Annonse

annonser i Universitas

Forsikringsbedrageri

Leiaren i Studentparlamentet synes det er greitt å halde velferdsgode hemmeleg for studentane.

Illustrasjon:Anders Nordmo Kvammen

Nokon ønskjer ikkje denne ordninga livets rett

Informasjon om Norsk Studentunion (NSU) sitt nye forsikringstilbod blir medvite halde tilbake ved to av dei største lærestadane i Noreg. Studentparlamentsleiaren i Oslo, Heine Skipenes, forklarar at han ikkje ønskjer framande aktørar på campus, og Øyvind Mikalsen, leiar av Tromsø NSU, seier han ikkje vil vera nokon «løpegutt for private aktører». Dette er mildt sagt merkelege grunngjevingar for å ikkje følgje opp eit demokratisk vedtak frå moderorganisasjonen.

I tillegg til skadeforsikring, vil NSU tilby uføre- og livsforsikring. Studentpolitikarane bør derfor vite at spreiing av den glade forsikringsbodskapen ikkje handlar om å plassere ynglande torpedoar i skulegarden, men å sikre at alle som studerer ved universitetet skal ha kjennskap til ordninga. Dei påkravde tiltaka, som plakatar og nettsideoppdatering, er lite ressurskrevjande, og det er dei ansvarlege truleg klar over. Det må vera andre årsaker til at herskapet på Villa Eika ikkje vil tene den uforsikra veljarmassen sin.

Eit tidlegare argument i debatten har vore at tilbodet vil diskriminere mellom friske og sjuke studentar. Det er absolutt prisverdig at dette omsynet blir ivaretake, men ein må likevel tvinge seg sjølv til å sjå på kva som er alternativet. Nemleg at ingen studentar, heller ikkje friske, ville fått betre forsikringsordningar. I lys av dei føremonene som no trass i alt er framforhandla, blir det ekstra påfallande når NSU-leiaren Per Anders Langerød meiner det er «fint» at lokallaga sjølve kan vurdere om dei vil promotere ordninga.

Det er hevda at NSU korkje har mandat eller kompetanse til å forhandle fram ei slik avtale. At ordninga vil seinke prosessen med å inkludere studentar i arbeidsmiljølova er også ein velbrukt påstand. Når vi samstundes veit at fleire fagforbund står parat til å gje studentmedlemmar attraktive forsikringstilbod, er det nærliggjande å spørja om det også finst argument som ikkje er så synlege i debatten.

Nokon ønskjer ikkje denne ordninga livets rett. Dersom studentpolitikarar synes det er greitt å dysse forsikringsavtalen ned, for å sikre fagorganisasjonane rekruttering, er det iallfall på tide å diskutere kva mandat studentunionen har. Uansett er det på tide å ta bladet frå munnen og NSU-pisken fram frå skåpet. Inntil andre vedtak er gjort, vil den noverande ordninga gjelde og forplikte. Ein avtale er ein avtale.

Det er ikkje akseptabelt at Studentparlamentet i Oslo let vera å informere lokallagsmedlemmane sine om eit velferdstilbod som er meint å gjelde studentar i heile landet. NSU sentralt må presse på for at forsikringstilbodet blir kjent også i Oslo og Tromsø, og ikkje gøyme seg bak latterlege ord om lokaldemokratisk forankring. Dersom dei ikkje gjer det, vil kanskje veljarane forsikre dei om at dei burde ha gjort det.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i kommentar

Kreativitet og engasjement skaffer ikke lyttere alene.

Radio Gaga

Studenter som somler må ta ansvaret selv.

Slutt å syt, begynn å yt

Oslostudenter må få mer studiestøtte enn andre.

Ikke rom i herberget

Studentoffentligheten sitter fast

Kraften fra 1982

Kjønnspoeng er en løsning for å få flere menn til å studere psykologi. Men la oss stoppe der.

Forskjellsbehandling for framtida

Taktfullt toneskifte?

Mindre praktikk er ikkje nødvendigvis negativt. Institutt for Musikkvitskap bør halda på eigenarten den har i staden for å ropa om hjelp for å behalda utdanninga av musikarar som ikkje får jobb.

Kommer vi til å savne Tora Aasland mer enn vi tror?

Ministerskifter


Flere saker fra kommentar »