Undervisningsplikta er eit nullsumspel

Publisert Sist oppdatert

I ordskiftet om karaktergrunngjevingar på UiO vert det gjerne lagt fram slik at sensorane ikkje vil bruka tida si på å skriva gode grunngjevingar. Men det er ikkje sant. Me som sensurerer brukar lite tid på karaktergrunngjevingar av di fakultetssleiinga ikkje vil at me skal bruka tida vår på det. Så endeframt er det.

I Universitas frå 15. februar fortel sensoren Nantje Fischer frå samfunnsvitskapleg fakultet (SV) at instituttet [gjev henne éin time per student] på å lesa seg opp på emnet, lesa og vurdera eksamensoppgåva, og skriva ei grunngjeving. I realiteten brukar ho to timar, fortel ho. Universitas gjev denne sensoren karakteren A. Meiner Universitas at det er god arbeidspolitikk at sensorane skal arbeida éin time gratis per student?

Brukar me meir tid på å sensurera eksamenar, so må me bruka mindre tid på anna undervisningsarbeid.

Dømet ovanfor viser at éin time per student er for lite. Men på humanistisk fakultet (HF), der eg arbeider, får me 30 minutt per student for same jobben. Det er verdt å seia oppatt: 30 minutt per student for å lesa seg opp på emnet for eksamen, lesa og vurdera oppgåva, og skriva karaktergrunngjeving. Og folk undrast på kvifor me skriv korte grunngjevingar?

Undervisningsplikta for oss fagleg tilsette er eit nullsumspel. Det er inga daudtid. Brukar me meir tid på å sensurera eksamenar, so må me bruka mindre tid på anna undervisningsarbeid. Det er leiinga som avgjer kor mykje tid me skal bruka på dei ulike oppgåvene. Universitas bør difor spørja dekanatet om kvifor dei prioriterer sensurering slik dei gjer, i staden for å gå på oss sensorar. Me berre gjer som me vert bedne om.

Powered by Labrador CMS