Foto: Privat
Foto: Privat

Språkpolitikk er leiaransvar

Vårens rektorval er i full gang, og dei to rektorkandidatane kappast om å tilby ein leiarstil som får institutta, fakuteta og studentane til å bløme av akademisk kunnskap og sjølvtillit. Men kva hjelper denne, ifølge kandidatane sjølve, nye retninga frå Problemvegen 7, viss ein ikkje kan trygge grunnleggande rettar hjå studentane – dei språklege? Universitetes språkpolitikk er sjeldan oppe til debatt. Derfor ønskjer Studentmållaget i Oslo å utfordre dei to rektorkandidatane på to språkpolitiske tema som er relevante for studentane: språklege rettar til eksamen, og språklege rettar ved auka digitalisering.

Eksamen. Ifølge føresegnene for eksamen ved universiteta i Noreg, skal alle studentar få eksamensoppgåva si på nynorsk når dei ber om det. Likevel veit vi at mange nynorskbrukande studentar ikkje får det. Det kom ogso fram i ei masteroppgåve levert våren 2015, at eit fleirtal av eksamenstekstene hadde til dels grove språkfeil. Trass i tilbod om gratis kurs i nynorsk frå Språkrådet, har ikkje universitetet tilbydd dei ansatte oppfriskingskurs i nynorsk. Kva tiltak kjem kandidatane til å setje i verk for å snu denne trenden?

Digitalisering. Universitetet digitaliserer stadig meir. Dette er bra, men ofte fell språklege rettar vekk i prosessen. Det siste døme på dette, er digitaliseringa av semesterkorta, som no skal haldast som app på telefonen og ikkje i papirform. Papiret kom på nynorsk om ein registrerte det i StudentWeb, medan appen berre er på bokmål. Appen har vore tilgjengeleg for utdanningsinstitusjonar i Noreg i over eit år. Diverre blir nynorskversjonen av ei digitalisert teneste nesten utan unnatak tilgjengeleg først månader etter at den blir open for bruk. Som landets største utdanningsinstitusjon har UiO eit fantastisk høve til å påverke at språkval ikkje blir gløymt ved digitalisering av tenester. Korleis vil rektorkandidatane jobbe for at nynorsk skal komma til, til same tid som bokmål?