppe der.

Forskjellsbehandling for framtida

Taktfullt toneskifte?

Mindre praktikk er ikkje nødvendigvis negativt. Institutt for Musikkvitskap bør halda på eigenarten den har i staden for å ropa om hjelp for å behalda utdanninga av musikarar som ikkje får jobb.

Kommer vi til å savne Tora Aasland mer enn vi tror?

Ministerskifter


Flere saker fra kommentar »