Student, engasjer deg!

Folk har generelt vorte skikkeleg skuleflinke og ansvarlege – som sjølvsagt er svært positivt! Men det fører også til at dei fleste studentar eigentleg ikkje har tid til å engasjere seg, utover å dele innlegg på sosiale medium i ny og ne.

Publisert Sist oppdatert

Nokre oppgåver er viktigare enn pensum. Som til dømes å stoppe Noreg i å eksportere farlege klimaendringar til resten av verda i form av olje. Derfor har Natur og Ungdom og Greenpeace saksøkt den norske stat for brot på Grunnlovas § 112. «Vel, eg studerer _, også saksøkjer eg staten på sida», er vel ein bra samtaleopnar på fest? Natur og Ungdom har studentlag over heile landet, så kvifor ikkje engasjere seg der?

Les mer om søksmålet: Dette er studentene som ofrer alt for jordas fremtid

Studentlaga er ein blanding av Natur og Ungdom og Naturvernforbundet, så dermed kan ein arbeide med både klima og berekraft, og meir klassisk naturvern. På medlemsmøte planlegg ein typisk ting som verkstad, foredrag, matlagingskurs, hyttetur, plakataksjon, filmvisning, samarbeid med andre organisasjonar, og miljøpils.

Miljø og klima er diverre ikkje noko som ventar på at ein har tid til å engasjere seg i det

På NMBU har me blant anna hatt verkstad der me opplyste om og gav ut menskoppar til studentar, tapetsert campus med plakatar for oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja, og invitert til visning av Nausicaä – prinsessen fra Vindens Dal av Studio Ghibli (japansk animasjon med miljøbodskap). I anledning klimarettssaka gjekk me saman med Spire Ås og arrangerte rettssakrollespel, og fekk med professoren i samfunnsøkonomi som også vitna i den faktiske rettssaka.

Velferdsspillet: Schjøtt-Pedersen utfordrer studenter til å forestille seg en fremtid uten olje

Men så var det dette med tid, då. Ein ting er å kome med idear, ein annan å gjennomføre dei. For folk har generelt vorte skikkeleg skuleflinke og ansvarlege – som sjølvsagt er svært positivt! Men det fører også til at dei fleste studentar eigentleg ikkje har tid til å engasjere seg, utover å dele innlegg på sosiale medium i ny og ne. Gjerne har ein jobb på sida, og så er det alltid ein rapport, semesteroppgåve eller heimeeksamen å levere, ein deleksamen å øve til, trening å rekke, eit sosialliv å halde ved like, og plutseleg er det eksamenstid, og så dreg ein heim på ferie. Det var det semesteret.

Unge og engasjerte: Her er morgendagens politikerstjerner

Likevel, å engasjere seg i miljøet er ikkje tilsvarande ein ubetalt fulltidsjobb. Det kan vere å booke eit rom, bake ei kake, henge opp ein plakat, invitere folk på Facebook, ta eit bilete, sende ein e-post, kjøpe inn frukt og te, eller stå på stand i ein liten time. Dersom alle gjer éin ting går det plutseleg av seg sjølv. I tillegg har ein ofte ein god balanse mellom det faglege og det sosiale. Nokre gongar kan det funke å berre sjå film og lage middag saman.

Miljø og klima er diverre ikkje noko som ventar på at ein har tid til å engasjere seg i det. Ein får ikkje mykje meir fridom enn ein gjer i studietida. Og om ikkje du – kven? Om ikkje no – når?

Powered by Labrador CMS