GRATULERER: Studenttillitsvalgte i NTL Ung, Lone Lunemann Jørgensen (bildet), Marie Træland og Simen André Knutssøn vil feire bursdagsbarnet Lånekassen på 70-årsdagen. – Nokon har kjempa for at vi jobbar åttetimarsdag, at vi får stipend i tillegg til studielån, og at vi ikkje har skulepengar ved norske universitet og høgskular, skriver de.

Kjære Lånekassen, gratulerer med dagen!

LO har spelt ei viktig rolle i å bygge utdanningssamfunnet, gjennom mellom anna etableringa av Lånekassen som et verktøy for å sikre lik rett til utdanning for alle.

Publisert Sist oppdatert

Denne veka feirar vi Noregs desidert vakraste 70-åring – nemleg Lånekassen. Eit bursdagsbarn som berre har blitt betre med åra. Frå den spede starten i 1947, kor ein fekk rundt 1000 kroner i året – i lån. Etter andre verdskrigen skulle Noreg byggast opp igjen, og det var eit stort behov for arbeidskraft. Det var viktig for fagbevegelsen, då som no, at utdanning ikkje berre skulle vere noko for dei med tjukk lommebok, men også for vanlege folk. Vegen mot statleg studiefinansiering var eit faktum, og Lånekassen blei oppretta 1.november 1947.

Lånekassen blir 70 år: – Den har vært med på å bygge opp landet vårt

Ideen bak var strålande, og konsekvensane likeins. Vi har aldri vore fleire som tek høgare utdanning i Noreg i dag, og foreldra dine kan like godt vere mekanikarar eller omsorgsarbeidarar som advokatar og legar. Vi som studerer i dag er heldige.

Men – for det er alltid eit men: 75% av oss som studerer, har deltidsjobb utanom studia. Dette er eit problem. Ikkje fordi det er galt å skaffe seg arbeidserfaring, men vi må gjenreise ideen om heiltidsstudenten. Vi i NTL Ung jobbar for at det skal vere så bra som mogleg å vere student. Det er lesesalen som fyrst og fremst er arbeidsplassen vår, og det er der vi lærar det vi skal bidra med i arbeidslivet når vi er ferdige å studere. I tillegg vil vi auke stipenddelen til 50%, binde studiestøtta til to gonger Folketrygda sitt grunnbeløp (G), og ha ei politisk styrt, låg rente på studielånet.

Ikke tilfredse? Studenter forsøkte å svindle Lånekassen

Alt dette er det mogleg å få til. Men slik som alle andre rettar i arbeidslivet og ordningar i velferdssamfunnet, så er det ingenting som kjem av seg sjølv. Nokon har kjempa for at vi jobbar åttetimarsdag, at vi får stipend i tillegg til studielån, og at vi ikkje har skulepengar ved norske universitet og høgskular.

Universitas har sammenlignet studiestøtten og ølpriser fra 1980 og frem til i dag: Hvor mange øl har man kunnet få på statens regning?

Stadig fleire norske ungdommar er ikkje fagorganiserte, fordi dei ikkje veit kvifor det er lurt. Rettane i arbeidslivet og i studiekvardagen heng saman, og det er vi som studerer i dag som skal bygge landet når vi skal ut i arbeid. Difor ropar vi høgt hurra for Noregs vakraste 70-åring, og ynskjer velkommen på laget til dei som vil vere med å jobbe for eit arbeidsliv for framtida!

Powered by Labrador CMS