Annonse

annonser i Universitas

Studentdemokratisk fallitt

Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo er korkje fugl eller fisk. Knapt nok ei mus.

Heller ikkje denne gongen har ein klart å bikke ti prosent på valoppslutninga.

Mikkemus-demokratiet rir atter universitet. Heller ikkje denne gongen har ein klart å bikke ti prosent på valoppslutninga, trass lodne kostymer og storstilte omstruktureringar. Valkampen har som vanleg ikkje vore vital, men heller prega av gammalt nytt og vasne løfter. To veker før valet kunne ikkje ein einaste fraksjon skilte med eit ferdig valprogram, og dei mykje omtalte elektroniske valurnene hadde ingen sett.

Demokrati er per definisjon eit fleirtalsstyre. Når berre ti prosent av veljarmassen over så lang tid deltek i valet, blir ein nøydd til å ta systemet opp til vurdering. Ein organisatorisk oppvask er påkravd, og for så vidt også påbegynt. Men luten må nok vera sterkare enn elektronisk val og omgjering av universitetet til ein stakkars stor valkrins. Venstrealliansen, som snart skal gå på med siger, har kjørt valkamp på betydeleg maktoverføring frå Studentparlamentet til dei lokale studentutvala. Det er truleg einaste vegen å gå.

Trass i at studentar flest er oppegåande, vakne og engasjerte menneske, finst det grenser for kva som set eit travelt studenthjarte i brann. Pensummengde, organisering av studieopplegg og fysisk læringsmiljø, er likevel noko dei fleste har meiningar om, og som det er langt lettare for student- og fagutval å arbeide med, enn for Studentparlamentet. Parlamentsfraksjonane er kvart år fulle av løfter om korleis undervisninga, eksamen og læringsmiljø skal endre seg, utan at noko skjer.

I Universitas 2. april i år vart det slått fast at korkje Sosialdemokratane sitt løfte om fjerning av obligatorisk undervisning, Moderat Gruppe sine rop om sterkare konsekvensar av emneevaluering eller Grøn Liste sitt krav om opne lesesalar i eksamenstida hadde fått gjennomslag. Felles for alle desse framlegga er at dei er generelle og i utgangspunktet skal gjelde alle fag, noko som ikkje let seg gjennomføre. Til dømes vil medisin og samfunnsøkonomi vera svært ulike både når det gjeld undervisningsopplegg og naudsynte fasilitetar. Slik har Studentparlamentet avgrensa legitimitet innanfor desse områda.

Også i samband med statsbudsjett og velferdspolitikk har studentar opplevd manglande gjennomslag. Ein kan neppe utelukke at ei minimal valoppslutning lokalt gjer det lettare for regjeringspolitikarar å stå imot studentrørsla nasjonalt. Sviktande valdeltaking får konsekvensar på fleire plan, og hardtarbeidande studentpolitikarar opplever gong på gong å møte veggen. Nettopp derfor er oppslutning om studentdemokratiet så himla viktig.

Det er ingen tvil om at studentane sine heiltidspolitikarar på mange område gjer ein god jobb. Innsatsen som er lagt ned mot nemnte kutt i statsbudsjett viser oppriktig engasjement for studentar sitt ve og vel, og tilbakemeldingane frå studentmassen står knapt i høve til jobben som blir gjort på deira vegne. Sjølv om det kan vera freistande å avfeie heimesitjande studentar som utakksame og late, blir det likevel eit absurd argument for å tvihalde på det Studentparlamentet vi kjenner i dag. Makt og gjennomslag krev fleirtal, og lite er større prov på det enn den manglande politiske handlekrafta hos Studentparlamentet.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kommentar

Kreativitet og engasjement skaffer ikke lyttere alene.

Radio Gaga

Studenter som somler må ta ansvaret selv.

Slutt å syt, begynn å yt

Oslostudenter må få mer studiestøtte enn andre.

Ikke rom i herberget

Studentoffentligheten sitter fast

Kraften fra 1982

Kjønnspoeng er en løsning for å få flere menn til å studere psykologi. Men la oss stoppe der.

Forskjellsbehandling for framtida

Taktfullt toneskifte?

Mindre praktikk er ikkje nødvendigvis negativt. Institutt for Musikkvitskap bør halda på eigenarten den har i staden for å ropa om hjelp for å behalda utdanninga av musikarar som ikkje får jobb.

Kommer vi til å savne Tora Aasland mer enn vi tror?

Ministerskifter


Flere saker fra kommentar »