Tora, du må vakne
Det finst enno grenser for kor godt utanlandsstudentane skal ha det.
Aasland har truleg ikkje kome ut av feriedvalen enno.
Tora Aasland har blåst støvet av bajonetten. Skytset har fått ei ny og uventa vending, og det er interesseorganisasjonen til norske studentar i utlandet, Association of Norwegian Students Abroad (ANSA) som får gjennomgå. Dei får på pukkelen for å jobbe for mykje på einskildsaker, ha for lite heilskapsperspektiv og å bry seg meir om studentmobilitet enn utveksling av forskarar. Ein kan få hakeslepp av mindre.
Som kjent er den beste måten å få gjort mykje, å gjera ein ting om gongen. Å jobbe med einskildsaker er altså naudsynt for å koma nokon veg i det heile. Sakene som har fått merksemd siste året handlar mellom anna om å styrke høvet til å studere i USA, om å hindre kutt i stønaden til studieavgifter ved velrenommerte institusjonar i Storbritannia og å ta grep mot useriøse formidlingsagentar. Det er altså ikkje trivialitetar det er snakk om, men saker av både viktig og prinsipiell karakter.
At ANSA fokuserer på studentmobilitet burde elles ikkje overraske nokon. Forskarmobilitet står ikkje nedfelt i føremålsparagrafen til organisasjonen, og dei tillitsvalde ville dermed gått utanom mandatet sitt, om dette vart sett høgt opp på dagsordenen. Ressursane er avgrensa, og innsatsen bør nyttast for å ivareta interessene til medlemmane, studentar i utlandet. Eventuelt unge menneske som ikkje kjem seg dit på grunn av manglande politiske vilje til finansiering.
Å påstå at ANSA manglar perspektiv, blir også noko søkt. Organisasjonen var raskt ute med å rope varsku da det viste seg at nordmenn er på botn i OECD når det gjeld utveksling og at Noreg i tillegg er eit lite populært land å utveksle til. At talet på norske studentar i Tyskland er i dramatisk fall, til stor uroing frå norsk nærings- og samfunnsliv, er også noko ANSA har take aktivt tak i. Studentane er altså på banen og i forkant med oppgåver som regjeringa elles hadde stått meir åleine om, og det påfallande at dette ikkje blir varmare motteke.
Aasland har truleg ikkje kome ut av feriedvalen enno. Rett nok er solsenga pakka bort, og dei politiske ermene på ny bretta opp. Men kritikken er uklar, og argumentasjonen syltynn. Kva utdannings- og forskingsministeren kan oppnå med desse vasne og halvferdige utsegnene er enda meir dunkelt. Eitt svar kan vera at i politikken, som elles i livet, er åtak det beste forsvaret. Medierådgjevarane i maktkorridorane har klekt ut ein ny strategi for å få ANSA til å verke som kravstore bråkmakarar, og statsråden ansvarleg og visjonær.
For ein kan vel aldri tru at Aasland verkeleg meiner at studentutveksling og ANSA ikkje er noko som bør stå høgt på dagsorden? At norsk forsking skal bli redda opp av kvileskjeret ved å la utanlandsstudentane segle sin eigen sjø? Nei, den tvilen skal få koma statsråden til gode. I denne omgangen er det nok å stadfeste at ministeren, så vel som ANSA sjølv, bør ha alt å tene på eit varmt og godt samarbeidsklima, og at grunnane til å utfordre dette bør vera svært gode.












