Den kjipe middelveg
Universiteta tapar søkjarar til høgskulane. Kvifor er eg ikkje overraska?
3,9 prosent færre vil til det største universitetet i Noreg i år enn i fjor. Det er noko UiO og Oslo bør sjå alvorleg på.
Studentane har talt, og tala frå Samordna opptak seier sitt. Universiteta tapar søkjarar til høgskulane i distrikta. Berre universitetet i Stavanger har større prosentvis fall i søkertal blant universiteta enn Universitetet i Oslo (UiO). 3,9 prosent færre vil til det største universitetet i Noreg i år enn i fjor. Det er noko UiO og Oslo bør sjå alvorleg på.
Oslo må no knive med Nesna, Ålesund og Narvik. For det er der studentane søker seg. Høgskulen i Nesna har hatt ein auke på 42,2 prosent sidan i fjor. Resonnementet om at i større byar er det dårligare studiemiljø, har kanskje fått verknad for kva byar vidaregåandeelevane søker seg til. Som Marianne Granheim Trøyflat skreiv i ein kommentar i Universitas i januar, slår Oslo sitt image som studentby sprekkar. Politikarane speglar seg i glansen kvart år når store mengder nye studentar veltar inn i byen, men strekk seg ikkje når tilhøva skal leggast til rette for dei. Studentane er høgst truleg dei einaste som ikkje får glede av dei nye reduserte kollektivprisane i Oslo. Og til trass for eldsjeler og baluba frå tid til annan, greier ikkje Oslo å bygge opp det sosiale miljøet mindre byar får til. Oslo vert ikkje ein studentby, men ein stor by med studentar i. Og ein slik by er det nok mange førstegangsstudentar som ikkje kjenner seg heime i.
Då eg byrja på UiO tenkte eg at no byrja eg på ein tung institusjon med eit tradisjonsrikt og sjølvsikkert fundament. Det var andre realitetar som møtte meg. Overgongen til kvalitetsreforma, hadde røska røtene opp, og verken studentane, professorane eller administrasjonen verka å vite heilt kva det nye universitetet eigentleg skulle vere. Kvalitetsreforma gav nye moglegheiter på mange områder, men øydela for mykje av det som skilde universiteta frå høgskulane. Studentane skulle følgjast skikkeleg opp med attendemeldingar undervegs i semesteret og ikkje berre eksamen som vurderingskriterium. Ein skulle altså ofre tanken om universitetet som ei fri utdanning kor alt låg opp til studenten for at illusjonen om oppfølging skulle byggast opp. Det ein må spørje seg er: Har universitetet som utdanningsinstitusjon tent på dette? Eg meiner årets søkertal gjev eit negativt svar.
Ei undersøking frå NIFU-Step frå 2005 syner at misnøye med studiane, inkludert fagleg attendemelding, har tyding når studentar vel å skifte lærestad. Eg trur ikkje det er det i seg sjølv at universiteta har byrja å skulle følgje studentane tettare opp som har drive søkertala ned eller svekka utdanninga, men heller det at universitetet ikkje kjenner seg vel i den nye rolla. Førstegangssøkarane kjem frå vidaregåande og er vand med obligatorisk skule. For desse verkar det nok tryggare å søke seg til ein høgskule som er kjend med å skulle følgje studentane opp med attendemeldingar og obligatorisk aktivitet, enn eit universitet som verkar å ha få det tredd over hovudet. Når resultatet der i tillegg er store klassar og eit seminar innimellom som legg opp til avskrift frå pensum, er det ikkje rart høgskulane vinn fram.
Det er på tide universitetet får landa og gravd ned røtene sine att, og bestemd kva det skal vere. Då trur eg søkarane kjem attende og.












